Sundag 25. Februar 2018



Kje er initiativrike dyr, som straks gjekk i gang med å gjera seg kjende i den nye heimen sin. Foto: Kjetil Rydland.

Kje til Fitjar for å gjera seg feite

 For nokre dagar sidan kom 55 små killingar frå Matre i Kvinnherad til Fitjar for å verta til nydeleg, marmorert kjøt.


Dei fleste killingane er bukkekje, og hadde derfor yttarst mørke framtidsutsikter. Det har vore vanleg å avliva og kassera kje rett etter fødselen, men det er ein praksis som geitebonden Stein Morten Hegland i Matre ikkje likar. Derfor prøver han å gi killingane sine eit litt lengre liv, og på den måten utnytta ein ressurs som elles ville gått til spille. 



Stein Morten Hegland er ein seriøs bonde med eit flott geitefjøs i Matre i Kvinnherad. Foto: Kjetil Rydland. 

I det topp moderne geitefjøset sitt i den tronge dalen i Matre har Stein Morten Hegland vel hundre mjølkegeiter. Han drep ikkje nyfødde kje, men forar dei opp til gourmetkjøt. Dei som han ikkje har plass til sjølv, gir han vekk til andre som vil fora dei opp. Derfor fekk Karen Elisabet og Håkon R. Sæbø i førre veke heile 55 vekegamle kje som skal bli til delikat, marmorert geitekjøt.


Kjea har gått med mødrene sine til dei blei henta, men no er dei avhengige av godt stell på Rydland. Då kjea kom på plass i garen sin, brukte dei berre sekundar på å leita seg fram til foringsautomaten, ein spene som er kopla til ei "utømeleg" kjelde med godt drikke. Dei heldige kjea skal leva på Maia mjølkeerstatning, som er berekna på lam og kje. Dei får og kraftfor som elles blir gitt til kalv. Det inneheld meir fiber enn sauefor. Geiter treng meir fiber enn sau, forklarer veterinær Håkon R. Sæbø. Dei får òg litt høy å knaska på. 


Han fortel at han følgjer godt med på om dei små kjea får i seg nok drikke. Det kjenner han på magen deira, og dei som ikkje har klart å drikka sjølve, får mjølk frå flaske. Sæbø lovar dei søte små kjea eit kort, men godt liv. Dei får fagmessig topp stell av veterinærar, og i tillegg har han fleire ungar som likar å vera med og stella dyr.


Om åtte veker er det gode livet i gamlefloren på Rydland slutt. Då blir dei leverte til slakt hos Nortura på Sandeid. For å få bli med til slakteriet må dei vera åtte-ti kilo levandevekt, noko som gir ei slaktevekt på rundt fem kilo. Dei som er for små, må bli igjen på Rydland til dei blir større. Dette er alltid ei stor utfordring, fortel Sæbø, for det er vanskeleg å få kje til å respektera gjerde. Det er endå vanskelegare enn med vaksne geiter. 


Håkon R. Sæbø minner om at dette er det beste kjøtet du kan tenkja deg. Dei plar ta ein del av kjea i retur frå slakteriet. Dei som er interesserte i ein delikatesse, må gjerne ta kontakt.

 


Denne frimodige, vesle skapningen brukte berre sekund på å leita seg fram til den utømelege kjelda i den nye heimen sin. Foto: Kjetil Rydland.  

  


Når kjea drikk gjennom spenane i garen, går nivået her ned, og atomaten blandar ny drikke etter kvart. Foto: Kjetil Rydland. 

 


Håkon R. Sæbø kjenner på magen om kjeet har fått i seg mjølk, viss ikkje blir det fora med flaske. Foto: Kjetil Rydland. 

Butikkar og tenester i sentrum "Klikk for å sjå alle"

.

Vintereventyr i fjellet!

23.02.2018 Kjetil Rydland

Utsikt frå Mølle 1 nedover Blekjet. Foto: Kjetil Rydland.  Vintereventyr i fjellet! Det har vore reine eventyret i Fitjarfjellet dei siste dagane, og med dei siste vêrmeldingane kan me gå ei strålande...

Les meir ...

Gratulerer med dagen og lapppen!

23.02.2018 Kjetil Rydland

Marte Rimmereid, 18 år og nybakt sjåfør.  Gratulerer med dagen og lapppen!   Gratulerer så mykje med 18-årsdagen og lappen, Marte Rimmereid!

Les meir ...

Politirazzia mot familie i kyrkjeasyl på…

23.02.2018 Jonas Sætre

Politirazzia mot familie i kyrkjeasyl på Fitjar I dag tidleg vart den afghanske familien som har sete i kyrkjeasyl på Fitjar henta av politiet. Ordføraren i Fitjar reagerer med vantru.

Les meir ...
annonse

Rype i Fitjarfjellet!

22.02.2018 Kjetil Rydland

Tydelege spor etter lirype i hallinga aust for Mosavatnet og sør for Grønafjellet i går. Foto: Arne Devik.  Rype i Fitjarfjellet! Friluftsmannen Arne Devik fortel at han såg ein heil flokk ryper...

Les meir ...

Liv Kari Eskeland likte det ho såg på Fi…

22.02.2018 Kjetil Rydland

Dagleg leiar i Engesund Fiskeoppdrett t.v. viser fisk i merdane i Masfjorden til Liv Kari Eskeland og ordførar Wenche Tislevoll. Foto: Kjetil Rydland.  Liv Kari Eskeland likte det ho såg på...

Les meir ...

Ville ikkje innføra gebyr på faktura

21.02.2018 Harald Johan Sandvik

Ville ikkje innføra gebyr på faktura Trass i inntillinga frå rådmannen om å innføra gebyr på faktura sa politikarane nei. – Fleire vil framleis ha papirfaktura, sa Agnar Aarskog (Ap).

Les meir ...
annonse

Fagtorg "Klikk for å sjå alle"


Fitjarskyttarar på feltsamling

24.02.2018 Kjetil Rydland

Fitjarskyttarane på standplass i dag. Foto: Privat.  Fitjarskyttarar på feltsamling Samlaget arrangerte i helga feltsamling på Kalland, skytebanen til Haugesund og Sveio, med fleire ivrige skyttarar frå Fitjar.

Les meir ...