Kjell Håvik og Elin Korneliussen med kvar sin Kvikk lunsj etter ein hårfin siger under gårsdagens quiz. Foto: Kjetil Rydland.

Seniorane kvesser hjernen med quiz

Moderate premiar, men særs god stemning var det under gårsdagens quiz på Seniorsenteret, og ikkje uventa gjekk laget Håvik og Abotnes heilt til topps. 

Den første onsdagen månaden samlast ein gjeng pensjonistar og andre seniorar til fredeleg kappestrid og kaffi på Seniorsenteret. Gårsdagens quiz var den første i det nye året, og vel 20 kunnskapsrike seniorar møtte opp.

Eldsjel i tiltaket, Johannes Nesbø, fortel at dei plar vera mellom 20 og 25 kvar gong, og har dei først vore med ein gong, kjem dei gjerne tilbake! Oppgåva med å førebu kveldens quiz går på omgang. I går var det Nils Olav Hystad som hadde laga til ein solid bunke spørsmål. Andre quizmeistrar i gjengen er Kjell Håvik, Per Johan Vestbøstad og John Abotnes. 

Kveldens quizmeister hadde sett saman ei skikkeleg variert spørsmålssamling med vanlege kategoriar som «Lett blanding», «Vestlandet», «Søta bror», «Gudar og heltar», Skjulte dyrenamn», «På skattejakt i vinmonopolets hyller», «Kven var først» og ein del ja-/nei-spørsmål frå ulike felt. 

Det viste seg snart at vanskegraden var høveleg. Dei fleste greidde å svara på ein god del spørsmål, men Nils Olav hadde funne fram ei og anna nøtt som ingen greidde. 

- Annonse -

100 skriftlege spørsmål blei delte ut i to omgangar, med ein skjerpande kaffipause imellom. Oppteljinga synte favorittsiger til laget med Elin Korneliussen, Kjell Håvik og Halldis og John Abotnes. Med 92 poeng var dei eit lite hestehovud føre lag nummer to. 

– Det hjelpte ikkje å få Kjetil på laget heller! klaga eldsjel og konkurrent Johannes Nesbø, som måtte konstatera ein ny siger til favorittane. Men alt i var folk godt fornøgde med spørsmåla, som var høveleg vanskelege. 

Og lagkamerat Rasmus Fitjar var godt fornøgd. – Dette var akkurat passe vanskeleg, meinte han. Spørsmåla bør ikkje vera for lette. – Men når så flinke folk er samla, bør me klara minst 50 %, elles er det for vanskeleg!

Med fem bord var det rimeleg bra konkurranse i går, men det er plass til fleire. Neste sjanse til å vera med seniorane på quiz kjem onsdag 7. februar. 

 

 
Inger C. Fitjar, Rasmus Fitjar, Inger Nesbø og Johannes Nesbø i djup konsentrasjon, men det heldt berre nesten denne gongen. Foto: Kjetil Rydland.