Laurdag 17. Februar 2018



Leiar Gisle Levåg tok imot prisen på vegner av Fitjar Idrettslag. Foto: Kjetil Rydland.  

Frivilligpris til Fitjar Idrettslag

Nesten 100 frivillige møtte opp tysdag kveld for å feira seg sjølve og vinnaren av Frivilligprisen 2017, Fitjar Idrettslag.

 

Tradisjonen tru møttest dei frivillige som er tilknytte Fitjar Frivilligsentral til festleg samvær på FNs Internasjonale frivilligheitsdag 5. desember, som var i går. Som vanleg var det laga ei vakker ramme rundt utdelinga av Frivilligprisen, med småbord, levande lys og god mat. Karine T. Lillenes sette forsamlinga i god julestemning med vakker song, akkompagnert av Bent Jarle Brenne på piano.

 


To mann som veit mykje om frivillig arbeid, varaordførar Agnar Aarskog og leiar i Fitjar Idrettslag, Gisle Levåg. Foto: Kjetil Rydland.

 

Prisvinnar med visjonar og tradisjonar

Frivilligprisen gjekk denne gongen gjekk til ein gammal travar i det frivillige arbeidet i bydga, Fitjar Idrettslag. Den 68 år gamle prisvinnaren har i dag rundt 800 medlemmer, og har nok ytt meir frivillig arbeid i Fitjar enn nokon andre. Det var såleis ein svært velfortent pris som blei utdelt tysdag kveld. 

Varaordførar Agnar Aarskog, som sjølv er ei gamal eldsjel i det frivillige arbeidet i bygda, fekk gleda av å del ut prisen. Han uttrykte stor glede over at Fitjar Idrettslag hadde blitt funne verdig ein slik pris, og poengterte at det er viktig med eit sterkt idrettslag. 

Han refererte til kriteria for prisen, der det blant anna heiter: «Frivilligprisen vert gitt til ein initiativrik person, lokal foreining eller gruppe som gjennom sine idear og pågangsmot har betra trivsel og livskvalitet for andre. Med sine idear og pågangsmot har han/ho/dei medverka til eit meir ope og aktivt samfunn».

Før han overrekte diplom og gåvesjekk til leiaren i Fitjar Idrettslag, Gisle Levåg, minte han mo at idrettslaget treng mange frivillige; det er dei som får prisen! sa han. Og avslutta med ei sterk oppmoding: Ta del i det frivillige arbeidet, og ver med på å gjera Fitjar til ein god stad å bu!

Ein svært takknemleg Gisle Levåg takka på vegner av Fitjar Idrettslag. Han retta takken både til varaorførar Aarskog, juryen, dei frivillige i laget, dagleg leiar i Fitjar Idrettslag, Vidar Aarskog, og næringslivet, som har støtta godt opp om laget i alle år. 

 

Juryens grunngjeving for årets tildeling

«Fitjar Idrettslag blir tildelt frivilligprisen 2017. Ein har lagt vekt på lagets evne til moblisering, godt folkehelsearbeid, og evne til å vera nytenkande og inkluderande. Idrettslaget har spesielt dei seinare år stått for mange ulike arrangement, gjort godt frivillig arbeid som gjev ringverknader og god helsegevinst for mange».

Dette skriv juryen i si grunngjeving for å dela ut årets pris til Fitjar Idrettslag. Og juryen er styret Fitjar Frivilligsentral; leiar Gro Rydland, nestleiar Vigdis Røen Leirvik, styremedlemmene Paul Lillenes, Hrafn Thorsteinsson, Sigrunn Eiken, Kari Nøstbakken og varamedlem Astrid Skumsnes. 

 

Underfundig tale ved skulesjefen

Som vanleg når John Karsten Raunholm tek ordet, viste han at han har ordet i si makt. Han nytta høvet til å gratulera prisvinnaren med dagen, og vekte stor fagnad for den artige utlegninga av ordet «frivilligheit».

Han delte ordet i tre delar; FRI – VILLIG – HEIT – og meinte at det kunne få tankane til å vandra i mange retninar. Og det gjorde tydelegvis tankane hos det takknemlege publikummet. 

