Velfortent kaffi og julekjeks på den godt kledde dugnadsgjengen i gapahuken. Foto: Kjetil Rydland. 

Dugnad på gapahuken

Ein liten gjeng flinke folk nytta det gode arbeidsvêret i går føremiddag til å få på plass skytja ved gapahugen ovanfor Kidnavatnet. 

I den litt kalde trekken laurdag føremiddag stilte ein liten gjeng gode dugnadsfolk opp ved gapahuken før soloppgang. Dagens jobb gjekk ut på å få på plass ei skytje for enden på den nye gapahuken. 

Tore Sigurd Fitja stilte med traktoren sin, og køyrde den nye vedabua, eller skytja, heilt fram. Ved hjelp av traktoren klarte han å buksera det vesle byggverket nesten heilt på plass. Toralv Røen hadde fått med seg «berre gode folk» i Bjørn Helle, Per Audun Kloster og Arne Devik, og dei brukte kort tid på å få den nye skytja heilt perfekt på plass for enden av gapahuken.

Godt verktøy og god kompetanse bidrog til at jobben blei kjapt og effektivt gjort. Tore Sigurd Fitjar har gjort større jobbar før, og han sørgde for at arbeidet blei kvalitetsmessig perfekt utført. Toralv Røen fyrte opp bålpanna og varma opp tettemassen. Dermed blei taket også lagt fagmessig på plass på taket. 

Etter vel utført arbeid blei det kaffi og julekjeks på den frosne, men glade dugnadsgjengen. Til glede for dugnadsfolka kikka sola opp over fjellkanten ein augneblink før ho forsvann igjen. Men om ei veke vil nok gapahuken ha solskin eit par timer lenger enn i dag.

- Annonse -

Toralv Røen hengde opp gjesteboka og vaktlista over dei som skal halda orden i og ved gapahuken det komande halvåret. Han fortel at det har meldt seg fleire frilvillige enn det er bruk for. Dei siste som har meldt seg, står på venteliste, og får ikkje vera med på vaktilista før til hausten! Røen legg ikkje skjul på at han synest det er gildt å samarbeida med så velvillige og flinke folk som me har i Fitjar. 

No begynner arbeidet på den nye gapahuken å bli ferdig, og ein del verktøy blei frakta ned på traktoren til Tore Sigurd Fitjar. Røen lovar ein endeleg opningsseremoni ved gapahuken til våren. 

 


Ein god traktor og ein god mann er godt å ha når ein skal ha gjort ein dugnadsjobb. Foto: Kjetil Rydland. 

 


Skytja blir teken imot av berre gode folk, Bjørn Helle, Per Audun Kloster, Toralv Røen, Arne Devik og Tore Sigurd Fitjar. Foto: Kjetil Rydland. 

 


Tya er ein arbeidsmann som kan det meste. Foto: Kjetil Rydland. 

 


Eldsjel Toralv Røen gjer opp eld i tyri. Foto: Kjetil Rydland.


Tettemassen til taket måtte varmast opp. Foto: Kjetil Rydland. 

 


Toralv Røen hengjer opp vaktlista. Foto: Kjetil Rydland.

 


Og om litt er kaffen klar. Foto: Kjetil Rydland