Håkon Hovstad ber quizmeister Arne Raunholm om å kontrolltelja, men han har ingen grunn til å vera uroleg, i går var han og laget hans heilt suverene. Foto: Kjetil Rydland. 

Suveren quiz-siger til Hanen og Hønene

Årets siste quiz blei ein parademarsj for Hanen og Hønene, som vann med større margin enn nokon gong.

 

Fredag kveld blei sesongens siste quiz på Fitjar Fjordhotell avvikla med Arne Raunholm som quizmeister. Etter at dei har blitt slegne med knapp margin to gonger i haust, er Hanen og Hønene igjen på plass på vaglet der dei høyrer heime. 

Sjeldan eller aldri har ein quiz på Fitjar Fjordhotell blitt vunnen i så suveren stil som denne gongen. Dei driftige eggprodusentane på Hogste var best i alle disiplinar. Men sigeren blei ekstra klår på grunn av nye vrien med musikkspørsmål under gårsdagens quiz. Det blei spela av to bolkar med musikk, ein bolk med nyare musikk og ein bolk med litt eldre musikk.

Team Siglo hadde ikkje ungdommar på laget, og var totalt sjanselause. Dei blei òg slegne av eit anna ovbygdarlag, som tydelegvis hadde betre kontroll på nyare populærmusikk. Men siglarane kan takka seg sjølve for at avstanden fra til dei beste blei så stor. Dei bomma på dei enklaste spørsmål, som kva ordet «advent» tyder, eller kven som har namnedag på julaftan (Adam og Eva). Derfor høyrde med lite klaging frå sigersvane siglarar denne gongen, det var tydeleg at dei innsåg at dei hadde tapt for betre motstandarar. 

- Annonse -

 
Under gårsdagens quiz fekk me eit spørsmål som fortener ein ekstra kommentar: – Kva skjedde litlajulafto 1969, som fekk veldig mykje å seia for utviklinga i landet vårt? Dei fleste visste at det var då den første olja på Ekofisk blei funnen, og at det blei innleiinga på oljealderen i Noreg. Og me har gjerne lett for å hekta på: «Det første oljefunnet på norsk kontinentalsokkel». 

 
Første del av svaret er heilt rett, Ekofisk-olja blei funnen i 1969, og feltet blei den første store mjølkekua for den norske stat i Nordsjøen. Men dette var ikkje det første oljefunnet på norsk sokkel. Det var Balder, som blei oppdaga i 1967. Men det blei ikkje rekna som drivverdig frå byrjinga. Og det blei ikkje bygt ut før på 1990-talet, og kom ikkje i produksjon før i 1999. Det høyrer med til soga at utbygginga ikkje gjekk heilt på skjener, og vonde tunger kalla det ei tid for «Rabalder».