Brenda opnar kunstutstilling på Galleri Losjen i Fitjar

Brenda Mata (28) har alltid hatt ein lidenskap for kunst. No debuterer ho som kunstutstillar på Fitjar.

– Inspirasjonen hentar eg frå kvardagen og folk eg møter. Me blir jo påverka av kvarandre i måten me kommuniserer på. Av og til forstår du, av og til misforstår du. Sånn sett er alle menneske interessante, seier Brenda Mata.

Laurdag 20. januar inviterar ho til opning av kunstutstillinga si på Galleri Losjen på Fitjar. Dette er første gang ho har utstilling i Noreg.

Kunstnaren har jobba med verka sine i ein periode på 2-3 år. Det å skulle vise fram sitt innerste kjenslespekter for publikum satt langt inne. No har ho tatt motet til seg og er klar for å vise fram kunsten.

– Plutseleg får eg slike augneblink, der eg berre må bestemme meg. Det er ein del av meg. Det er typisk Brenda.

Kjærleik, glede og frustrasjon

“Universal beings” er ei utstilling som handlar om kjensler og opplevingar som er typiske for menneske. Kjensler som ikkje nødvendigvis kjem til syne på overflata, men som sit djupt inni oss.

Gjennom utstillinga prøver Mata å formidle korleis me blir påverka av andre og korleis me sjølv påverkar andre.

- Annonse -

– Normene i samfunnet kan ofte legge ein dempar på korleis me utrykker kjensler. Anten du er mor, kjærast eller dotter. Det finns mange idear om korleis ein skal oppføre seg. På den måten kan kjenslene fort bli blokkerte. Samfunnet presser deg gjerne i ei retning, utan at du får moglegheit til å reflektere over dine egne tankar og kjensler, seier ho.

– Utstillinga handlar om kjærleik, glede, frustrasjon og spenning – slik som alle kjenner på til tider.

Foto: Kari Mendelejev von Svanberg.

Stort fargespekter

Brenda er utdanna industridesigner med spesialisering i bildesign frå Universidad de Monterrey i Mexico. Ho likar å utforske kreativiteten sin gjennom blant anna måleri og teikningar. Personleg trur ho at alle har sin særeigne måte å få fram kunsten på.

– Min idé av kunst er at alle har noko å utrykke. Du treng ikkje nødvendigvis samanlikne deg med andre ekspertar og kunstnarar, meiner Mata.

Når utstillinga opnar neste veke vil ho vise fram over 30 måleri, illustrasjonar og teikningar. Kunstnaren legg ikkje skjul på at utstillinga har preg av mykje fargar.

– Då eg flytta til Stord, kom eg i kontakt med ein dyktig kunstnar på øya. Han likte måleria mine, men meinte det blei for mykje fargar for nordmenn og at det ikkje kom til å selje så godt. Då han sa dette, blei det til at eg ikkje jobba så mykje med kunst det første året.

Glad i menneske

– Trur du nordmenn generelt har ein tendens til å blokkere kjensler?

– Eg trur folk utrykker ting forskjellig. I Latin-Amerika er me kanskje meir direkte, avslappa og opne om det me tenker. Samtidig er nordmenn veldig strukturerte og balanserte. Dette er positivt, seier Mata.

– Av og til føler eg at eg er litt asosial. Eg kan fort bli lei av å delta på for mange sosiale settingar. Men på den andre sida er eg veldig glad i menneske og interesserer meg i dei. Me er jo avhengig av kvarandre.