Måndag 11. Desember 2017



Harald Johan Sandvik og Håkon C. Hartvedt med den nye boka om Isak Koløen. Brørne Tor, Kjell og Klement Koløen var med på lanseringa hos Larsen i dag. Foto: Kjetil Rydland. 

Lanserte viktig bok om lokalhistorie

I dag var det lansering av den nye boka om trelastfirmaet Isak Koløen, eit firma som i 50 år var blant dei største arbeidsgivarane i Fitjar.


Redaktøren i Fitjarposten, Håkon Hartvedt, og medforfattar Harald Johan Sandvik har hatt det travelt i haust. Derfor hadde dei det ekstra kjekt i dag då dei kunne samla dei tre eldste Koløen-brørne til lansering av boka "Firmaet som sette Koløyo på kartet". 


Me som har levd ei stund, og hugsar grunnleggjaren Isak Koløen, veit at det var ein stor prestasjon å etablera trelastfirmaet som eit av dei største i sitt slag på heile Vestlandet. Det var såleis ein stor dag for brørne Klement, Kjell og Tor då dei i dag kunne presentera historia si mellom to permar. Svein Koløen hadde diverre ikkje høve til å vera med. 

 
Den store omsetnaden blei det ikkje under lanseringa, sjølv om Jim Reeves gjorde sitt beste med vakre julesongar i bakgrunnen. Men redaktør Hartvedt seier seg rimeleg fornøgd med eit sal på rundt 30 bøker første dagen.


Etter eit par timar utanfor MX Sport hos Larsen bar det opp til Joker Rydland, eller Filialen, som det heiter i daglegtalen. Då er du straks eit lite stykke nærmare "røtene" til firmaet frå Koløyo, og ein del tilårskomne bygdefolk møtte fram for å sikra seg den nye boka, signert av forfattarane. 

 
Me minner om at boka vil bli presentert hos Thea Træet i morgon mellom klokka 14.00 og 16.00. Om du ikkje har høve til å sikra deg boka i morgon heller, kan du kjøpa henne seinare, anten på Thea Træet, Joker Rydland eller på ein av bokhandlane på Stord. 

 


På Filialen kom Synnøve Rydland og sikra seg ei bok, ho er dotter til Tørris Koløen. Foto: Kjetil Rydland.

 


Den gamle Koløy-arbeidaren Gunnar Aarbø viser biletet av "Larsahøvelen", den første store maskinen dei fekk i Koløyo. Foto: Kjetil Rydland. 

 

Butikkar og tenester i sentrum "Klikk for å sjå alle"

.

Døgeret rundt for brøyten

10.12.2017 Håkon C

  Brøyting på fortau tidlegare i kveld. No må mannskapa konsentrera seg om å strø vegane. Så tek dei fortaua i morgon. Foto: Håkon C. Hartvedt Døgeret rundt for brøyten Tre traktorar har...

Les meir ...

Julestemning med Putti Plutti Pott

09.12.2017 Kjetil Rydland

Sandeid barne- og ungdomsteater med sjarmerande versjon av nissemusikalen Putti Plutti Pot. Foto: Kjetil Rydland. Julestemning med Putti Plutti Pott Laurdag ettermiddag fekk eit lydhøyrt publikum gleda av å sjå den kjende nissemusikalen...

Les meir ...

Mestervindu på Fitjar får ny eigar

09.12.2017 Håkon C

Mestervindu på Fitjar får ny eigar     Foto: Mestervindu Mestervindu er kjøpt opp av eit større dør- og vindusleverandør på Austlandet. No ventar fabrikksjefen kraftig vekst i 2018.

Les meir ...
annonse
annonse

Søknader om investeringstilskot

08.12.2017 Harald Johan Sandvik

  No kan kulturhuset få sin eigen kino! Foto: Harald Johan Sandvik. Søknader om investeringstilskot Tre aktuelle saker i formannskapet på onsdag.

Les meir ...

Prioritering av søknader om spelemidlar

08.12.2017 Harald Johan Sandvik

Bildetekst: Skyttarlaget sitt hus. No kan det også koma 15 m. innandørs skytebane på området. Foto: Harald Johan Sandvik. Prioritering av søknader om spelemidlar Søknadsfrist er 15. januar.

Les meir ...

Det nye vegkrysset i sentrum vert bygt i…

08.12.2017 Harald Johan Sandvik

 Neste år skal vegkrysset byggjast om. Foto: Harald Johan Sandvik. Det nye vegkrysset i sentrum vert bygt i 2018 Kommunen og Statens Vegvesen forhandlar om avtale.

Les meir ...
annonse

Fagtorg "Klikk for å sjå alle"


Flinke handballjenter

10.12.2017 Kjetil Rydland

Blide ellevåringar frå Fitjar på Nore Neset laurdag. Foto: Privat.  Flinke handballjenter Laurdag var Fitjar-jentene i ellevårsklassen på Nore Neset og vann to kampar.

Les meir ...
Boklansering: Firmaet som sette Koløyo på kartet - www.fitjarposten.no