Måndag 21. Mai 2018



Brenda Mata debuterte med utstilling i Galleri Losjen i dag, her saman med musikaren Juan Carlos Moromenacho Marquez frå Equador. Foto: Kjetil Rydland.

Debuterte med utstilling i Galleri Losjen

Brenda Mata debuterte med kunstutstillinga "Universal beings" i Galleri Losjen i dag, med kunst inspirert frå heimlandet Mexico.


Den unge kunstnaren Brenda Mata kjem opphavleg frå Mexico, men har budd i mange år i Noreg, og er etablert på Stord. 



Brenda Mata saman med sonen Aslak på tre og eit halvt år og musikaren Juan Carlos Moromenacho Marquez frå Equador. Foto: Kjetil Rydland.


Dages utstilling i Galleri Losjen er den første ho nokon gong har hatt, både i Mexico og Noreg. Ho nytta òg høvet til å debutera som songar, med to fine latinamerikanske låtar, saman med musikaren Juan Carlos Moromenacho Marquez frå Equador.  


Kunstinteresserte frå Fitjar og Stord slutta bra opp om utstillinga, og heilt frå Monterrey i Mexico, kom Emiliano Mata, bror til kunstnaren. Den offisielle opninga var det ordførar Wenche Tislevoll som stod for, og kultursjef Bente Bjelland delte ut blomar, med god hjelp av jentene Sunniva og Malin. Representantane frå Fitjar kommune hausta ros for å gi sjansen til både etablerte og nye og ukjende kunstnarar. Me må vel kunna slå fast at Galleri Losjen på alle vis har blitt ein suksess. 


Kunstnaren Brenda Mata bur på stord, men har utdanninga si frå Mexico, der ho er utdanna industridesignar frå Universidad de Monterrey. Her har ho òg teke fleire kunstfag. Kunsten hennar ser ut til å henta inspirasjon frå heimlandet, med mange livlege fargar og kjensleladde motiv. For det meste er det akrylmåling, på papp, lerret, papir, glasplater og tre; og elles bruker ho både tusj og blyant. 


Den blide kunstnaren fortel at ho har vore i kontakt med folk som vil kjøpa, sjølv om ikkje salet tok av på utstillinga. Etter kvart vil opningstidene bli å finna på heimesidene til Fitjar kommune. Utstillinga hennar vil vera open fram til 9. februar. 

  


Emiliano Mata, bror til kunstnaren, på langtur frå Mexico, fekk gleda av å vera med på opninga. Foto: Kjetil Rydland. 

 


Ordførar Wenche Tislevoll var som vanleg med og kasta glans over utstillinga. Foto: Kjetil Rydland. 

 

Butikkar og tenester i sentrum "Klikk for å sjå alle"

.

Harald Rydland sin tale på 17. mai

18.05.2018 Kjetil Rydland

Harald Rydland held tale i Kultursalen 17. mai. Foto: Kjetil Rydland. Harald Rydland sin tale på 17. mai 2018 Talen som Harald Rydland heldt på 17. mai, var vel verdt å høyra...

Les meir ...

Pinseaftan: Butikkane stengjer klokka 16…

18.05.2018 Kjetil Rydland

Pinseaftan: Butikkane stengjer klokka 16! I morgon er det pinseaftan, og då stengjer daglegvarebutikkane klokka 16.00.

Les meir ...

Ho vil erstatte Terje Træet i sommarrevy…

18.05.2018 Jonas Sætre

Ho vil erstatte Terje Træet i sommarrevyen Anne Marith Sandhåland erstattar Terje Træet i årets sommarrevy. Terje Træet melder avbod til årets sommarrevy i Fitjar grunna helsemessige årsaker.

Les meir ...
annonse

Friluftsgudsteneste 2. pinsedag

18.05.2018 Kjetil Rydland

Frå friluftsgudstenesta 2. pinsedag i fjor. Foto: Torbjørn Hovland. Friluftsgudsteneste 2. pinsedag Det blir frluftsgudsteneste 2. pinsedag i år òg, får me opplyst i ei pressemelding frå Fitjar kyrkje.

Les meir ...

Tradisjonell 17. mai på Hageberg

18.05.2018 Kjetil Rydland

Geir Raunholm smiler lurt under quizen på Hageberg på 17. mai. Foto: Kjetil Rydland. Tradisjonell 17. mai på Hageberg Mellom 30 og 40 strandarar møttest til leik og song på Hageberg skule...

Les meir ...

Humor og høgtid i Kultursalen på 17. mai

17.05.2018 Kjetil Rydland

  Toralv Røen takkar for kulturprisen. Foto: Kjetil Rydland.  Humor og høgtid i Kultursalen på 17. mai Under det høgtidelege 17. mai-programmet i Fitjar kultur- og idrettsbygg fekk me høyra ein alvorleg, men...

Les meir ...
annonse

Fagtorg "Klikk for å sjå alle"


På handballfestival i strålande pinstivê…

19.05.2018 Kjetil Rydland

Kjekt på Handballfestivalen; f.v. Elisabet, Elise, Runar Øvrebø (gymlærar for jentene), Tomine og Andrine.  På handballfestival i strålande pinstivêr Hanballfestivalen på Stord er i full gang i ideelt festivalvêr, og Fitjar er...

Les meir ...
annonse