Tirsdag 22. Mai 2018



Karin Korsvik med ei sterk livshistorie i Sunnhordland årbok 2017, som har fått tittelen "Lengten etter mor. Lengten etter far". Foto: Kjetil Rydland.

Sterk livshistorie frå Fitjar i Sunnhordland årbok

I år er det ei annleis årbok som kjem frå Sunnhordland museum. I årets utgåve kan me lesa livshistoriene til fire vaksne sunnhordlendingar, og ei av desse kjem frå Fitjar.

 

Dei fire har til felles at dei sakna nærvær av anten mor eller far i barndom og oppvekst. Samtidig viser historiene industri- og samfunnsutviklinga i området vårt på 1900-talet. Blant desse sterke livshistoriene finn me soga til Karin Maria Korsvik, som blei fødd i Bergen i 1942, og kom til Helland i Fitjar som treåring. Og der har ho som kjent blitt buande. 

Under gårsdagens lansering takka forleggjar Otto Ersland i Kapabel forlag og forfattar Johanne Øvstebø Tvedten kjeldene for samarbeidet, at dei hadde vore villige til å dela historiene sine. Det hadde ikkje vore berre enkelt, då dei hadde vore innom mange vonde minne undervegs i prosessen.

Forlagssjef Ersland følte at han kjende seg igjen i dei fire sterke historiene. – Det er fire historier som eg har gjenkjennelse på! sa han, og la til at gjennom desse livshistoriene inneheld Sunnhordland årbok ein syntese av den moderne Sunnhordlands-historia. 

 


Karin Korsvik t.v. på Sunnhordland museum i går, saman med forfattar Johanne Øvstebø Tvedten, Sønneva Føyen og Geir Skaret. Åge Grutle kunne ikkje vera til stades på boksleppet, han er ambassadør i Finland. Foto: Kjetil Rydland.

 

Lengten etter foreldre gir oss viktig sunnhordlandshistorie

Forfattar Johanne Øvstebø Tvedten har intervjua og skrive ned forteljingane til to kvinner og to menn frå Bømlo, Fitjar, Stord og Austevoll. Tvedten er til dagleg formidlingsleiar ved museet, og kjent for sine gode evner til å bruka forteljekunsten i formidlinga av regionhistoria. Tvedten har fått koma nær dei menneska ho har snakka med. Det har gitt lesarane sterke historier som kvart på sitt vis lagar eit bilde av oppvekst og liv i Sunnhordland i vår nære fortid.


– Dei fire forteljarane har saman med Johanne Øvstebø Tvedten gitt oss historier som ikkje berre riv oss med, men som òg set ting i perspektiv. Me lever oss inn i det som hender i liva deira, me kjenner oss igjen og me identifiserer oss med dei. Og dei får oss til å henta fram eigne historier som me no kan sjå i nytt lys. Eg er stolt over at museet hyllar den viktige immaterielle kulturarven i denne boka, seier direktør Håvard Tvedte ved Sunnhordland museum.


– Gjennom at desse fire ville dela historiene sine, får me òg kjennskap til industri- og samfunnsutviklinga i regionen vår frå ein personleg vinkel, seier Johanne Øvstebø Tvedten.


Sønneva Føyen (91) miste mor si som tiåring, men fekk etter kvart sin eigen familie med seks born. Geir Skaret (70) kom frå Austevoll, men voks opp på Stord. Far hans var frakteskuteskipper, og omkom i eit forlis i 1965. Åge Grutle kjem frå Grutle på Bømlo, og er ambassadør i Finland. Då han voks opp, var far hans skipper i rederiet Christian Haaland, og var mykje borte. Åge lærte ikkje far sin å kjenna slik han kunne ønskt. 



– Eg skal passa på meg!

Dei tre andre voks opp med ein lengt etter den eine av foreldra sine, men livet var endå meir dramtisk for Karin Korsvik, som har budd på Helland i Fitjar sidan 1945. Ho blei fødd i Bergen i 1942. Mora, Erna, forelska seg i ein tysk soldat, og fekk ei dotter berre 17 år gammal. Faren til barnet blei send til Austfronten, til forlenginga av den store vinterkrigen i Finland. Her døydde han, berre to månader etter at Karin var fødd. 


