Måndag 11. Desember 2017



Borgarlege vigsler skal gjennomførast her i kommunestyresalen. Ordførar, varaordførar og rådmann har vigslingsmynde. Foto: Harald Johan Sandvik.

Borgarleg vigsel i kommunestyresalen

Lovendringa gjeld frå første januar.



Stortinget har nyleg vedteke endringar i ekteskapslova. Frå første januar 2018 vert vigslingsmynde for borgarleg vigsel overført frå tingretten til kommunane.

Fitjar kommune har difor utarbeidd planar for korleis ordninga skal praktiserast her, og i kva lokale seremoniane skal haldast.

Kommunen har då plikt til å ha eit tilbod om vigsling til kommunen sine eigne innbyggjarar, og til personar som ikkje er busett i Norge, men som fyller vilkåra for å inngå ekteskap i Norge.

Sunnhordland tingrett vigsla rundt 60 brudepar i 2016. Fire av para var innbyggjarar i Fitjar kommune. Difor er det truleg nok at tre personar har vigselmynde.

Lova seier at ordførar og varaordførar skal ha vigselmynde. Kommunestyret kan i tillegg delegera mynde til kommunalt tilsette eller folkevalde. I Fitjar vert rådmannen den tredje med vigselmynde.

Forskrift om kommunale vigsler har reglar om betaling. Vigslingstilbodet skal vera gratis for kommunen sine eigne innbyggjarar og for personar som ikkje er busett i Norge, men som fyller vilkåra for å inngå ekteskap her. Kommunen kan ta betaling for naudsynte meirkostnader dersom kommunen tilbyr vigsling ut over det vanlege tilbodet om tid og stad. Brurepara skal informerast om kostnaden i god tid før vigslinga.  

Kommunestyret vedtok onsdag desse hovudpunkta:

1: Fitjar kommune skal ha tilbod om vigsel til eigne innbyggjarar og personar som ikkje er busette i Noreg men som oppfyller vilkåra for å gifta seg her, på yrkedagar mellom kl. 08.00 og 15.00. Kommunestyresalen skal nyttast som vigslingslokale  

2: I tillegg til ordførar og varaordførar, får rådmannen fullmakt til gjennomføra vigsler frå 01.01.18. 

3: Fitjar kommune vil eventuelt koma tilbake til spørsmålet om å tilby vigsel utanom det alminnelege tilbodet og til innbyggjarar i andre kommunar.

 

Butikkar og tenester i sentrum "Klikk for å sjå alle"

.

Døgeret rundt for brøyten

10.12.2017 Håkon C

  Brøyting på fortau tidlegare i kveld. No må mannskapa konsentrera seg om å strø vegane. Så tek dei fortaua i morgon. Foto: Håkon C. Hartvedt Døgeret rundt for brøyten Tre traktorar har...

Les meir ...

Julestemning med Putti Plutti Pott

09.12.2017 Kjetil Rydland

Sandeid barne- og ungdomsteater med sjarmerande versjon av nissemusikalen Putti Plutti Pot. Foto: Kjetil Rydland. Julestemning med Putti Plutti Pott Laurdag ettermiddag fekk eit lydhøyrt publikum gleda av å sjå den kjende nissemusikalen...

Les meir ...

Mestervindu på Fitjar får ny eigar

09.12.2017 Håkon C

Mestervindu på Fitjar får ny eigar     Foto: Mestervindu Mestervindu er kjøpt opp av eit større dør- og vindusleverandør på Austlandet. No ventar fabrikksjefen kraftig vekst i 2018.

Les meir ...
annonse
annonse

Søknader om investeringstilskot

08.12.2017 Harald Johan Sandvik

  No kan kulturhuset få sin eigen kino! Foto: Harald Johan Sandvik. Søknader om investeringstilskot Tre aktuelle saker i formannskapet på onsdag.

Les meir ...

Prioritering av søknader om spelemidlar

08.12.2017 Harald Johan Sandvik

Bildetekst: Skyttarlaget sitt hus. No kan det også koma 15 m. innandørs skytebane på området. Foto: Harald Johan Sandvik. Prioritering av søknader om spelemidlar Søknadsfrist er 15. januar.

Les meir ...

Det nye vegkrysset i sentrum vert bygt i…

08.12.2017 Harald Johan Sandvik

 Neste år skal vegkrysset byggjast om. Foto: Harald Johan Sandvik. Det nye vegkrysset i sentrum vert bygt i 2018 Kommunen og Statens Vegvesen forhandlar om avtale.

Les meir ...
annonse

Fagtorg "Klikk for å sjå alle"


Flinke handballjenter

10.12.2017 Kjetil Rydland

Blide ellevåringar frå Fitjar på Nore Neset laurdag. Foto: Privat.  Flinke handballjenter Laurdag var Fitjar-jentene i ellevårsklassen på Nore Neset og vann to kampar.

Les meir ...
Boklansering: Firmaet som sette Koløyo på kartet - www.fitjarposten.no