Torsdag 18. Januar 2018



Leif Didrik Steensohn blir trenar for A-laget til Fitjar. Foto: FP-arkiv/KR.

«Dikki» tilbake som A-lagstrenar!

Leif Didrik Steensohn frå Stord tek over som A-lagstrenar i Fitjar-fotballen etter Kjell Træet. Og i kveld startar hardkjøret for ein gjeng treningssugne fitjargutar.

 

Dermed er trenarspørsmålet løyst for Fitjar Idrettslag i år òg. Måndag kveld gjennomførte han den første treninga si med A-laget til Fitjar. Med seg som hjelpetrenar får Steensohn unge Sondre Nesbø Aarland, som har vore i trenarteamet saman med Kjell Træet og Trond Henriksen i år.


Den gamle ringreven Leif «Dikki» Steensohn er ingen ukjend mann, verken for spelarane eller for folk flest i Fitjar. Som kjent er han gift med ei Fitjar-dame, og han har trent A-laget til Fitjar før. Fitjar har vel aldri vore betre enn under «Dikki» sine vengjer, men slikt er sjølvsagt avhengig av spelarmaterialet òg.


Han er ein av dei mest meritterte trenarane i Sunnhordland med ei rekkje gode resultat bak seg i blant anna Bremnes, Trott og Fitjar. Sist «Dikki» var i Fitjar, var i sesongen 2014, då han var hjelpetrenar for A-laget. Men i perioden 2000 til 2006 var han hovudtrenar, og greidde å rykkja opp til 3. divisjon med laget to gonger. Det er det ingen andre som har greidd verken før eller seinare.


Dei som hugsar godt, veit at «Dikki» òg er ein av dei mest meritterte spelarane på Stordøya. Han feira 24-årsdagen sin med å stå i mål på Stord sitt A-lag som slo ut Viking i cupen i 1972. Den gongen budde «Dikki» på Fitjar, så det er ein ekte Fitjar-ven som no vender tilbake. Dei som hugsar endå litt betre, veit at far til «Dikki», Leif Steensohn, òg var ein Fitjar-ven, som har trent A-laget vårt. Også det var i 1972.


Sjølv etter eit veldig langt fotballiv manglar ikkje «Dikki» motivasjon. – Eg gjer dette fordi eg brenn for det; hadde eg ikkje hatt lyst, så hadde eg ikkje gjort det, seier han. Sjølv om han har rykt opp med Fitjar fleire gonger enn nokon andre, har han ingen konkrete målsetjingar om det denne sesongen. Det kjem an på spelarane og mange ulike forhold.


– Men det manglar iallfall ikkje på lyst og engasjement, stadfestar den rutinerte trenaren.

Me ønskjer den nye A-lagstrenaren lykke til, og håpar han klarer å mana Fitjar-spelarane til dåd. 

 


God stemning i garderoben med ny A-lagstrenar på plass. Foto: Kjetil Rydland.  

Butikkar og tenester i sentrum "Klikk for å sjå alle"

.

Kje til Fitjar for å gjera seg feite

15.01.2018 Kjetil Rydland

Kje er initiativrike dyr, som straks gjekk i gang med å gjera seg kjende i den nye heimen sin. Foto: Kjetil Rydland. Kje til Fitjar for å gjera seg feite  For nokre dagar sidan...

Les meir ...

Har ikkje klart å flytte ut frå Smedholm…

15.01.2018 Jonas Sætre

Har ikkje klart å flytte ut frå Smedholmen innan fristen Sjølv om leigeforholdet med Fitjar kommune gjekk ut ved nyttår har dei frivillige endå ikkje rydda ut av den kulturhistoriske eigedomen.

Les meir ...

Fitjar kino klar for premiere!

14.01.2018 Kjetil Rydland

Den nye maskinen er på det nærmaste klar til å visa film i Fitjar kultur- og idrettsbygg. Foto: Kjetil Rydland.  Fitjar kino klar for premiere! Ole Bergesen ved Fitjar kultur- og idrettsbygg fortel...

Les meir ...
annonse
annonse

Badesesongen i full gang

14.01.2018 Kjetil Rydland

Ikkje akkurat Syden, men Leander Træet slappar av i bassenget. Foto: Kjetil Rydland.  Badesesongen i full gang Bassenget på Rimbareid skule er ope for ålmenta kvar måndag, bortsett frå i skuleferiane. 

Les meir ...

Zumbafeberen herjar igjen!

14.01.2018 Kjetil Rydland

Spreke damer på zumbamaraton i Fitjar kultur- og idrettsbygg. Foto: Trude Strand. Zumbafeberen herjar igjen! I dag har over 30 spreke damer gjennomført ein tre timars zumbamaraton, den første i på Fitjar...

Les meir ...

Vipe på Fitjar i dag!

13.01.2018 Kjetil Rydland

Vipa er ein flott fugl. Foto: FP-arkiv/KR.  Vipe på Fitjar i dag! I dag fekk Fitjarposten årets første melding om at det er observert vipe på Fitjar.

Les meir ...
annonse

Fagtorg "Klikk for å sjå alle"


Bankbygget mot ei ny blomstringstid

17.01.2018 Kjetil Rydland

Bygget som Sparebanken Vest flytta ut frå i 2016 ligg fint til midt i Fitjar sentrum. Foto: FP-arkiv/HCH.  Bankbygget mot ei ny blomstringstid Bankbygget i sentrum, som Sparebanken Vest flytta frå i...

Les meir ...