Tirsdag 22. Mai 2018



Ein kry Magnar Kloster presenterer Fitjarminne 2017. Foto: Kjetil Rydland.  

Lanserte Fitjarminne etter foredrag om Rolvsnesbåten

Torsdag kveld kom Sindre Nilsen frå Urangsvåg for å halda foredrag om Rolvsnesbåten, før eldsjelene i Fitjar sogelag lanserte Fitjarminne 2017, det femte i rekkja.


Sindre Nilsen kjem opphavleg frå Rolvsnes, men er no busett i nærleiken av Urangsvåg. Han har ein unik kjennskap til gamle, lokale båtar, og ingen i verda veit meir om denne båttypen enn nettopp han. Og torsdag kveld tok han 30-40 frammøtte med på ei nesten 100 år gamal "sjøreise" med temaet: Johs. Østensen Båtbyggeri og Rolvsnesbåten. 



Sindre Nilsen med foredrag om Rolvsnesbåten. Foto: Kjetil Rydland. 


I løpet av den vesle timen han fekk til rådvelde viste Nilsen oss fleire fine båtar enn me har sett nokon gong. Med Powerpoint-presentasjonen sin tok han oss med frå 1912, då grunnleggjaren av båtbyggeriet på Rolvsnes, Johannes Mikal Østensen, blei fødd, og fram til i dag. Mange Rolvsnesbåtar seglar nemleg "på dei sju hav" framleis, sjølv om drifta blei nedlagd i 1989, og Østensen døydde i 1997.


Skipsbyggjar Østensen jobba på Kvernenes Skipsbyggeri i 1930-åra og på Sauholmen Skipsbyggeri i 1940-åra. Sistnemnde blei flytta til Eikelandsosen i 1944, og då begynte Johs. Østensen for seg sjølv på Rolvsnes. Han hadde gode føresetnader for å driva med skipsbygging, med sin bakgrunn som fiskar. Han hadde greie på konstruksjonsprinsipp og lukkast med å tilpassa kravellbygging til småbåtar, og rasjonaliserte drifta med seriebygging. På minussida må det nemnast at det ikkje var skog i nærleiken, så det var tungvint å transportera byggematerialar. I tillegg låg det ikkje til rette for utviding, og den største båten dei bygde, var 32 fot. 


Det var òg lite pengar blant folk, men det var likevel ein god marknad. Det var vanskeleg å få tak i motorbåtar, og han hadde gjerne ei ventetid på fem år! Østensen må ha vore ein spesiell mann, truleg før si tid. Allereie på 1960-tslet dreiv han med noko som i dag heiter medarbeiudarsamtalar. Og av og til samla han arbeidsstokken for å snakka med dei.

– Østensen var òg god på merkevarebygging, seier Sindre Nilsen, på ei fjøl bak kan du lett sjå om det er ein Rolvsnesbåt. 

Til saman reknar Nilsen med at det blei bygt ca. 800 båtar i ulike storleikar. Dei bygde til folk i Fitjar, på Stolmen, Bremnes, Fedje, i Øygarden og Sogn. Ja, heilt opp til Berlevåg har dei levert. Det var båtar til ulik bruk, fiske, skuleskyss, postbåt og turbåtar. Sjølv har Nilsen kjøpt seg ein Rolvsnesbåt, ei snekke som blei bygd i 1976. Her var han heldig og fann kvitteringa til den første kjøparen, 27 120 kroner kosta båten ny. 

Mange båtkunninge nikka gjenkjennande etter kvart som dei eine båten finare enn den andre dukka opp på skjermen. Me som ikkje visste så mykje frå før, vil nok kjenna igjen ein Rolvsnesbåt no. Og til dei som ikkje fekk foredraget med seg, men vil vita meir, foreslår me Facebook-gruppa "Rolvsnesbåtens Venner".  

 


Samøte i 1951: Ei rad med rolvsnesbåtar i framgrunnen.

 

Etter foredraget nytta Magnar Kloster høvet til å leggja inn eit godt ord for Fitjarminne, som han har vore teknisk redaktør for i år òg. Det har etter kvart blitt tradisjon at Fitjar sogelag gir ut dette historieheftet, årets utgåve er den femte i rekkja. Og 2017-årgangen står ikkje noko til atters for dei me har sett før. 

 
Blant bidragsytarane finn me, i tillegg til redaktøren, Per Vestbøstad, Lars Rimbereid, Svein Ove Tislevoll, Sara Vatne (f. Henriksen), John Harald Sortland og Jakob Vik. Heftet blir avslutta med den flotte prologen som Knut Rimbereid las opp 17. mai 1978.

 
Me som er medlemmer i Fitjar sogelag, fekk heftet utlevert til kaffien etter foredraget om Rolvsnesbåten. Ein god del andre nytta høvet til å kjøpa Fitjarminne 2017. Til dei som ikkje har fått tak i det enno, seier me løp og kjøp!

Butikkar og tenester i sentrum "Klikk for å sjå alle"

.

På handballfestival i strålande pinstivê…

19.05.2018 Kjetil Rydland

Kjekt på Handballfestivalen; f.v. Elisabet, Elise, Runar Øvrebø (gymlærar for jentene), Tomine og Andrine.  På handballfestival i strålande pinstivêr Hanballfestivalen på Stord er i full gang i ideelt festivalvêr, og Fitjar er...

Les meir ...

Harald Rydland sin tale på 17. mai

18.05.2018 Kjetil Rydland

Harald Rydland held tale i Kultursalen 17. mai. Foto: Kjetil Rydland. Harald Rydland sin tale på 17. mai 2018 Talen som Harald Rydland heldt på 17. mai, var vel verdt å høyra...

Les meir ...

Pinseaftan: Butikkane stengjer klokka 16…

18.05.2018 Kjetil Rydland

Pinseaftan: Butikkane stengjer klokka 16! I morgon er det pinseaftan, og då stengjer daglegvarebutikkane klokka 16.00.

Les meir ...
annonse

Ho vil erstatte Terje Træet i sommarrevy…

18.05.2018 Jonas Sætre

Ho vil erstatte Terje Træet i sommarrevyen Anne Marith Sandhåland erstattar Terje Træet i årets sommarrevy. Terje Træet melder avbod til årets sommarrevy i Fitjar grunna helsemessige årsaker.

Les meir ...

Friluftsgudsteneste 2. pinsedag

18.05.2018 Kjetil Rydland

Frå friluftsgudstenesta 2. pinsedag i fjor. Foto: Torbjørn Hovland. Friluftsgudsteneste 2. pinsedag Det blir frluftsgudsteneste 2. pinsedag i år òg, får me opplyst i ei pressemelding frå Fitjar kyrkje.

Les meir ...

Tradisjonell 17. mai på Hageberg

18.05.2018 Kjetil Rydland

Geir Raunholm smiler lurt under quizen på Hageberg på 17. mai. Foto: Kjetil Rydland. Tradisjonell 17. mai på Hageberg Mellom 30 og 40 strandarar møttest til leik og song på Hageberg skule...

Les meir ...
annonse

Fagtorg "Klikk for å sjå alle"


Litt fleire terner i år?

20.05.2018 Kjetil Rydland

Terna går inn for landing. Foto: Kjetil Rydland.  Litt fleire terner i år? I mai set makrellternene sitt preg på fuglelivet i Havn med sin karakteristiske vellyd, og det kan sjå ut som...

Les meir ...
annonse