Kjekt på karatetrening, synest Leah og Elisabeth. Foto: Kjetil Rydland. 

Vennetrening med karateklubben

Fitjar Shotokan karateklubb er allereie i full gang med treningane i det nye året, og denne veka er det vennetrening for folk som ikkje har prøvd karate før.

 

Hovudinstruktør i den driftige karateklubben med base i Øvrebygda er framleis Sukhwinder Koløen. Og framleis er beredskapsmannen og småbrukaren frå Helland like driftig.

Allereie 2. januar starta rundt 40 aktive utøvarar i Fitjar Shotokan Karateklubb opp treninga for fullt i det nye året. Og sjølv har Sukhwinder alt vore rundt i distriktet og drive trening for karateinstruktørar.

Sjølv om dei er mange aktive medlemmer, er døra på Øvrebygda skule alltid open for nye rekruttar – i alle aldrar – til sporten. Derfor inviterer karateklubben denne veka til vennetrening. Klubben oppmodar dei aktive medlemmene sine til å ta med seg venner som har lyst å sjå om karate kan vera noko for dei.

- Annonse -

I går kveld hadde rundt 10 venner teke imot invitasjonen, og fekk ei innføring i karate av Sukhwinder Koløen og medinstruktør Nils Arve Helland. Dei som ikkje hadde høve til å koma i går, er velkomne til å prøva igjen i morgon kveld, når det igjen er trening til vanleg til i gymsalen ved Øvrebygda skule. 

– Dersom det blir mange nok, vil me starta eit nybegynnarkurs i karate i vinter, seier alltid like optimistiske Sukhwinder Koløen til slutt. 

Me minner om at du kan finna nærmare informasjon om aktiviteten på Facebook-sida til Fitjar Shotokan Karateklubb. 


Hovudinstruktør Sukhwinder Koløen med eit flott knippe karateutøvarar i alle aldrar. Foto: Kjetil Rydland.