Laurdag 17. Februar 2018



Fitjar barnegospel gledde både store og små med frisk song. Foto: Kjetil Rydland.

Julemesse med tradisjonell "søa" på bedehuset

Dei som fann vegen til Fitjar bedehus i går, fekk oppleva skikkeleg "søa" med god stemning, mykje graut, fine gevinstar og glade ungar under julemessa.

 

Då me kom til bedehuset i halv eitt-tida i går, var det var det allereie i ferd med å bli trongt om plassen ved dei mange borda. Og meir "søa" skulle det bli då ungane strøymde på. Det var ikkje mange ledige stolar å oppdriva då ungar med foreldre og andre slektningar hadde fylt lokalet. Konferansier Trygve Eiken skein om kapp med dei glade ungane etter kvart som bedehuset blei fylt opp til barnejulemessa.



Trygve Eiken skein om kapp med ungane. Foto: Kjetil Rydland. 
 

Derfor var det heilt på sin plass at Sigmund Sætre minte møtelyden på å sjå etter nødutgangane. Han heldt hovudet kaldt og leia folk gjennom den hektiske barneavdelinga av julemessa, på lett og ledig, men stødig vis. Elisabet Moldestad heldt andakt, og Fitjar Barnegospel gledde forsamlinga med songen sin. Så blei det gullotto, påsmurde skjever, kaker, saft og kaffi. 


Utpå ettermiddagen var det tradisjonelt julemessearrangement, ny runde med sal av lodd og årar, og trekning av flotte gevinstar. Karine T. Lillenes song, og Aksel Ingvard Johannessen heldt andakt. Det blei òg tid til mykje godt prat, slik det høver seg på ei julemesse. 


Omsetnaden av mat og årar og andre lodd var tydelegvis bra under gårsdagens stormøstring. Arrangementet gav eit overskot på 127 000 kroner, fortel Trygve Eiken. Dette er prengar som kjem godt med til drifta av Fitjar bedehus. 

 


Ein rørande situasjon på kjøkenet, Halvard Wiik og Kjell Magne Turøy med dei store grautsleivene. Doto: Kjetil Rydland. 

 


Fleire rundar med åresal gav pengar i kassen. Foto :Kjetil Rydland. 

 


Her sikrar Ingeborg Bukkholm seg sokkar til jul. Foto: Kjetil Rydland. 

 


Her har me både Vipps og kortterminal, seier Terje Eiken. Foto: Kjetil Rydland. 

 


Grauten såg ut til å falla i smal. Foto: Kjetil Rydland.

Butikkar og tenester i sentrum "Klikk for å sjå alle"

.

Korpsmusikk og publikum fylte Kultursale…

15.02.2018 Kjetil Rydland

Fitjar skulekorps spela frå ABBA-programmet som dei skal framføra i april. Foto: Kjetil Rydland.  Korpsmusikk og publikum fylte Kultursalen Vakker korpsmusikk, kaffi og god kaffimat og ikkje minst veldig god stemning fekk dei...

Les meir ...

Kokk tek over leiaransvaret for Fitjarfe…

15.02.2018 Jonas Sætre

Kokk tek over leiaransvaret for Fitjarfestivalen Inger Elin Helland har hatt ansvaret for maten under Fitjarfestivalen i mange år. No er ho valt som ny festivalleiar.

Les meir ...

Teiknspråk engasjerer!

14.02.2018 Kjetil Rydland

Teiknspråklærarane Eli-Sigrun Wiik og Ellen Rolfsnes i aksjon på kurset i Fitjar kultur- og idrettsbygg. Foto: Kjetil Rydland. Teiknspråk engasjerer! I januar og februar har ein gjeng ivrige fitjarfolk vore med på...

Les meir ...
annonse

Fleire innstilte ferjeavgangar

14.02.2018 Kjetil Rydland

Ferjevgangar frå Sandvikvåg i morgon tidleg er innstilte. Foto: FP-arkiv/KR Fleire innstilte ferjeavgangar På grunn av tekniske vanskar er fleire ferjeavgangar frå Sandvikvåg torsdag føremiddag innstilte. 

Les meir ...

Sjå «Den 12. mann» med tekst

14.02.2018 Kjetil Rydland

Ole Bergesen lovar ikkje raud løpar og sprudlevatn, men førstkomande søndag kan alle som var på kinopremieren få sjå filmen «Den 12. mann» på nytt utan å betala. Foto: Kjetil Rydland.  Sjå...

Les meir ...

Olav Oma til Stord

13.02.2018 Kjetil Rydland

Sokneprest Olav Johannes Oma til Stord. Foto: FP-arkiv/KR.  Olav Oma til Stord Det er no endeleg avklart at sokneprest Olav Johannes Oma tek over stillinga som sokneprest i Stord.

Les meir ...
annonse

Fagtorg "Klikk for å sjå alle"


Quiz for historiebøkene!

17.02.2018 Kjetil Rydland

Jostein Siglen med fingeren på bildet av seg sjølv på gårsdagens bildequiz, laget hans var det einaste som ikkje kjende han igjen på bildet. Foto: Kjetil Rydland. Quiz for historiebøkene! Fredagskveldens quiz...

Les meir ...