Marius Pedersen, friidrettsgut i rivande utvikling. Foto: Kjetil Rydland.

Marius og Marius flyr fort, høgt og langt

Under gårsdagens innandørsstemne i Deep Ocean Arena i Haugesund markerte friidrettsgutar frå Fitjar IL seg positivt. 

 

– To av Marius-ane våre noterte fine persar under innandørsstemnet i Haugesund i går, melder ein godt nøgd friidrettstrenar, Bård Inge Bø.

Marius Pedersen (11) suste inn til ein knusande overlegen siger på 60 meter med tida 9,31. Nestemann på lista måtte godt opp på 10-talet. I høgde vart det ein fin andreplass på den same Marius-en med 1,15, fem cm bak persen som han sette på Stord i romjula.

Marius Torbjørnsen (15) braut for første gong 30-sekundsbarrieren på 200 meter. 28,69 sekund syner at han gjorde det grundig; den førre persen hans var på 30,03. 10,34 meter i tresteg er også litt over utepersen frå i haust.

- Annonse -

 


Marius Torbjørnsen hoppar høgde på Stord i romjula: Foto: FP-arkiv/KR.