Færre arbeidsledige

Positive tal vedrørande arbeidledigheit tikka inn i mailboksen vår i dag i form av ein mail frå NAV Hordaland.

Dei skriv:

«I november var arbeidsløysa i Hordaland på 2,7 prosent av arbeidsstyrken, som er ein nedgang på 1977 personar i høve til same tid i fjor. Situasjonen i arbeidsmarknaden er tilbake på same nivå som då nedgangen råka Vestlandet i 2015.

For tiande månad på rad går arbeidsløysa ned i Hordaland. I november 2017 sank den sesongjusterte arbeidsløysa med 159 personar samanlikna med oktober. Tar vi med dei som er i arbeidsmarknadstiltak har vi ein nedgang på 278 personar (-2,7 %).
Fylkesdirektør i NAV Hordaland, Anne Kverneland Bogsnes er glad for at den positive utviklinga held fram i arbeidsmarknaden. 

– Vi har nok ein månad bak oss med fallande arbeidsløyse i Hordaland. Utviklinga er gledeleg med tanke på at vi normalt pleier å sjå ei auke på denne årstida. Vi er tilbake på same nivå i marknaden som i 2015 då den førre nedgangen starta, seier Kverneland Bogsnes.  


Nøkkeltal for Hordaland

- Annonse -

November 2017

Endring frå november 2016   

Heilt ledige : 7425  ( – 1977)

I prosent av arbeidsstyrken:  2,7 %   (- 21 %)

Langtids arbeidssøkjarar:  3943   ( -8,9 %)

Ledig ungdom under 25 år:  972   ( -20,7 %)

Tilgang på ledige stillingar: 2144  ( 47 %)

Arbeidsløysa i Noreg var 2,3 % i november 2017, ein nedgang på 13.941 personar (-18 %) frå same tid i fjor. Totalt er det 64.216 heilt ledige.