Måndag 11. Desember 2017



Formannskapet diskuterer budsjettet. Foto: Harald Johan Sandvik. 

Formannskapet hadde saka om budsjett 2018 og økonomiplan 2018 –2021 oppe i går

Skule: Formannskapet sitt fleirtal gjekk inn for halda fram med to andreklassar på Rimbareid, men berga ikkje sjuandeklassen i Øvrebygda, som etter framlegget vert overført til Rimbareid til hausten.

 

Katrin Innvær Ankervold, hovudtillitsvald for Utdanningsforbundet i Fitjar, sa til Fitjarposten etterpå at dei er svært skuffa over at formannskapet ikkje tok omsyn til sjuandeklassen i Øvrebygda. For skulen i Fitjar er det ei svært viktig sak at den klassen vert verande i Øvrebygda. 

I sist møte sende formannskapet saka over til utvala til handsaming. No har utvalet gitt tilbakemelding. Formannskapet gjorde sine vedtak i dag. Det vedtekne budsjettet vert lagt ut på høyring fram til onsdag 20. desember, då det vert gjort endeleg vedtak i kommunestyret.

Det er som kjent nedskjering på skule som har fått mest fokus etter at budsjettframlegget frå administrasjonen vart gjort kjent. Samanslåing av to andreklassar på Rimbareid og flytting av sjuandeklassen frå Øvrebygda til Rimbareid har gitt reaksjonar. Begge tiltaka var lagt inn frå august 2018.

I tillegg var det lagt inn ein reduksjon på Pleie og omsorg. Gjennom mange tiltak er løyvinga føreslege redusert med 2 mill. frå 2019 til 2020.

Utval for oppvekst og omsorg har hatt møte på saka. Dei vedtok i korte trekk: 

Samanslåing av andreklassane på Rimbareid og flytting av sjuandeklassen i Øvrebygda til Rimbareid bør ikkje gjennomførast i 2018. Kommunen sin skulebruksplan skal rullerast i 2018, og slike saker må koma i den prosessen. Dei presiserer også at ressursane i heimetenestene må prioriterast til dei områda der behovet er størst.

Tidleg i møtet i dag la Arne Prestbø, H, fram felles endringsframlegg frå H og Ap. Hovudtrekka var: 

Utgifter: – Ikkje auke i eigedomsskatt i perioden – ikkje slå saman andreklassar – pluss fleire utgiftspostar som er kome til etter at rådmannen kom med sitt framlegg. 

Inntekter: – redusert auke i sosialhjelp – banktenester på anbud (rentesats) – leiga ein ekstra sjukeheimsplass til Stord – redusera næringstilskot – pluss fleire postar der saker har endra seg etter at rådmannen kom med sitt framlegg. 

Dette reduserer resultatet for 2018 frå kr 1.435.842 i rådmannen sitt framlegg til kr 680.842.

Framlegget fekk 4 røyster, H, Ap og FrP. Dagfinn Brekke, KrF, røysta imot. KrF vil koma tilbake med framlegg i kommunestyret, der dei i tillegg til å bevara andreklassane på Rimbareid også vil unngå å flytta sjuandeklassen frå Øvrebygda. 

I langtidsperioden 2018–2021 må kommunen i sum gå i pluss. Dersom resultatet er negativt eitt år, må ein kunna dekka underskotet med overskot frå tidlegare år i perioden.

 

Butikkar og tenester i sentrum "Klikk for å sjå alle"

.

Døgeret rundt for brøyten

10.12.2017 Håkon C

  Brøyting på fortau tidlegare i kveld. No må mannskapa konsentrera seg om å strø vegane. Så tek dei fortaua i morgon. Foto: Håkon C. Hartvedt Døgeret rundt for brøyten Tre traktorar har...

Les meir ...

Julestemning med Putti Plutti Pott

09.12.2017 Kjetil Rydland

Sandeid barne- og ungdomsteater med sjarmerande versjon av nissemusikalen Putti Plutti Pot. Foto: Kjetil Rydland. Julestemning med Putti Plutti Pott Laurdag ettermiddag fekk eit lydhøyrt publikum gleda av å sjå den kjende nissemusikalen...

Les meir ...

Mestervindu på Fitjar får ny eigar

09.12.2017 Håkon C

Mestervindu på Fitjar får ny eigar     Foto: Mestervindu Mestervindu er kjøpt opp av eit større dør- og vindusleverandør på Austlandet. No ventar fabrikksjefen kraftig vekst i 2018.

Les meir ...
annonse
annonse

Søknader om investeringstilskot

08.12.2017 Harald Johan Sandvik

  No kan kulturhuset få sin eigen kino! Foto: Harald Johan Sandvik. Søknader om investeringstilskot Tre aktuelle saker i formannskapet på onsdag.

Les meir ...

Prioritering av søknader om spelemidlar

08.12.2017 Harald Johan Sandvik

Bildetekst: Skyttarlaget sitt hus. No kan det også koma 15 m. innandørs skytebane på området. Foto: Harald Johan Sandvik. Prioritering av søknader om spelemidlar Søknadsfrist er 15. januar.

Les meir ...

Det nye vegkrysset i sentrum vert bygt i…

08.12.2017 Harald Johan Sandvik

 Neste år skal vegkrysset byggjast om. Foto: Harald Johan Sandvik. Det nye vegkrysset i sentrum vert bygt i 2018 Kommunen og Statens Vegvesen forhandlar om avtale.

Les meir ...
annonse

Fagtorg "Klikk for å sjå alle"


Flinke handballjenter

10.12.2017 Kjetil Rydland

Blide ellevåringar frå Fitjar på Nore Neset laurdag. Foto: Privat.  Flinke handballjenter Laurdag var Fitjar-jentene i ellevårsklassen på Nore Neset og vann to kampar.

Les meir ...
Boklansering: Firmaet som sette Koløyo på kartet - www.fitjarposten.no