Fredag 22. Juni 2018



Gang rundt juletreet høyrer sjølvsagt med på julefesten i Osternes bedehus. Foto: Kjetil Rydland.

Alt ved det gamle på Gamlefesten

Osternes bedehus trekte på nytt fullt hus då den tradisjonelle julefesten blei skipa i går, på sjølvaste trettande dag jul. Songen og maten og stemninga elles var som vanleg av beste merke.

 

Denne julefesten blir skipa til den første laurdagen i januar kvart år, og i år fall denne på trettande dag jul, eller heilgtrekongarsdag. Det er ein særs tradisjonsrik fest det er snakk om. Ifølgje Marta Hageberg blei "Gamlefesten" starta opp av Husmorlaget heilt tilbake i 1946. Ho kom til Landa i Osternes-krinsen i 1958, og har vore med på denne tradisjonsrike festen kvart år sidan 1960. 


Marta fortel at rundt tusenårsskiftet tok dei to misjonsforeiningane i Osternes-krinsen over arrangementet. Det er kvinneforeinigane til Misjonssambandet og Det Norske Misjonsselskap. Leiar for arrangementet i går var svigerdotter til Marta, Åse Hageberg. 



Marta Hageberg har snart budd i Osternes-krinsen i 60 år, og har vore med på julefest kvart år sidan 1960. Foto: Kjetil Rydland. 

 

I si tid blei det skipa til tre juletrefestar i Osternes-krinsen, ein barnefest og ein ungdomsfest, i tillegg til Gamlefesten. Etter kvart har dei to andre festane døydd ut, men Gamlefesten lever i beste velgåande. Det fekk me eit levande prov på i går kveld. I kjellaren var det dekt på til mellom 70 og 80 menneske, og etter det me kunne sjå, var det på det nærmaste fullt. 


Med stødig røyst kunne Nils Ingmar Hageberg ønskja velkomen til den eldre garde frå Osternes-krinsen, i tillegg til ein del utflytta osternesingar frå fjern og nær. Tradisjonen tru stilte Osternes mannskor opp med vakker song under leiing av Ole Christian Ottestad. Eli Simonsen gledde forsamlinga med diktlesing, denne gongen med flotte tolkingar av dikt om stjerner og vismenn. Forfattarane var Heinrich Heine, Ole Paus, Kolbein Falkeid, og Einar Skjæråsen. Sistnemnde sitt dikt "Ledestjerne" er så vakkert at me siterer litt: " ... Gi oss en stjerne å feste øynene på! ... Gi oss ennå å bryte opp som de vise menn. Gi oss i natt en stjerne, og gi oss å følge den."


Andaktshaldar i går var Anne Marie Røed, som heldt eit lite historisk foredrag om dei tre vismennene frå Austerland som følgde stjerna og hamna i Jerusalem då dei kom for å hylla det nyfødde barnet Jesus. Ein litt spesiell andakt, som vekte stor interesse hos den modne forsamlinga. 
 


Anne Marie Røed held andakt over teksten i Matteusevangeliet om dei tre vismennene frå Austerland. Foto: Kjetil Rydland.


Men osternesingane baud ikkje berre på mat for sjela. I kjellaren hadde Solfrid Sandvik, Inga Skumsnes, Sigrfrid Skumsnes og Torunn Lillenes dekt på med herlege smørbrød. Sjølv om kjellaren var full av svoltne gjester og snittane var av beste slag, greidde me ikkje å eta opp alt. Og etter kvart blei me teppebomba med dei lekraste kaker, med rikeleg fløyte og all slags godt. Mat kan osternesingane, og dei hadde ikkje spart på noko!


Etter maten blei det tradisjonell juletregang med to ringar rundt den flotte edelgrana frå Landa. Og etterpå gledde Harald Johan frosamlinga med opplesing. Halvard Wiik sin humoristiske artikkel "Eit naudsynt ærend", om bankbesøket på Leirvik, vekte stor jubel. 

Festen blei avslutta på tradisjonelt vis med "Deilig er jorden". Då hadde osternesingane vist kvarandre og oss som kom utanfrå at dei gode tradisjonane lever i beste velgåande. Me takkar for oss, og kjem gjerne tilbake!

 


Mykje god mat og rundt 75 svoltne gjester i kjellaren. Foto: Kjetil Rydland. 



Aud Refvik og Guro Tveit risikerer ikkje å gå svoltne heim. Foto: Kjetil Rydland. 

 


Eli Simonsen, Anne Grete Hatlevik og Martin Hatlevik engasjerte seg sterkt i quizkonkurransen, men dei klarte likevel ikkje å hevda seg. Foto: Kjetil Rydland.  

 

 

Butikkar og tenester i sentrum "Klikk for å sjå alle"

.

A-laget slo Halsnøy / Trio 2!

21.06.2018 Kjetil Rydland

Daniel Skarpnes blei dagens mann i kampen mot Halsnøy / Trio 2 med to scoringar. Foto: FP-arkiv/KR. A-laget slo Halsnøy / Trio 2! Torsdag kveld sikra A-laget til Fitjar seg tre viktige...

Les meir ...

- Ikkje snakk ned kommunen vår!

21.06.2018 Harald Johan Sandvik

– Ikkje snakk ned kommunen vår! Rådmann Olaug Haugen og økonomisjef Trond Salmo informerer, Foto: Harald Johan Sandvik Snakk ikkje ned kommunen og den økonomisk situasjonen! Det var bodskapet frå kommunestyret i...

Les meir ...

Betelskipet tilbake til Fitjar

21.06.2018 Håkon C

Betelskipet tilbake til Fitjar   Betelskipet «Elieser 6» kjem tilbake til Fitjar på fredag, legg til ved Meierikaien og har kveldsmøte om bord.

Les meir ...
annonse
annonse

Fitjar har det dyraste byggesaksgebyret …

20.06.2018 Jonas Sætre

Fitjar har det dyraste byggesaksgebyret i Hordaland Medan Granvin kommune tek 4610 kroner i byggesaksgebyr, tek Fitjar komune heile 28.000 kroner for å gjere den same jobben.

Les meir ...

Samisk dag på Selevik skule

20.06.2018 Kjetil Rydland

Elevane har sett opp lavvoane, og Colin Alexander Peitisch viser at han har godt tak på lassoen. Foto: Kjetil Rydland.  Samisk dag på Selevik skule Friluftsrådet Vest skipa til "Samisk dag" for...

Les meir ...

Fitjar Mekaniske skriv kontrakt om nødsl…

20.06.2018 Kjetil Rydland

Eigenutvikla nødslaktefartøy skal byggjast ved Fitjar Mekaniske Verksted.  Fitjar Mekaniske skriv kontrakt om nødslaktefartøy Fitjar Mekaniske Verksted skreiv i går kontrakt med Austevoll-selskapet Servicebåt As om bygging av eit nødslaktefartøy med eigenutvikla...

Les meir ...
annonse

Fagtorg "Klikk for å sjå alle"


annonse