Neste år skal vegkrysset byggjast om. Foto: Harald Johan Sandvik.

Det nye vegkrysset i sentrum vert bygt i 2018

Kommunen og Statens Vegvesen forhandlar om avtale.

 

I formannskapet onsdag var dette sak. Det er trong for å laga ein avtale med Statens vegvesen om kostnadsdeling av arbeid i samband med vegkrysset. 

Når det gjeld vatn, avlaup og kapasitet for overvatn, gjeld det meir enn berre i vegkrysset. Det vert fornying frå bedehuset og ned til krysset, og i gata frå Simonsen-eigedomen i aust til Videoen i vest.

Kommunen skal i utgangspunktet betala for kostnadene til vatn og avlaup i samband med bygging av vegkrysset. Statens vegvesen krev mellom anna også at kommunen skal betala ein del av kostnaden med røyrsystem for overvatn.  Anlegget er ikkje lyst ut på anbod enno, så kostnadene er ikkje avklart. Førebels er det lagt inn ein sum i budsjett 2018.  

- Annonse -

Vidare ligg det inne i prosjektet at kommunen må avstå areal til deler av tiltaket. Det må difor også avtalast pris og vilkår for desse areala.

Forhandlingane er i gang, det er knapp tid, og det er lenge til neste møte i formannskapet. Ordførar og rådmann bad difor om fullmakt til å gjennomføra forhandlingar og laga ein avtale. Fullmakta bør vera så vid at dei kan gjera ein endeleg avtale.

I neste omgang, når kostnadsramma er kjend, må saka like til kommunestyret.  

Formannskapet gav samrøystes fullmakt til ordførar og rådmann.