Fredag 20. Juli 2018



Den kjende legen Ingvard Wilhelmsen trefte som vanleg spikeren på hovudet i Fitjar kyrkje i går kveld. Foto: Kjetil Rydland. 

– For ei formidlingsevne!

"Hypokonderlegen" Ingvard Wilhelmsen innfridde forventningane då han gjesta Fitjar kyrkje torsdag kveld; med slåande formuleringar og varm humor trollbatt han eit takknemleg publikum i over ein time. 

 

Derfor låner me gjerne orda til Eli Simonsen då ho takka den kjende legen for eit spanande foredrag: – For ei formidlingsevne! For eiga rekning må me leggja til at det nyttar lite å ha formidlingsevne om du ikkje har noko å formidla. Men det har Wilhelmsen, han har noko som nesten ingen andre har, og det visste tydelegvis nærmare 250 publikummarar om, for dei møtte opp og tok vel imot det den kjende indremedisinaren og psykiateren hadde å dela med oss.



For ei formidlingsevne, utbraut Eli Simonsen etter foredraget. Foto: Kjetil Rydland. 

Det sette ein ekstra spiss på opplevinga at kona hans, Rhoda Ondeng Wilhelmsen, ramma inn foredraget med vakker song frå øvste hylle. Ho innleidde samværet med den kjende gospelsongen "Go, Tell it on the Mountain", til akkompagnement ved Irene Simonsen på piano, og avslutta med "The Holy City", omtrent som Mahalia Jackson gjorde i vår ungdom.

 
For størsteparten av publikum var nok bodskapen til Ingvard Wilhelmsen velkjend nok. Han var i Fitjar for nokre år sidan, med stor suksess, og er ofte å høyra i radioen. Best kjend er han nok for boka si "Det er ikke mer synd på deg enn andre". Dei friske, artige formuleringane til Wilhelmsen engasjerte publikum denne gongen òg. Det kunne me høyra på velvillig, høglydt humring i kyrkjebenkene.


Som vanleg kom den kjende hypokonderspesialisten inn på ein av kjepphestane sine, haldningar: – Det meste her i livet kan vi ikke gjøre noe med, vi kan ikke velge foreldre og sykdommer eller kordan det går med kronekursen eller oljekursen. Men kordan vi forholder oss til det, kan vi bestemme selv! Eg liker å snakke om noe vi kan gjøre noe med! sa engasjerte psykiateren blant anna. 

Ingvard Wilhelmsen knytte bodskapen til det Jesus seier i Bergpreika, Matteusevangeliet kap. 6: "Gjør dere ingen bekymring for morgendagen. Hver dag har nok med sin egen plage". Og så minte han oss om eit sitat som slett ikkje kjem frå Bibelen: "Hver gledesstund du fikk på jord, betales må med sorg". Det kjem frå Bjørnstjerne Bjørnsons Maria Stuart i Skottland (1864).

 
Me merka oss kanskje spesielt Wilhelmsen sine artige formuleringar om behovet for kontroll. – Kontroll er OK, sa han, men hald deg til ting som er kontrollerbare! Og kva hjelper det å ta sorgene på forskot? Hjelper det til dømes å øva på kreft? Fæle ting er fæle uansett om du har øvd på dei eller ikkje, og tenk om du har øvd på feil ting!


Eit sentralt gjennomgangstema i foredraget er vanskeleg å leva etter, men lett å forstå på den humoristiske måten Ingvardsen uttrykker det. Det er så viktig at me vel å gjenta det: – Du kan ikkje endra fortida di, men du kan om nødvendig endra di haldning til den!


På førehand lova Eli Simonsen litt å le av og mykje å tenkja på. Som resten av publikum fekk me mykje av begge delar, og høyrer gjerne både Ingvard og Rhoda Wilhelmsen igjen. 
 


Rhoda Ondeng Wilhelmsen avsluttar med ei storslegen framføring av "The Holy City". Foto: Kjetil Rydland. 

Butikkar og tenester i sentrum "Klikk for å sjå alle"

.

Fitjarpoteter i butikkken i morgon!

19.07.2018 Kjetil Rydland

No kan Turid Fitjar forsyna kundane sine med tidlegpoteter frå Fitjargarden. Foto: Kjetil Rydland. Fitjarpoteter i butikken I dag begynte Turid Fitjar å ta opp poteter, og i morgon er det tidlegpoteter frå...

Les meir ...

Pengar til verna kulturminne

19.07.2018 Kjetil Rydland

Rydlandssago var det kulturminnet som fekk det største tilskotet denne gongen.  Pengar til verna kulturminne Kultursjef Bente Bjelland gler seg over at fem søknader om tilskot til verna kulturminne i Fitjar har...

Les meir ...

Geir Skeie opnar Pink Fish i Bergen

18.07.2018 Kjetil Rydland

Illustrasjonsfoto: Pink Fish.  Geir Skeie opnar Pink Fish i Bergen I morgen, 19. juli, opnar Geir Skeie og partnarane den første Pink Fish-restauranten i Bergen. Dette er den tredje restauranten i kjeda...

Les meir ...
annonse
annonse

Stolt skipper på stolt skute!

18.07.2018 Kjetil Rydland

Asgeir Andersen ved Dåfjorden Slipp, i bakgrunnen «Gamle Nyborg», den finaste skuta i landet. Foto: Kjetil Rydland. Stolt skipper på stolt skute! Asgeir Andersen i Dåfjorden har kjøpt den finaste frakteskuta i...

Les meir ...

Blekkspruten klatra over ripa!

17.07.2018 Kjetil Rydland

Blekkspruten har klatra opp den glatte veggen med sugeskålene sine, og er klar til å hoppa ut att i sjøen. Foto: Gunnar Siglen.  Blekkspruten klatra over ripa! Fiskar Gunnar Siglen fortel ei...

Les meir ...

Vandring i elveleiet til Tveitaelvo

16.07.2018 Kjetil Rydland

Her starta elvevandringa, vel hundre meter nedanfor Botnavatnet. Foto: Magne Røed.  Vandring i elveleiet til Tveitaelvo Tveitaelvo er ei av dei mest vassrike elvane våre, og renn frå Botnavatnet forbi Dalshaugane og...

Les meir ...
annonse

Fagtorg "Klikk for å sjå alle"


Til topps i NM for islandshest

19.07.2018 Kjetil Rydland

Carolin Storebø og hingsten Arnviður heime i Vik med det synlege provet på siger i NM. Foto: Kjetil Rydland. Til topps i NM for islandshest Med hingsten Arnviður gjekk Carolin Storebø frå...

Les meir ...
annonse