Fredag 22. Juni 2018



Westerheim-brørne med medaljar på Geithus, t.h. Morten Saur frå Bjugn. Foto: Jan Henriksen. 

Suverene i NM for veteranar

Med storebror hakk i hæl gjorde Onar Westerheim reint bord under veteran-NM på skeiser på Geithus i helga. Kjell Håvard Belsvik var nesten like suveren i sin klasse.


Den fremste veteranen vår på skeisebanen, Onar Westerheim, har rykt opp til 70-årsklassen i år. Og dermed er han heilt ustoppeleg i klassen sin. Under veteran-NM på Geithus i helga vann han alle fire distansane. Med tidene 47,20, 2.31,15, 1.36,38 og 5.13,68 fekk han poengsummen 198,053 og var over seks poeng føre Harald Westerheim på andreplass. Beste ikkje-fitjarbu i klassen blei Morten Saur frå Bjugn, nesten 10 poeng bak Onar.

Også Jan Henriksen frå Stord stilte i 70-årsklassen. Han måtte reisa heim utan medaljar, sjølv om han var veldig nær på 500 meter, der han fekk tida 51,05. Han fortel til Fitjarposten at det er neste sesong han satsar på: – Då skal eg opp i 75-årsklassen, og der har eg ingen Westerheim det første året ...  


 Kjell Håvard Belsvik med gullmedalje på 3000 meter, saman med Geir Nesset, sølv, og Øystein Borgersen, bronse. Foto: Jan Henriksen. 

Fjerdemann i troppen frå Stord imponerte minst like mykje som den eldre garde. Kjell Håvard Belsvik går i 50-årsklassen, og møtte såleis mykje sterkare motstand. Han vann likevel klassen sin samanlagt med desse tidene: 43,89, 4.50,27, 2.15,78 og 8.27,88, heile seks tidspoeng føre nestemann, Geir Nesset frå Trondhjems Skøiteklub. På 500 og 1500 blei han slegen av Ivar Njøs frå Leinstrand, men på dei to lengste distansane vann Belsvik klart. 

Forholda på Geithus var bra, seier Onar Westerheim til Fitjarposten. Det var om lag 15 minusgrader, noko som gir litt tråare is enn ved 0 grader. Men til å vera ute var det gode forhold, seier Onar, og arrangørane hadde gjort ein kjempejobb i førre veke med å gjera banen klar. Det hadde nemleg falle mykje snø, og det var så høge brøytekantar at du ikkje såg over på motsett side av banen. 

Alt i alt er den fremste skeiseløparen vår rimeleg fornøgd med resultata i helga, sjølv om han meiner 1500-meteren burde vore betre. Han konstaterer med glede at også storebror, Harald Westerheim, hadde ei god helg på Geithus. Men no rettar han allereie blikket mot nye storløp. Midt i neste veke reiser Westerheim-brørne til VM for veteranar i Baselga i Nord-Italia. Dette er eit høgdepunkt, og der er Onar fast bestemt på å yta sitt beste, mot dei beste veteranane i verda. 



Vinterstemning på Geithus. Foto: Jan Henriksen. 

 

Alle resultata kan du lesa via denne linken, men her kjem dei som er mest interessante for oss: 


Resultat NM klasse M70

1. Onar Westerheim, Stord IL – 47,20 – 2.31,15 MT – 1.36,38 – 5.13,68 MT – 198,053

2. Harald Westerheim, Stord IL – 50,81 – 2.33,58 – 1.40,03 – 5.15,65 – 204,626

3. Morten Saur, Bjugn/Ørland SK – 51,41 – 2.34,92 – 1.42,43 – 5.21,40 MT – 207,831

4. Magnar Langvik, Trondhjems Skøiteklub – 50,50 – 2.39,72 MT – 1.42,74 – 5.39,61 – 211,711

5. Per Nygård, SSSK – 55,47 – 2.49,02 – 1.49,74 – 6.00,22 – 226,716

6. Jan Henriksen, Stord IL  – 51,05 – 2.52,30 – 1.47,49 – 162,228

 

Resultat NM klasse M50

1. Kjell Håvard Belsvik, Stord IL, 43,89 – 4.50,27 – 2.15,78 – 8.27,88 – 188,316 

2. Geir Nesset, Trondhjems Skøiteklub – 44,21 – 4.59,64 – 2.20,10 – 8.55,71 MT – 194,421

3. Øystein Borgersen, Geithus IL – 47,95 – 5.19,01 – 2.28,78 – 9.12,75 MT – 205,986

4. Tord Fredriksen, Lilleborg IK – 58,19 – 5.37,68 – 2.43,23 – 9.21,74 – 225,054

5. Ivar Njøs, Leinstrand IL – 40,08 – 2.15,17 – 85,136

 

http://www.skoyter.net/gil/?page_id=203&mappe=2017_18/VetNM

Butikkar og tenester i sentrum "Klikk for å sjå alle"

.

A-laget slo Halsnøy / Trio 2!

21.06.2018 Kjetil Rydland

Daniel Skarpnes blei dagens mann i kampen mot Halsnøy / Trio 2 med to scoringar. Foto: FP-arkiv/KR. A-laget slo Halsnøy / Trio 2! Torsdag kveld sikra A-laget til Fitjar seg tre viktige...

Les meir ...

- Ikkje snakk ned kommunen vår!

21.06.2018 Harald Johan Sandvik

– Ikkje snakk ned kommunen vår! Rådmann Olaug Haugen og økonomisjef Trond Salmo informerer, Foto: Harald Johan Sandvik Snakk ikkje ned kommunen og den økonomisk situasjonen! Det var bodskapet frå kommunestyret i...

Les meir ...

Betelskipet tilbake til Fitjar

21.06.2018 Håkon C

Betelskipet tilbake til Fitjar   Betelskipet «Elieser 6» kjem tilbake til Fitjar på fredag, legg til ved Meierikaien og har kveldsmøte om bord.

Les meir ...
annonse
annonse

Fitjar har det dyraste byggesaksgebyret …

20.06.2018 Jonas Sætre

Fitjar har det dyraste byggesaksgebyret i Hordaland Medan Granvin kommune tek 4610 kroner i byggesaksgebyr, tek Fitjar komune heile 28.000 kroner for å gjere den same jobben.

Les meir ...

Samisk dag på Selevik skule

20.06.2018 Kjetil Rydland

Elevane har sett opp lavvoane, og Colin Alexander Peitisch viser at han har godt tak på lassoen. Foto: Kjetil Rydland.  Samisk dag på Selevik skule Friluftsrådet Vest skipa til "Samisk dag" for...

Les meir ...

Fitjar Mekaniske skriv kontrakt om nødsl…

20.06.2018 Kjetil Rydland

Eigenutvikla nødslaktefartøy skal byggjast ved Fitjar Mekaniske Verksted.  Fitjar Mekaniske skriv kontrakt om nødslaktefartøy Fitjar Mekaniske Verksted skreiv i går kontrakt med Austevoll-selskapet Servicebåt As om bygging av eit nødslaktefartøy med eigenutvikla...

Les meir ...
annonse

Fagtorg "Klikk for å sjå alle"


annonse