Dette er Wenche sine forventningar for det nye året

Fitjar-ordførar Wenche Tislevoll (H) kan sjå tilbake på eit år med stor optimisme i Fitjar-samfunnet, og ser fram til å ta fatt på eit spennande nytt år.

– 2018 blir eit spanande år både kommunalt og regionalt, så blir det jo ekstra spanande at vår nye rådmann Olaug Haugen byrjar 3. april.

På oppmoding frå Fitjarposten har ho lista opp det ho meiner er dei viktigaste sakene for Fitjar kommune i 2018:

* Starta omstilling grunna lågare inntekter, driva smartare men likevel behalda dei gode tenestene

* Rullering av Skulebruksplanen

* Omorganisering helsetenestene og påbygg/ombygging sjukeheimen FBB

* Strategiar i tilknyting til næringsarbeid

- Annonse -

Tislevoll, som også er styreleiar i Samarbeidsrådet for Sunnhordland, vil også framheve dei regionale sakene Hordfast og den nye «Vestlandsfylket» som viktige for Fitjar i det komande året.

Store investeringar

Men kva er det ordføraren vil hugse best frå fjoråret?

– Frå året som har gått vil eg hugse dei store investeringsbeslutningane som har skapt optimisme i Fitjar-samfunnet.

Ho viser til oppstart på anleggsarbeidet til Lærøy Sjøtrøll Kjærelva, byggetrinn 3 i Midtfjellet Vindpark og Kobbevik og Furuholmen som har starta ein prosess i høve postsmoltanlegg på Årskog industriområde.

– Så ser me stadig stor aktivitet på Fitjar Mekaniske, som mellom anna er i gang med bygging av prosessbåt med ny teknologi av frakting av slaktefisk.

I tillegg framhevar ho opninga av bryggekafeen Port Steingard, med bryggeri og såpekokeri på Kråko, som ein storhending frå fjoråret.

God frivillig innsats

Tislevoll er også svært nøgd med arbeidet som er gjort med tilrettelegging av friluftsliv i Fitjar-fjellet.

– Den store frivillige innsatsen på Fitjarfjellet med utgangspunkt ved Olstjødno, med nytt kart, nye turløyper, skilting og merking – og ikkje minst bygging av ny Gapahuk ved Kidnavatnet er med på å skape stor aktivitet og god folkehelse.