Det er plass til ein mann på stolen ved sida av meg, seier leiar i Fitjar kammerkor, Vida Larsen. Foto: Kjetil Rydland.

Mannakveld med korøving

Mannfolka i Fitjar kammerkor ynskjer å bli fleire, og derfor skipar dei til mannakveld onsdag i neste veke. 

 
– Me treng fleire mannsstemmer for å få betre balanse i koret, seier pressetalsmann Ole Bergesen til Fitjarposten, me er veldig sårbare med så få menn.

Han undestrekar at koret har ein utprega sosial profil. Dei øver og har det kjekt, og dei fleste er sikkert gode nok til å vera med i koret.

– Det blir stemmeprøve med dirigent Helge Haaland for å sjå om det fungerer, seier Bergesen.

Fitjar kammerkor består av både kvinner og menn, og dei øver ein gong i veka. Då er det alltid god stemning. 

- Annonse -

– Tereskelen for å komma inn er låg, og stemninga er ditto høg! seier Bergesen. 

Onsdag i neste veke held damene seg heime, og det blir mannakveld i Fitjar kultur- og idrettsbygg. Her blir det gruppeøving med mannsstemmene i koret. Ole lovar kaffi og kake i pausen. Han oppmodar alle menn i alderen 18 til 78 – som er glade i å syngja – til å møta fram.

– Er du mann og likar å syngja i dusjen, i bilen eller andre stader, bør du nytta høvet; du skal bli godt motteken! lovar Bergesen.

 


Denne trivelege gjengen øver saman ein gong i veka, men neste onsdag blir det berre menn. Foto: Kjetil Rydland.