Fredag 22. Juni 2018


Dette er Wenche sine forventningar for det nye året

Fitjar-ordførar Wenche Tislevoll (H) kan sjå tilbake på eit år med stor optimisme i Fitjar-samfunnet, og ser fram til å ta fatt på eit spennande nytt år.

- 2018 blir eit spanande år både kommunalt og regionalt, så blir det jo ekstra spanande at vår nye rådmann Olaug Haugen byrjar 3. april.

På oppmoding frå Fitjarposten har ho lista opp det ho meiner er dei viktigaste sakene for Fitjar kommune i 2018:

* Starta omstilling grunna lågare inntekter, driva smartare men likevel behalda dei gode tenestene

* Rullering av Skulebruksplanen

* Omorganisering helsetenestene og påbygg/ombygging sjukeheimen FBB

* Strategiar i tilknyting til næringsarbeid

Tislevoll, som også er styreleiar i Samarbeidsrådet for Sunnhordland, vil også framheve dei regionale sakene Hordfast og den nye "Vestlandsfylket" som viktige for Fitjar i det komande året.

Store investeringar

Men kva er det ordføraren vil hugse best frå fjoråret?

- Frå året som har gått vil eg hugse dei store investeringsbeslutningane som har skapt optimisme i Fitjar-samfunnet.

Ho viser til oppstart på anleggsarbeidet til Lærøy Sjøtrøll Kjærelva, byggetrinn 3 i Midtfjellet Vindpark og Kobbevik og Furuholmen som har starta ein prosess i høve postsmoltanlegg på Årskog industriområde.

- Så ser me stadig stor aktivitet på Fitjar Mekaniske, som mellom anna er i gang med bygging av prosessbåt med ny teknologi av frakting av slaktefisk.

I tillegg framhevar ho opninga av bryggekafeen Port Steingard, med bryggeri og såpekokeri på Kråko, som ein storhending frå fjoråret.

God frivillig innsats

Tislevoll er også svært nøgd med arbeidet som er gjort med tilrettelegging av friluftsliv i Fitjar-fjellet.

- Den store frivillige innsatsen på Fitjarfjellet med utgangspunkt ved Olstjødno, med nytt kart, nye turløyper, skilting og merking – og ikkje minst bygging av ny Gapahuk ved Kidnavatnet er med på å skape stor aktivitet og god folkehelse. 

Butikkar og tenester i sentrum "Klikk for å sjå alle"

.

A-laget slo Halsnøy / Trio 2!

21.06.2018 Kjetil Rydland

Daniel Skarpnes blei dagens mann i kampen mot Halsnøy / Trio 2 med to scoringar. Foto: FP-arkiv/KR. A-laget slo Halsnøy / Trio 2! Torsdag kveld sikra A-laget til Fitjar seg tre viktige...

Les meir ...

- Ikkje snakk ned kommunen vår!

21.06.2018 Harald Johan Sandvik

– Ikkje snakk ned kommunen vår! Rådmann Olaug Haugen og økonomisjef Trond Salmo informerer, Foto: Harald Johan Sandvik Snakk ikkje ned kommunen og den økonomisk situasjonen! Det var bodskapet frå kommunestyret i...

Les meir ...

Betelskipet tilbake til Fitjar

21.06.2018 Håkon C

Betelskipet tilbake til Fitjar   Betelskipet «Elieser 6» kjem tilbake til Fitjar på fredag, legg til ved Meierikaien og har kveldsmøte om bord.

Les meir ...
annonse
annonse

Fitjar har det dyraste byggesaksgebyret …

20.06.2018 Jonas Sætre

Fitjar har det dyraste byggesaksgebyret i Hordaland Medan Granvin kommune tek 4610 kroner i byggesaksgebyr, tek Fitjar komune heile 28.000 kroner for å gjere den same jobben.

Les meir ...

Samisk dag på Selevik skule

20.06.2018 Kjetil Rydland

Elevane har sett opp lavvoane, og Colin Alexander Peitisch viser at han har godt tak på lassoen. Foto: Kjetil Rydland.  Samisk dag på Selevik skule Friluftsrådet Vest skipa til "Samisk dag" for...

Les meir ...

Fitjar Mekaniske skriv kontrakt om nødsl…

20.06.2018 Kjetil Rydland

Eigenutvikla nødslaktefartøy skal byggjast ved Fitjar Mekaniske Verksted.  Fitjar Mekaniske skriv kontrakt om nødslaktefartøy Fitjar Mekaniske Verksted skreiv i går kontrakt med Austevoll-selskapet Servicebåt As om bygging av eit nødslaktefartøy med eigenutvikla...

Les meir ...
annonse

Fagtorg "Klikk for å sjå alle"


annonse