Torsdag 18. Januar 2018


 


Jentelaget til Fitjar jublar etter siger over Sotra Foldnes 2. Foto: Kjetil Rydland. 

Handballjubel 

Fitjar IL var vertskap for eit solid knippe handballag i dag, og dei som ikkje kom seg ut i det uvanleg vakre vintervêret, fekk sjå ei rekkje fine kampar i idrettshallen vår.

 

Å halda seg innandørs i det fine solskinet laurdag føremiddag kunne verka feil for enkelte, men for elleveårslaget til Fitjar IL var det slett ikkje feil. Dei nytta dagen til å spela to fine kampar.


Den første gjekk mot Sotra Foldnes 2, og enda med ein klar siger til dei ivrige Fitjar-jentene, etter at dei hadde dominert spesielt første omgang. I den andre kampen sin møtte dei toarlaget til Stord, og her måtte dei slita litt meir. Men då utespelarane "tok pause" utan at dommren hadde blåse av, heldt keeper Susanne Korsvik laget inne i kampen med firne redningar. Dermed kunne dei etter kvart jubla for sin andre siger for dagen.  

 
Totalt blei det spela åtte jentekampar i elleveårsklassen mellom seks forskjellige lag i tillegg til heimelaget. Stord og Kvinnherad stilte med to lag kvar, i tillegg møtte Mathopen, Sotra Foldnes og Lysekloster med eitt lag kvar.

 
Etter at ellevåringane var ferdige for dagen, fekk me sjå 14-årslaget til Fitjar i kamp mot Sædalen. Ingvild de Fine Olsen måtte etter kvart erfara at dei gamle klasseveninnene hennar frå Bergens-laget var altfor gode. Heile 24 gonger måtte Fitjar-keeper Mia Volden henta ballen ut av nettmaskene. Fitjar-jentene stonga hovudet mot veggen og stengene og måtte nøya seg med sju mål. 


I tillegg til mykje kjekk og sprek ungdom, kaffi og sunn mat i kiosken baud dagen på gjensyn med den gamle travaren Johannes Sæhle frå Bergens-klubben Viking. Få har dømt fleire kampar i Fitjar enn denne 75-åringen, som framleis har glimtet i auga. Eit synleg prov på at det ikkje er nokon grunn til å leggja årane inn om ein begynner å dra på åra.


Oversikt over dagens kampar på Fitjar finn du her, og via denne linken til handball.no kan lesa alle resultata. 

 


Elisabet R. Sæbø, var aggressiv både i forsvar og angrep, og her kjem ho gjennom og scorar mot Sotra Foldnes 2. Foto: Kjetil Rydland. 

 


Susanne Korsvik heldt laget inne i kampen då lagveninnene hennar slapp litt for mykje av. Foto: Kjetil Rydland. 

 


Jentene frå Kvinnherad både tapte og vann kampar, og såg ut til å trivast på Fitjar. Foto: Kjetil Rydland. 

 


Mia Volden fekk det strevsamt mot Sædalen. Foto: Kjetil Rydland. 

 


Johannes Sæhle har fylt 75 år, men dømmer framleis handballkampar nesten annankvar dag. Foto: Kjetil Rydland. 

Butikkar og tenester i sentrum "Klikk for å sjå alle"

.

Kje til Fitjar for å gjera seg feite

15.01.2018 Kjetil Rydland

Kje er initiativrike dyr, som straks gjekk i gang med å gjera seg kjende i den nye heimen sin. Foto: Kjetil Rydland. Kje til Fitjar for å gjera seg feite  For nokre dagar sidan...

Les meir ...

Har ikkje klart å flytte ut frå Smedholm…

15.01.2018 Jonas Sætre

Har ikkje klart å flytte ut frå Smedholmen innan fristen Sjølv om leigeforholdet med Fitjar kommune gjekk ut ved nyttår har dei frivillige endå ikkje rydda ut av den kulturhistoriske eigedomen.

Les meir ...

Fitjar kino klar for premiere!

14.01.2018 Kjetil Rydland

Den nye maskinen er på det nærmaste klar til å visa film i Fitjar kultur- og idrettsbygg. Foto: Kjetil Rydland.  Fitjar kino klar for premiere! Ole Bergesen ved Fitjar kultur- og idrettsbygg fortel...

Les meir ...
annonse
annonse

Badesesongen i full gang

14.01.2018 Kjetil Rydland

Ikkje akkurat Syden, men Leander Træet slappar av i bassenget. Foto: Kjetil Rydland.  Badesesongen i full gang Bassenget på Rimbareid skule er ope for ålmenta kvar måndag, bortsett frå i skuleferiane. 

Les meir ...

Zumbafeberen herjar igjen!

14.01.2018 Kjetil Rydland

Spreke damer på zumbamaraton i Fitjar kultur- og idrettsbygg. Foto: Trude Strand. Zumbafeberen herjar igjen! I dag har over 30 spreke damer gjennomført ein tre timars zumbamaraton, den første i på Fitjar...

Les meir ...

Vipe på Fitjar i dag!

13.01.2018 Kjetil Rydland

Vipa er ein flott fugl. Foto: FP-arkiv/KR.  Vipe på Fitjar i dag! I dag fekk Fitjarposten årets første melding om at det er observert vipe på Fitjar.

Les meir ...
annonse

Fagtorg "Klikk for å sjå alle"


Bankbygget mot ei ny blomstringstid

17.01.2018 Kjetil Rydland

Bygget som Sparebanken Vest flytta ut frå i 2016 ligg fint til midt i Fitjar sentrum. Foto: FP-arkiv/HCH.  Bankbygget mot ei ny blomstringstid Bankbygget i sentrum, som Sparebanken Vest flytta frå i...

Les meir ...