Sundag 24. Juni 2018


Vassendgutane klare for årets storkonsert på Fitjar

Førre gong Vassendgutane vitja Fitjar møtte heile 800 opp til konsert. Det svarar til over ein fjerdedel av alle innbyggjarane i kommunen.

Det er allereie fleire hundre som har kjøpt billett til det som sannsynlegvis blir den største konserten på heile Stord-øya i 2018, nemleg når Vassendgutane inntek Fitjar kultur- og idrettsbygg laurdag om ei veke.

Allereie no er det selt fleire hundre billettar, og Ole Bergesen, dagleg leiar i Fitjar kultur- og idrettsbygg, vil gjerne sjå at same talet på publikummarar som for fire år sidan, då 800 festklare konsertgjengarar løyste billett.

God plass

– Dette er den største konserten i Fitjar gjennom året og masse billetter er allereie solgt. Men i Idrettshallen er det godt med plass så det er berre å leggje turen til Fitjar denne laurdagen. For dette blir ein sjeldan kjekk folkefest, seier Ole Bergesen, dagleg leiar i Fitjar kultur- og idrettsbygg.

Vassendgutane frå Ørsta er eitt av Norges største liveband, og har turnert i heile 20 år. No er dei aktuelle med sin niande plate, «SKRU OPP!!».

– På denne plata er Vassendgutane på ein måte tilbake til røtene, og me trur fansen vil setje pris på den musikalske vegen me har gått, skriv bandet.

Få konsertar på Vestlandet

Under konserten vil dei presentere eit variert utval frå bandet sin rikhaldige katalog, der dei store hits som «Granada» og «Ungkar med dobbelseng» er sjølvskrevne innslag.

Konserten dei no skal halde er ein av få på Vestlandet. Difor er det truleg at det kjem fans langt utanfor Fitjar sine kommunegrenser.

 

Etter Fitjar-konserten drar bandet vidare til Bergen, Stryn og Florø. I mai kjem dei tilbake til våre trakter, då dei skal spele konsert på Karmøy.

Butikkar og tenester i sentrum "Klikk for å sjå alle"

.

Samferdselsminister Solvik-Olsen til Fit…

22.06.2018 Kjetil Rydland

Samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen er venta til Sveiseneset torsdag i neste veke. Foto: Samferdselsdepartementet. Samferdselsminister Solvik-Olsen til Fitjar Mek. Fitjar Mekaniske Verksted får besøk av samferdselsminister Ketil Solvik Olsen før han avsluttar ei...

Les meir ...

Hatlevikbasaren

22.06.2018 Kjetil Rydland

Mykje folk og god stemning på Hatlevikbasaren. Foto: FP-arkiv/HCH.  Hatlevikbasaren Søndag 7. juli er det igjen klart for den tradisjonsrike Hatlevikbasaren.

Les meir ...

Høyr NM-programmet til Fitjar Skulekorps…

22.06.2018 Kjetil Rydland

Fitjar Skulekorps i toppform til NM  Høyr NM-programmet til Fitjar Skulekorps! Fitjar Skulekorps inviterer til før-NM-konsert i Fitjar kultur- og idrettsbygg onsdag i neste veke. 

Les meir ...
annonse
annonse

A-laget slo Halsnøy / Trio 2!

21.06.2018 Kjetil Rydland

Daniel Skarpnes blei dagens mann i kampen mot Halsnøy / Trio 2 med to scoringar. Foto: FP-arkiv/KR. A-laget slo Halsnøy / Trio 2! Torsdag kveld sikra A-laget til Fitjar seg tre viktige...

Les meir ...

- Ikkje snakk ned kommunen vår!

21.06.2018 Harald Johan Sandvik

– Ikkje snakk ned kommunen vår! Rådmann Olaug Haugen og økonomisjef Trond Salmo informerer, Foto: Harald Johan Sandvik Snakk ikkje ned kommunen og den økonomisk situasjonen! Det var bodskapet frå kommunestyret i...

Les meir ...

Betelskipet tilbake til Fitjar

21.06.2018 Håkon C

Betelskipet tilbake til Fitjar   Betelskipet «Elieser 6» kjem tilbake til Fitjar på fredag, legg til ved Meierikaien og har kveldsmøte om bord.

Les meir ...
annonse

Fagtorg "Klikk for å sjå alle"


Lunsjkonsertar i kyrkja

22.06.2018 Kjetil Rydland

Fitjar kyrkje med nytt orgel. Foto: Jan Overweg Lunsjkonsertar i kyrkja Kantor Jan Overweg byr på tre lunskonsertar i kyrkja i sommar, den første i morgon, laurdag.

Les meir ...
annonse