Skulesjefen minte oss på at det frivillige arbeidet i Fitjar har lange tradisjoner: Det er ei stor ressurs som kjem fellesskapet til gode, me må ikkje la denne vitra bort!

 

Takk til alle frivilige!

Nestleiar Vigdis Røen Leirvik leia samværet på ein fast, men uhøgtideleg måte. Etter at «Hoff-leverandørar» hadde servert oss den herlegaste betasuppa, sjølvsagt laga av Petter Hoff, blei det avduka eit nydeleg kakebord. 

Og heilt til slutt nytta nestleiaren i styret fro Frivilligsentralen høvet til å takka alle dei frivillige i Fitjar, som til saman utfører 3,5 årsverk, kvart år! Ho minte dei frivillige om at desse hjelparane som all slags frivillig arbeid, gjer ein svært viktig jobb. 

 


Blide damer på frivilligfest, dagleg leiar i Fitjar Frivilligsentral og Vigdis Røen Leirvik, som leia festen. Foto: Kjetil Rydland. 

 


Karine T. Lillenes og Bent Jarle Brenne sette forsamlinga i god stemning. Foto: Kjetil Rydland. 

 


John Karsten Raunholm med ein humoristisk tale over temaet frivilligheit. Foto: Kjetil Rydland. 

 


Det låg mykje godt frivillig arbeid bak dette freistande kakebordet. Foto: Kjetil Rydland. 

 

 

 

Butikkar og tenester i sentrum "Klikk for å sjå alle"

.

Korpsmusikk og publikum fylte Kultursale…

15.02.2018 Kjetil Rydland

Fitjar skulekorps spela frå ABBA-programmet som dei skal framføra i april. Foto: Kjetil Rydland.  Korpsmusikk og publikum fylte Kultursalen Vakker korpsmusikk, kaffi og god kaffimat og ikkje minst veldig god stemning fekk dei...

Les meir ...

Kokk tek over leiaransvaret for Fitjarfe…

15.02.2018 Jonas Sætre

Kokk tek over leiaransvaret for Fitjarfestivalen Inger Elin Helland har hatt ansvaret for maten under Fitjarfestivalen i mange år. No er ho valt som ny festivalleiar.

Les meir ...

Teiknspråk engasjerer!

14.02.2018 Kjetil Rydland

Teiknspråklærarane Eli-Sigrun Wiik og Ellen Rolfsnes i aksjon på kurset i Fitjar kultur- og idrettsbygg. Foto: Kjetil Rydland. Teiknspråk engasjerer! I januar og februar har ein gjeng ivrige fitjarfolk vore med på...

Les meir ...
annonse

Fleire innstilte ferjeavgangar

14.02.2018 Kjetil Rydland

Ferjevgangar frå Sandvikvåg i morgon tidleg er innstilte. Foto: FP-arkiv/KR Fleire innstilte ferjeavgangar På grunn av tekniske vanskar er fleire ferjeavgangar frå Sandvikvåg torsdag føremiddag innstilte. 

Les meir ...

Sjå «Den 12. mann» med tekst

14.02.2018 Kjetil Rydland

Ole Bergesen lovar ikkje raud løpar og sprudlevatn, men førstkomande søndag kan alle som var på kinopremieren få sjå filmen «Den 12. mann» på nytt utan å betala. Foto: Kjetil Rydland.  Sjå...

Les meir ...

Olav Oma til Stord

13.02.2018 Kjetil Rydland

Sokneprest Olav Johannes Oma til Stord. Foto: FP-arkiv/KR.  Olav Oma til Stord Det er no endeleg avklart at sokneprest Olav Johannes Oma tek over stillinga som sokneprest i Stord.

Les meir ...
annonse

Fagtorg "Klikk for å sjå alle"


Quiz for historiebøkene!

17.02.2018 Kjetil Rydland

Jostein Siglen med fingeren på bildet av seg sjølv på gårsdagens bildequiz, laget hans var det einaste som ikkje kjende han igjen på bildet. Foto: Kjetil Rydland. Quiz for historiebøkene! Fredagskveldens quiz...

Les meir ...