Grarotmidlane er kjærkomne for det frivillige arbeidet i Fitjar, i fjor kom Fitjar Racing Team og Ailin Vik med på lista over mottakarar. Foto: FP-arkiv/KR. 

Grasrotandelen – ei god støtte til lag og organisasjonar

I fjor fekk lag og organisasjonar i Fitjar inn rundt 220 000 kroner frå grasrotmidlane til Norsk Tipping, og vinnar blei også denne gongen Fitjar Idrettslag, med vel 86 000 kroner. 

 

Fitjar Idrettslag er den klart største organisasjonen i Fitjar, og det gjenspeglar seg naturlegvis i grasrotmidlane frå Norsk Tipping. Heile 227 deltakarar i Norsk Tipping sine spel har registrert at dei vil støtta Fitjar Idrettslag med sin grasrotandel. Dette gjer idrettslaget til den store vinnaren blant grasrotmottakarane i Fitjar. 

Nye på lista i 2017 over organisasjonar som du kan støtta, er Fitjar Racing Team og Strand Motorsport. Begge viser godt att på lista over mottakarar, med sine 18 og 21 gjevarar. På lista finn me elles dei same mottakarane som i fjor, til saman 18 organisasjonar innanfor idrett, interesseorganisasjonar, kultur og kunst, frivilligsentralar, rekreasjon og sosiale foreiningar og trus- og livssynsorganisasjonar.

 
Kor mykje pengar grasrotmottakarane i Fitjar og i nabokommunane våre – og i resten av landet – fekk i 2017, finn du på denne sida hos Norsk Tipping. Her kan du lasta ned og opna ei Excel-fil med informasjon om grasrotmidlane i hele landet.

- Annonse -

 
Ordninga med Grasrotandelen blei innført 1. mars 2009. Det kostar ingen ting å vera grasrotgivar. Spela du kjøper kostar nøyaktig det same, men fem prosent av innsatsen har gått direkte til den grasrotmottakeren du vel å støtta. For dei fleste spela aukar denne prosentdelen til sju frå årsskiftet.

Ved å registrera deg som grasrotgjevar kan du som Norsk Tipping-kunde gje av innsatsen din vidare til ein organisasjon som du vel sjølv. Du kan gå inn på denne sida hos Norsk Tipping, og søkjer du på FITJAR, finn du 18 mogelege mottakarar av tippepengane dine.  

GRASROT-MIDLAR TIL FITJAR I 2017 (Talet på gjevarar i parentes)

1. Fitjar idrettslag kr 86 297 (227)

2. Fitjar skyttarlag kr 29 412 (75)

3. Fitjar skulekorps kr 20 429 (83)

4. Fitjar frivilligsentral kr 15 295 (46)

5. Fitjar Veteranbil klubb kr 14 790 (29)

6. Fitjar Musikklag kr 13 097 (33)

7. Fitjar seniorsenter kr  9 395  (18)

8. Fitjar Shotokan karate  kr 9 306 (27)

9. Dåfjorden Velforening kr  8 109 (22)

10. Alslaget nordlandshest/lyngshest i vest kr 3 285 (12)

11. Fitjar Racing Team kr  3 130 (18)

12. Strand Motorsport kr  2 317 (21)

13. Nasjonalforeningen Stord Fitjar kr 1 894 (9)

14. Øvrebygda 4H kr 1 815 (9)

15. Sunnhordland Padleklubb kr 1 420 (9)

16. NFU Stord Fitjar kr 436 (4)

17. Radio Fitjar kr 201 (2)

18. Frivillig Hordaland kr 13