Fredag 22. Juni 2018



Det vert ikkje masseutsending av SIM sin tømmekalender i år heller, men det finst fleire måtar å få tak i han på. (Faksimilie: SIM) 

Kor blir det av tømmekalenderen?

Det vert ikkje masseutsending av SIM sin tømmekalender til alle husstandar i år heller. Grunnen kan du lesa i artikkelen under. 

 

– Me har ikkje lyst å printa ut fleire kalenderar enn nødvendig, seier plan- og kommunikasjonsansvarleg i SIM, Janne Hillersøy.

Ho minner om at det finst fleire måtar å få tak i den same informasjonen. Selskapet har ein funksjonell tømmekalender-app, og via nettsidene kan me printa ut kalenderen.

Ho legg til at alle som ynskjer det kan få papirkalender. Det er berre å venda seg til kundetorget i Fitjar rådhus eller miljøsentralen i Svartasmoget. 

Som kundar har me då fleire alternative måtar og få tak i kalender på:

1. Printa ut ein versjon frå nettsidene til sim.as

2. Henta tømmekalender ved ein av miljøsentralane

3. Henta tømmekalender på rådhuset/kommunehuset

4. Be SIM senda ein kalender i posten.

Årets tømmekalender gjeld fram til påske. Frå 9. april vil det koma ein ny renoavsjonsordning. I løpet av februar/mars vil me få ny tømmekalender og nødvendig informasjon om den nye ordninga, legg Janne Hillersøy til 

Butikkar og tenester i sentrum "Klikk for å sjå alle"

.

A-laget slo Halsnøy / Trio 2!

21.06.2018 Kjetil Rydland

Daniel Skarpnes blei dagens mann i kampen mot Halsnøy / Trio 2 med to scoringar. Foto: FP-arkiv/KR. A-laget slo Halsnøy / Trio 2! Torsdag kveld sikra A-laget til Fitjar seg tre viktige...

Les meir ...

- Ikkje snakk ned kommunen vår!

21.06.2018 Harald Johan Sandvik

– Ikkje snakk ned kommunen vår! Rådmann Olaug Haugen og økonomisjef Trond Salmo informerer, Foto: Harald Johan Sandvik Snakk ikkje ned kommunen og den økonomisk situasjonen! Det var bodskapet frå kommunestyret i...

Les meir ...

Betelskipet tilbake til Fitjar

21.06.2018 Håkon C

Betelskipet tilbake til Fitjar   Betelskipet «Elieser 6» kjem tilbake til Fitjar på fredag, legg til ved Meierikaien og har kveldsmøte om bord.

Les meir ...
annonse
annonse

Fitjar har det dyraste byggesaksgebyret …

20.06.2018 Jonas Sætre

Fitjar har det dyraste byggesaksgebyret i Hordaland Medan Granvin kommune tek 4610 kroner i byggesaksgebyr, tek Fitjar komune heile 28.000 kroner for å gjere den same jobben.

Les meir ...

Samisk dag på Selevik skule

20.06.2018 Kjetil Rydland

Elevane har sett opp lavvoane, og Colin Alexander Peitisch viser at han har godt tak på lassoen. Foto: Kjetil Rydland.  Samisk dag på Selevik skule Friluftsrådet Vest skipa til "Samisk dag" for...

Les meir ...

Fitjar Mekaniske skriv kontrakt om nødsl…

20.06.2018 Kjetil Rydland

Eigenutvikla nødslaktefartøy skal byggjast ved Fitjar Mekaniske Verksted.  Fitjar Mekaniske skriv kontrakt om nødslaktefartøy Fitjar Mekaniske Verksted skreiv i går kontrakt med Austevoll-selskapet Servicebåt As om bygging av eit nødslaktefartøy med eigenutvikla...

Les meir ...
annonse

Fagtorg "Klikk for å sjå alle"


annonse