Fitjar barnegospel gledde både store og små med frisk song. Foto: Kjetil Rydland.

Julemesse med tradisjonell «søa» på bedehuset

Dei som fann vegen til Fitjar bedehus i går, fekk oppleva skikkeleg «søa» med god stemning, mykje graut, fine gevinstar og glade ungar under julemessa.

 

Då me kom til bedehuset i halv eitt-tida i går, var det var det allereie i ferd med å bli trongt om plassen ved dei mange borda. Og meir «søa» skulle det bli då ungane strøymde på. Det var ikkje mange ledige stolar å oppdriva då ungar med foreldre og andre slektningar hadde fylt lokalet. Konferansier Trygve Eiken skein om kapp med dei glade ungane etter kvart som bedehuset blei fylt opp til barnejulemessa.


Trygve Eiken skein om kapp med ungane. Foto: Kjetil Rydland. 
 

Derfor var det heilt på sin plass at Sigmund Sætre minte møtelyden på å sjå etter nødutgangane. Han heldt hovudet kaldt og leia folk gjennom den hektiske barneavdelinga av julemessa, på lett og ledig, men stødig vis. Elisabet Moldestad heldt andakt, og Fitjar Barnegospel gledde forsamlinga med songen sin. Så blei det gullotto, påsmurde skjever, kaker, saft og kaffi. 

- Annonse -

Utpå ettermiddagen var det tradisjonelt julemessearrangement, ny runde med sal av lodd og årar, og trekning av flotte gevinstar. Karine T. Lillenes song, og Aksel Ingvard Johannessen heldt andakt. Det blei òg tid til mykje godt prat, slik det høver seg på ei julemesse. 

Omsetnaden av mat og årar og andre lodd var tydelegvis bra under gårsdagens stormøstring. Arrangementet gav eit overskot på 127 000 kroner, fortel Trygve Eiken. Dette er prengar som kjem godt med til drifta av Fitjar bedehus. 

 


Ein rørande situasjon på kjøkenet, Halvard Wiik og Kjell Magne Turøy med dei store grautsleivene. Doto: Kjetil Rydland. 

 


Fleire rundar med åresal gav pengar i kassen. Foto :Kjetil Rydland. 

 


Her sikrar Ingeborg Bukkholm seg sokkar til jul. Foto: Kjetil Rydland. 

 


Her har me både Vipps og kortterminal, seier Terje Eiken. Foto: Kjetil Rydland. 

 


Grauten såg ut til å falla i smal. Foto: Kjetil Rydland.