Då freden kom i 1945, reiste mor Erna til Tyskland saman med andre jenter som anten hadde tysk mann eller var enkjer etter tyske menn. Dei var forviste og blei sende ut av Noreg, for Noreg ville ikkje ha dei her. Erna trudde at ho skulle finna husvære i Tyskland, slik at ho kunne reisa heim att og henta Karin. Men då ho kom fram, såg ho at alt var utbomba, og ho ville reisa heim att til Noreg. Men ho blei stoppa av den norske grensevakta: "Du er ikkje lenger norsk statsborgar, Vi tar ditt norske pass. Du slepp ikkje inn i Norge!". 

 
Vesle Karin kom til eit barnlaust ektepar på Helland i Fitjar i 1945. Her voks Karin opp utan slekt. Fosterforeldra hadde hadde ein adoptivson på 13 år frå før, og han var ikkje glad for å få ein konkurrent. Å veksa opp som tyskarbarn var ikkje enkelt, og ho gret seg ofte i søvn. "Eg skal passa på meg", måtte ho ofte seia til seg sjølv. Det var ikkje noko andre som gjorde det. 

 
Dette er ei gripande historie om folk som ikkje ville vita av ein tyskarunge, men og om gode menneske, som stilte opp for Karin. Me har teke oss tid til å lesa heile kapittelet, og kan slå fast at dette er ei historie du ikkje kan leggja frå deg før du er ferdig. 

 
Karin vedgår at det har vore eit tøft liv.  – Men dette er ikkje ei klagehstorie! seier ho. Og når ho skal og summera opp det ho har fortalt, peikar ho berre på avslutningsorda i historia si, henta frå Henrik Ibsens Terje Vigen:

Stort har jeg mistet, men stort jeg fikk.
Best var det kan hende det gikk som det gikk.
Så får du ha takk, da, Gud.

 

Butikkar og tenester i sentrum "Klikk for å sjå alle"

.

På handballfestival i strålande pinstivê…

19.05.2018 Kjetil Rydland

Kjekt på Handballfestivalen; f.v. Elisabet, Elise, Runar Øvrebø (gymlærar for jentene), Tomine og Andrine.  På handballfestival i strålande pinstivêr Hanballfestivalen på Stord er i full gang i ideelt festivalvêr, og Fitjar er...

Les meir ...

Harald Rydland sin tale på 17. mai

18.05.2018 Kjetil Rydland

Harald Rydland held tale i Kultursalen 17. mai. Foto: Kjetil Rydland. Harald Rydland sin tale på 17. mai 2018 Talen som Harald Rydland heldt på 17. mai, var vel verdt å høyra...

Les meir ...

Pinseaftan: Butikkane stengjer klokka 16…

18.05.2018 Kjetil Rydland

Pinseaftan: Butikkane stengjer klokka 16! I morgon er det pinseaftan, og då stengjer daglegvarebutikkane klokka 16.00.

Les meir ...
annonse

Ho vil erstatte Terje Træet i sommarrevy…

18.05.2018 Jonas Sætre

Ho vil erstatte Terje Træet i sommarrevyen Anne Marith Sandhåland erstattar Terje Træet i årets sommarrevy. Terje Træet melder avbod til årets sommarrevy i Fitjar grunna helsemessige årsaker.

Les meir ...

Friluftsgudsteneste 2. pinsedag

18.05.2018 Kjetil Rydland

Frå friluftsgudstenesta 2. pinsedag i fjor. Foto: Torbjørn Hovland. Friluftsgudsteneste 2. pinsedag Det blir frluftsgudsteneste 2. pinsedag i år òg, får me opplyst i ei pressemelding frå Fitjar kyrkje.

Les meir ...

Tradisjonell 17. mai på Hageberg

18.05.2018 Kjetil Rydland

Geir Raunholm smiler lurt under quizen på Hageberg på 17. mai. Foto: Kjetil Rydland. Tradisjonell 17. mai på Hageberg Mellom 30 og 40 strandarar møttest til leik og song på Hageberg skule...

Les meir ...
annonse

Fagtorg "Klikk for å sjå alle"


Litt fleire terner i år?

20.05.2018 Kjetil Rydland

Terna går inn for landing. Foto: Kjetil Rydland.  Litt fleire terner i år? I mai set makrellternene sitt preg på fuglelivet i Havn med sin karakteristiske vellyd, og det kan sjå ut som...

Les meir ...
annonse