Miste brillene sine på fjellet

I dag har me fått ei etterlysing frå Marianne Sivertsen, som fortel at svigerfaren har mist brillene sine på fjellet.

Brillene til svigerfaren skal ha kome vekk under ein tur i vindmølleparken.

Marianne Sivertsen trur at svigerfaren la dei frå seg då han kledde på seg varmare klede, på veg oppover mot vindmøllene. Nøyaktig kor brillene forsvann, er dei litt usikre på, men truleg ein stad i området på parkeringsplassen ved Olstjødno eller turvegen oppover til den vesle brua ved den første rasteplassen. 

Diverre har ho ikkje noko bilde av brillene, men dei er blågrøne og har glas som blir mørke i sollys. Dersom du har sett desse brillene – og eventuelt teke vare på dei – kan du ta kontakt med Marianne Sivertsen på telefon 41 61 22 92. 

- Annonse -