Måndag 21. Mai 2018


 
Odd Sverre Larsen med varm mat i butikken. Foto: Kjetil Rydland.

2017: Eit godt år for daglegvarehandelen i Fitjar 

Begge dei to store daglegvarebutikkane våre på Fitjar melder om god omsetnad i 2017, Spar går litt opp og Rema 1000 går ørlite ned. Og framleis er dei omtrent jamstore i omsetnad. 



Dagleg leiar Odd Sverre Larsen i Spar Fitjar fortel til Fitjarposten at butikken hans hadde ein auke i netto omsetnad på rundt 2 % i fjor samanlikna med 2016. 


I fjor kom netto omsetnad (ekskl. moms) opp i nesten 45 millionar, mot knappe 44 millionar året før. Odd Sverre konstaterer at det går rette vegen, noko han sjølvsagt er godt fornøgd med. 


Odd Sverre konstaterer med glede at kundetalet (antal kundebesøk) har gått opp frå knapt 229 000 i 2016 til vel 232 000 i 2017. Litt fleire kundar har vore innom, og kvar kunde har handla litt meir. Til saman gir dette ein klart positiv tendens. Tatt i betraktning den harde konkurransen både innanbygds og utombygds er dette svært gledeleg, synest den lokal kjøpmannen.


– Me utøver lokalt eigarskap med ein stab av dyktige og stabile tilsette, og me er opptekne av nærleiken til fitjarbuen og dei som besøkjer bygda vår, understrekar Odd Sverre Larsen. Han legg ikkje skjul på at dei er heldige som driv butikk i ei bygd som utviklar seg positivt, med mykje aktivitet. På Spar Fitjar ønskjer dei å halda oppe det lokale engasjementet og styrkja identiteten til fitjarbygdo.


Den viktigaste konkurrenten til Spar Fitjar, Rema 1000, ser ut til å liggja eit ørlite hestehovud føre daglegvarebutikken midt i sentrum. I 2016 låg dei godt over 47 millionar i netto omsetnad. 


Kjøpmann Jan Stian N. Taule seier til Fitjarposten at han vonar talet for 2017 kjem opp mot førre året. Om ikkje det når heilt opp mot 2016, blir det berre snakk om ein nedgang på under ein prosent, trur Taule. 



Rema-kjøpmann Jan Stian Taule kjem gjerne med overraskande stunt i år òg. Foto: Kjetil Rydland. 


Som kjent gjorde han eit stunt som blei lagt merke til rett før jul, då han heldt ope natt til litlajulafto. Dette hadde ikkje den store innverknaden på omsetnaden, men han fortel at det var vellukka. Han var sjølv på jobb den natta, og dei hadde bra med kundar fram til i halv tre-tida. Taule kan ikkje lova noko liknande stunt med det første, og det blir ikkje til jul i år. 

– Men eg likar å finna på artige ting, seier den blide kjøpmannen. Så me kan sikkert venta oss ei og anna overrasking i år òg. 


Joker-butikken på Rydland er veslebroren i daglegvarehandelen i Fitjar. Dei opererer med rundt 7 mill. i netto omsetnad, og kan såleis ikkje konkurrera med dei to store. Dei ser likevel ut til å klara seg bra, og fungerer som ein svært kjær møteplass for folk oppe i Øvrebygda, og for folk som tar ein kjapp stopp på veg heim frå jobb på Stord.

Butikkar og tenester i sentrum "Klikk for å sjå alle"

.

Harald Rydland sin tale på 17. mai

18.05.2018 Kjetil Rydland

Harald Rydland held tale i Kultursalen 17. mai. Foto: Kjetil Rydland. Harald Rydland sin tale på 17. mai 2018 Talen som Harald Rydland heldt på 17. mai, var vel verdt å høyra...

Les meir ...

Pinseaftan: Butikkane stengjer klokka 16…

18.05.2018 Kjetil Rydland

Pinseaftan: Butikkane stengjer klokka 16! I morgon er det pinseaftan, og då stengjer daglegvarebutikkane klokka 16.00.

Les meir ...

Ho vil erstatte Terje Træet i sommarrevy…

18.05.2018 Jonas Sætre

Ho vil erstatte Terje Træet i sommarrevyen Anne Marith Sandhåland erstattar Terje Træet i årets sommarrevy. Terje Træet melder avbod til årets sommarrevy i Fitjar grunna helsemessige årsaker.

Les meir ...
annonse

Friluftsgudsteneste 2. pinsedag

18.05.2018 Kjetil Rydland

Frå friluftsgudstenesta 2. pinsedag i fjor. Foto: Torbjørn Hovland. Friluftsgudsteneste 2. pinsedag Det blir frluftsgudsteneste 2. pinsedag i år òg, får me opplyst i ei pressemelding frå Fitjar kyrkje.

Les meir ...

Tradisjonell 17. mai på Hageberg

18.05.2018 Kjetil Rydland

Geir Raunholm smiler lurt under quizen på Hageberg på 17. mai. Foto: Kjetil Rydland. Tradisjonell 17. mai på Hageberg Mellom 30 og 40 strandarar møttest til leik og song på Hageberg skule...

Les meir ...

Humor og høgtid i Kultursalen på 17. mai

17.05.2018 Kjetil Rydland

  Toralv Røen takkar for kulturprisen. Foto: Kjetil Rydland.  Humor og høgtid i Kultursalen på 17. mai Under det høgtidelege 17. mai-programmet i Fitjar kultur- og idrettsbygg fekk me høyra ein alvorleg, men...

Les meir ...
annonse

Fagtorg "Klikk for å sjå alle"


På handballfestival i strålande pinstivê…

19.05.2018 Kjetil Rydland

Kjekt på Handballfestivalen; f.v. Elisabet, Elise, Runar Øvrebø (gymlærar for jentene), Tomine og Andrine.  På handballfestival i strålande pinstivêr Hanballfestivalen på Stord er i full gang i ideelt festivalvêr, og Fitjar er...

Les meir ...
annonse