Laurdag 17. Februar 2018



Trine Rein og Eli Kristin Hanssveen kappast om å sprudla i Fitjar kyrkje. Foto: Kjetil Rydland. 

Julekonsert med Trine Rein og Eli Kristin Hanssveen

Dei som våga seg ut i regnet onsdag ettermiddag og tok vegen til kyrkja, fekk oppleva ein frisk julekonsert med ei opplagt Trine Rein, som denne gongen hadde med seg operasongar Eli Kristin Hanssveen.

 

Det var ei frisk og opplagt Trine Rein som entra Fitjar kyrkje i går, saman med operasongar Eli Kristin Hanssveen. Dei hadde med seg eminente musikarar fra øvste hylle, Olav Torgeir Kopsland på ymse strengeinstrument og Sjur Husom Vonen på keyboard og gitar. 

 


Olav Torgeir Kopsland t.v. og Sjur Husom Vonen t.h. akkompagnerte dei to kjende songfuglane. Foto: Kjetil Rydland.

 

Trine Rein hadde gledd seg til å koma tilbake til Fitjar kyrkje, etter at ho var med på Fitjarfestivalen sommaren 2016: 

«I fjor fikk jeg æren av å holde konsert i Fitjar kyrkje, og det er en opplevelse jeg ikke har glemt! For et publikum, for en service, for et hyggelig sted, og for en flott kirke! Nå gleder jeg meg veldig til å få komme tilbake til denne kirken, og å få holde førjulskonsert med selveste Eli Kristin Hanssveen i tillegg!» 

 
Ho hadde håpt å treffa det same publikummet igjen under gårsgens julekonsert, men det var berre dei 80 mest trufaste som møtte opp. Sist Trine Rein var i Fitjar, skein sola, og det gjorde ho slett ikkje i går. I tillegg var nok tidspunktet kl. 17.30  lite gunstig for folk som gjerne må kvila litt i tussmørket etter middag, før dei vågar seg ut att i regnet. 


Men dei som kom såg ut til å ta vel imot Trine Rein denne gongen òg, i ein julekonsert som var litt forskjellig frå det me er vane med. Saman med operasongar Elin Kristin Hanssveen og dei to musikarane framførte den gamle Fitjar-venen kjende og kjære julesongar i tillegg til enkelte ganske nye.


Turneen som Trine Rein no gjennomfører, skjer i samarbeid med hjelpeorganisasjonen Mission Aviation Fellowship (MAF). Trine Rein har vore med på oppdrag med MAF i Uganda tidligare i år, og ho nytta høvet til å fortelja om eit gripade møte med flyktningar på grensa til Sør-Sudan. Dagleg leiar i MAF, Willy Ludvigsen, fortalte litt om organisasjonen, og gav publikum høve til å gi ein skjerv til arbeidet, anten kontant, via SMS eller på Vipps.

 
MAF er ein verdsomspennande organisasjon som flyr nødhjelp til dei mest uframkommelege stader i verda. Kvart tredje minutt lettar eller landar eitt av MAFs 140 fly på oppdrag i eit av de 25 landa dei opererer i – Asia, Sør-Amerika eller i Afrika. Dei er nøytrale, og hjelper blant anna andre hjelpeorganisasjonar med å frakta bistand og nødhjelp til katastrofeområde når det er behov for det.


Til liks med førre gong Trine Rein var i Fitjar, delte ho også denne gongen den avgjernade åndelege opplevinga ho hadde i ei kyrkje i Los Angeles for ein del år sidan. Den dannar grunnlaget for prosjektet, som ho har kalla «Julegaven». Ho uttalte at ho ønskte å skapa liv og glede i kyrkja, både med humoristiske og høgtidelege augneblinkar. Skal me dømma etter stemninga i benken, lukkast ho bra.  

 
Som ein har lov å venta av musikantar på dette nivået, blei det ein konsert av topp kvalitet. Publikum såg ut til å ta godt imot både dei tradisjonelle og dei meir rocka versjonane av kjende julesongar. Og dei klappa villig. Eit tankekors er det likevel at ein del av tekstane ikkje nådde opp på galleriet. 

 

 

Butikkar og tenester i sentrum "Klikk for å sjå alle"

.

Korpsmusikk og publikum fylte Kultursale…

15.02.2018 Kjetil Rydland

Fitjar skulekorps spela frå ABBA-programmet som dei skal framføra i april. Foto: Kjetil Rydland.  Korpsmusikk og publikum fylte Kultursalen Vakker korpsmusikk, kaffi og god kaffimat og ikkje minst veldig god stemning fekk dei...

Les meir ...

Kokk tek over leiaransvaret for Fitjarfe…

15.02.2018 Jonas Sætre

Kokk tek over leiaransvaret for Fitjarfestivalen Inger Elin Helland har hatt ansvaret for maten under Fitjarfestivalen i mange år. No er ho valt som ny festivalleiar.

Les meir ...

Teiknspråk engasjerer!

14.02.2018 Kjetil Rydland

Teiknspråklærarane Eli-Sigrun Wiik og Ellen Rolfsnes i aksjon på kurset i Fitjar kultur- og idrettsbygg. Foto: Kjetil Rydland. Teiknspråk engasjerer! I januar og februar har ein gjeng ivrige fitjarfolk vore med på...

Les meir ...
annonse

Fleire innstilte ferjeavgangar

14.02.2018 Kjetil Rydland

Ferjevgangar frå Sandvikvåg i morgon tidleg er innstilte. Foto: FP-arkiv/KR Fleire innstilte ferjeavgangar På grunn av tekniske vanskar er fleire ferjeavgangar frå Sandvikvåg torsdag føremiddag innstilte. 

Les meir ...

Sjå «Den 12. mann» med tekst

14.02.2018 Kjetil Rydland

Ole Bergesen lovar ikkje raud løpar og sprudlevatn, men førstkomande søndag kan alle som var på kinopremieren få sjå filmen «Den 12. mann» på nytt utan å betala. Foto: Kjetil Rydland.  Sjå...

Les meir ...

Olav Oma til Stord

13.02.2018 Kjetil Rydland

Sokneprest Olav Johannes Oma til Stord. Foto: FP-arkiv/KR.  Olav Oma til Stord Det er no endeleg avklart at sokneprest Olav Johannes Oma tek over stillinga som sokneprest i Stord.

Les meir ...
annonse

Fagtorg "Klikk for å sjå alle"


Quiz for historiebøkene!

17.02.2018 Kjetil Rydland

Jostein Siglen med fingeren på bildet av seg sjølv på gårsdagens bildequiz, laget hans var det einaste som ikkje kjende han igjen på bildet. Foto: Kjetil Rydland. Quiz for historiebøkene! Fredagskveldens quiz...

Les meir ...