Fredag 22. Juni 2018



I samtale med Håkon Hartvedt fortel 83-årige Klement Koløen dramatiske historier frå ungdomstida si i Koløyo. Foto: Kjetil Rydland. 

Lokalhistorie engasjerer fitjarbuen

Nesten 60 seniorar fylte Seniorsenteret i går kveld då biblioteksjefen bad inn til litteraturkveld med lokalhistoriske bøker.

 

Det er heilt tydeleg at fitjarbuen er interessert i lokalhistorie: eit nytt døme på det fekk me då Silje Torbjørnsen skipa til litteraturkveld på Seniorsenteret torsdag kveld. Også denne gongen måtte det berast inn ekstra stolar, og rundt 60 historieinteresserte fylte Seniorsenteret for å få med seg det beste me har av lokalhistorie i bygda vår.



Velfortente blomar til Håkon C. Hartvedt, Harald Johan Sandvik, Magnar Kloster og Harald Westerheim. Foto: Kjetil Rydland. 


Magnar Kloster er teknisk redaktør av "Fitjarminne", sogeskriftet som Fitjar sogelag har gitt ut dei siste fem åra. Dei fleste som var til stades, visste vel at dette har blitt ein suksess. Og me fekk oss ei hyggestund då Magnar Kloster presenterte dei fem utgåvene som har kome ut, frå 2013 og fram til i fjor. Han fann korte, artige utdrag som han las høgt for oss, og dei som ikkje hadde heftet frå før, fekk høve til å kjøpa. 

 


Ein ung Arne Tislavoll saman med ei endå yngre Elise Aarbø, og Alf Gjøsæter, med dei første bileta i den store biletsamlinga til Fitjar kommune.

 

Harald Westerheim har gjort ein stor jobb med å systematisera den store biletsamlinga til Fitjar kommune. Utgangspunktet for denne samlinga var bileta som kom inn i samband med bygdebokarbeidet på 1980-talet. Westerheim har vore biletansvarleg for fleire prosjekt seinare, og har etter kvart bygd denne samlinga opp til bli særs omfattande. Han viste oss korleis me kan finna fram i bileta, som er tilgjengelege på PC-en på Seniorsenteret. 

 

Og så gav han oss ein del kjekke smakebitar. Denne gongen viste han artige bilete frå Koløyo på 1960-talet. Dei fleste som var til stades i Seniorsenteret i går, kjende seg av naturlege grunnar igjen. Svært interessant er det å sjå kor lite skog det var i Fitjar for 50 år sidan. Og ikkje minst gjensynet med Koløyo under stodomstida til firmaet Isak Koløen AS. 

 


Det er kjekt med lokalhistorie, synest både Magnar Kloster og biblioteksjef Silje Torbjørnsen. Foto: Kjetil Rydland. 

 

Eit nærmare gjensyn med Koløyo og det tradisjonsrike firmaet til Isak Koløen og etterkomarane hans fekk me då Håkon C. Hartvedt tok ordet. Han fortalte om arbeidet med boka "Firmaet som sette KOLØYO på kartet", og takka brørne Svein, Tor, Kjell og Klement for samarbeidet. Medforfattar Harald Johan Sandvik gledde møtelyden med å lesa korte utdrag frå boka. Det gjorde ikkje underhaldningsverdien for oss mindre at Harald Johan er den beste opplesaren i bygda. 

Høgdepunktet under gårsdagens samkome var likevel avslutninga ved 83-åringen Klement Koløen. I samtale med Håkon C. Hartvedt fortalde han eit par dramatiske soger frå barne- og ungdomstida i Koløyo. Spesielt inntrykk gjorde episoden om lastebilen som hamna på sjøen med Klement oppi, ein dag november. Og det var berre så vidt Klement greidde å berga seg ut. 

Lastebilen skulle med varer til Ole Havn sin filial på Rydland. Då Ole Havn fekk vita om den store katastrofen, gav han 15-årige Klement beskjed om at han ville orientera faren, Isak. Han ville vel hindra at guten skulle få for mykje kjeft. 

Og då Klement møtte faren etterpå, var dette den einaste kommentaren han fekk: – Var det kaldt? 

 

 

 

Butikkar og tenester i sentrum "Klikk for å sjå alle"

.

A-laget slo Halsnøy / Trio 2!

21.06.2018 Kjetil Rydland

Daniel Skarpnes blei dagens mann i kampen mot Halsnøy / Trio 2 med to scoringar. Foto: FP-arkiv/KR. A-laget slo Halsnøy / Trio 2! Torsdag kveld sikra A-laget til Fitjar seg tre viktige...

Les meir ...

- Ikkje snakk ned kommunen vår!

21.06.2018 Harald Johan Sandvik

– Ikkje snakk ned kommunen vår! Rådmann Olaug Haugen og økonomisjef Trond Salmo informerer, Foto: Harald Johan Sandvik Snakk ikkje ned kommunen og den økonomisk situasjonen! Det var bodskapet frå kommunestyret i...

Les meir ...

Betelskipet tilbake til Fitjar

21.06.2018 Håkon C

Betelskipet tilbake til Fitjar   Betelskipet «Elieser 6» kjem tilbake til Fitjar på fredag, legg til ved Meierikaien og har kveldsmøte om bord.

Les meir ...
annonse
annonse

Fitjar har det dyraste byggesaksgebyret …

20.06.2018 Jonas Sætre

Fitjar har det dyraste byggesaksgebyret i Hordaland Medan Granvin kommune tek 4610 kroner i byggesaksgebyr, tek Fitjar komune heile 28.000 kroner for å gjere den same jobben.

Les meir ...

Samisk dag på Selevik skule

20.06.2018 Kjetil Rydland

Elevane har sett opp lavvoane, og Colin Alexander Peitisch viser at han har godt tak på lassoen. Foto: Kjetil Rydland.  Samisk dag på Selevik skule Friluftsrådet Vest skipa til "Samisk dag" for...

Les meir ...

Fitjar Mekaniske skriv kontrakt om nødsl…

20.06.2018 Kjetil Rydland

Eigenutvikla nødslaktefartøy skal byggjast ved Fitjar Mekaniske Verksted.  Fitjar Mekaniske skriv kontrakt om nødslaktefartøy Fitjar Mekaniske Verksted skreiv i går kontrakt med Austevoll-selskapet Servicebåt As om bygging av eit nødslaktefartøy med eigenutvikla...

Les meir ...
annonse

Fagtorg "Klikk for å sjå alle"


annonse