Måndag 21. Mai 2018



Den nye maskinen er på det nærmaste klar til å visa film i Fitjar kultur- og idrettsbygg. Foto: Kjetil Rydland. 

Fitjar kino klar for premiere!

Ole Bergesen ved Fitjar kultur- og idrettsbygg fortel at Fitjar kino vil opna søndag 28. januar, med framsyning av "Den 12. mann". 

 

Som kjent har Fitjar kommune investert i nytt kinoutstyr, og no er det meste kome på plass i Fitjar kultur- og idrettsbygg. Dermed kan dagleg leiar Ole Bergesen lova opning av nye Fitjar kino søndag 28. januar. Og filmen som skal visast blir den kjende Harald Zwart-filmen om Jan Baalsrud, "Den 12. mann". 

 

Nytt utstyr på plass


Den nye projektoren er alt kopla opp i Kultursalen, datalinja og straum like eins. Sjølve projektoren må berre kassast inn for å dempa lyden, men elles er han klar til bruk, seier Bergesen. 

 
Leverandøren kjem ned ein tur før premieren for å sjå til at alt fungerer. Fitjar kultur- og idrettsbygg har avtale med UCS – Unique Cinema Systems – om leveranse og support av framsyningsutstyret.


Filmane blir overførte via datalinjer, seier Bergesen; det er snakk om svært store datafiler, som det tar fleire timar å overføra. Han vil bestilla filmane hos distribusjonsselskapet Film & Kino. Dei sender filmane til utstyrsleverandøren, som lastar dei ned på FKIB sin projektor.
 

Full automatisering


På denne måten blir det lite arbeid for den vesle staben til Ole Bergesen ved Fitjar kultur- og idrettsbygg. – Det einaste me må gjera er å slå på lydanlegget og slå av lyset! seier Bergesen og smiler. 


– Eit stort framskritt blir det òg at me kan velja tidspunkt – både dato og klokkeslett – sjølve, understrekar styreleiar i FKIB, Agnar Aarskog. Det inneber at dei kan køyra ein film på premieredagen. 


Bygdekinoen har synt film på Fitjar dei siste 10-11 åra. Dei har hatt framsyning kvar 14. dag, og då kunne ein risikera at filmen var 14 dagar gamal. Ei anna ulempe er at Bygdekinoen har ferie både til jul og påske. Dermed kunne det bli ein månad mellom kvar filmframsyning. 


Etter det me forstår, er det nesten berre popcornautomaten som ikkje blir automatisert. Men Ole lovar ny og ombygd kiosk til kinopremieren om to veker. Folk vil kunna henta varene sjølve og ta dei med seg til kassen, der dei kjøper billettar. Her kan dei betala anten med kontantar eller kort. 



Håpar å auka besøkstalet

Ole Bergesen lovar ein litt annan vri på reklamen enn på mange andre kinoar. Han ønskjer ikkje å visa 10-15 minutt med nasjonal reklame før kvar film.
– I staden vil me ha ein kortare bolk med reklame med det lokale næringslivet på Stord og Fitjar, seier han. 

 
– Me håpar fitjarbuen vil støtta opp om kinoen. Vårt mål er å få opp besøkstalet frå rundt 1500 til ein stad mellom 2500 og 3000, seier ein optimistisk Ole Bergesen . 

 
Og søndag 28. januar blir det altså "grand premiere" med den kjende krigsfilmen "Den 12. mann". Då vi det bli servering, og ordførar Wenche Tislevoll har lova å stå den offisielle opninga. 

 


"Den 12. mann" blir den første filmen som blir vist ved nye Fitjar kino. 

Butikkar og tenester i sentrum "Klikk for å sjå alle"

.

Harald Rydland sin tale på 17. mai

18.05.2018 Kjetil Rydland

Harald Rydland held tale i Kultursalen 17. mai. Foto: Kjetil Rydland. Harald Rydland sin tale på 17. mai 2018 Talen som Harald Rydland heldt på 17. mai, var vel verdt å høyra...

Les meir ...

Pinseaftan: Butikkane stengjer klokka 16…

18.05.2018 Kjetil Rydland

Pinseaftan: Butikkane stengjer klokka 16! I morgon er det pinseaftan, og då stengjer daglegvarebutikkane klokka 16.00.

Les meir ...

Ho vil erstatte Terje Træet i sommarrevy…

18.05.2018 Jonas Sætre

Ho vil erstatte Terje Træet i sommarrevyen Anne Marith Sandhåland erstattar Terje Træet i årets sommarrevy. Terje Træet melder avbod til årets sommarrevy i Fitjar grunna helsemessige årsaker.

Les meir ...
annonse

Friluftsgudsteneste 2. pinsedag

18.05.2018 Kjetil Rydland

Frå friluftsgudstenesta 2. pinsedag i fjor. Foto: Torbjørn Hovland. Friluftsgudsteneste 2. pinsedag Det blir frluftsgudsteneste 2. pinsedag i år òg, får me opplyst i ei pressemelding frå Fitjar kyrkje.

Les meir ...

Tradisjonell 17. mai på Hageberg

18.05.2018 Kjetil Rydland

Geir Raunholm smiler lurt under quizen på Hageberg på 17. mai. Foto: Kjetil Rydland. Tradisjonell 17. mai på Hageberg Mellom 30 og 40 strandarar møttest til leik og song på Hageberg skule...

Les meir ...

Humor og høgtid i Kultursalen på 17. mai

17.05.2018 Kjetil Rydland

  Toralv Røen takkar for kulturprisen. Foto: Kjetil Rydland.  Humor og høgtid i Kultursalen på 17. mai Under det høgtidelege 17. mai-programmet i Fitjar kultur- og idrettsbygg fekk me høyra ein alvorleg, men...

Les meir ...
annonse

Fagtorg "Klikk for å sjå alle"


På handballfestival i strålande pinstivê…

19.05.2018 Kjetil Rydland

Kjekt på Handballfestivalen; f.v. Elisabet, Elise, Runar Øvrebø (gymlærar for jentene), Tomine og Andrine.  På handballfestival i strålande pinstivêr Hanballfestivalen på Stord er i full gang i ideelt festivalvêr, og Fitjar er...

Les meir ...
annonse