Tirsdag 22. Mai 2018



Olaug Haugen, den nye rådmannen i Fitjar. Foto: Vidar Karlsen, Tingvoll kommune.

Ny rådmann i Fitjar!

Olaug Haugen er formelt tilsett.



Kommunestyret følgde onsdag tilsetjingsutvalet si tilråding, og tilsette Olaug Haugen som ny rådmann i Fitjar. 

Fitjarposten presenterte henne i ein artikkel 17. november.

Olaug Haugen har sagt at ho takkar ja dersom ho vert tilsett, ho gleder seg, og ho kan ta til i stillinga 3. april 2018.

Atle Tornes sluttar ved utgangen av april neste år, og det vert då ein månad til overlapping.  

Ordførar Wenche Tislevoll, H, fortalde om tilsetjingsprosessen. Det var mange gode søkjarar, og tilsetjingsutvalet kalla inn fem kandidatar til intervju. Talet vart i neste runde redusert til tre, og dei tre vart så evaluert av ekstern konsulent. Tilsetjingsutvalet var samrøystes i valet av Olaug Haugen.

Agnar Aarskog, Ap, var med i prosessen også då Atle Tornes vart tilsett. Å tilsetja rådmann er ein spanande prosess, og det er ekstra kjekt når ein har så velkvalifiserte søkjarar. Han støtta fullt ut valet av Olaug Haugen.

Sigurd Andre Maraas poengterte at me har vore velsigna med ein god rådmann, og det vil me få no, også!

Kommunestyret var samrøystes i vedtaket, og braut ut i spontan applaus! Olaug Haugen vart vald med akklamasjon!

 

Butikkar og tenester i sentrum "Klikk for å sjå alle"

.

På handballfestival i strålande pinstivê…

19.05.2018 Kjetil Rydland

Kjekt på Handballfestivalen; f.v. Elisabet, Elise, Runar Øvrebø (gymlærar for jentene), Tomine og Andrine.  På handballfestival i strålande pinstivêr Hanballfestivalen på Stord er i full gang i ideelt festivalvêr, og Fitjar er...

Les meir ...

Harald Rydland sin tale på 17. mai

18.05.2018 Kjetil Rydland

Harald Rydland held tale i Kultursalen 17. mai. Foto: Kjetil Rydland. Harald Rydland sin tale på 17. mai 2018 Talen som Harald Rydland heldt på 17. mai, var vel verdt å høyra...

Les meir ...

Pinseaftan: Butikkane stengjer klokka 16…

18.05.2018 Kjetil Rydland

Pinseaftan: Butikkane stengjer klokka 16! I morgon er det pinseaftan, og då stengjer daglegvarebutikkane klokka 16.00.

Les meir ...
annonse

Ho vil erstatte Terje Træet i sommarrevy…

18.05.2018 Jonas Sætre

Ho vil erstatte Terje Træet i sommarrevyen Anne Marith Sandhåland erstattar Terje Træet i årets sommarrevy. Terje Træet melder avbod til årets sommarrevy i Fitjar grunna helsemessige årsaker.

Les meir ...

Friluftsgudsteneste 2. pinsedag

18.05.2018 Kjetil Rydland

Frå friluftsgudstenesta 2. pinsedag i fjor. Foto: Torbjørn Hovland. Friluftsgudsteneste 2. pinsedag Det blir frluftsgudsteneste 2. pinsedag i år òg, får me opplyst i ei pressemelding frå Fitjar kyrkje.

Les meir ...

Tradisjonell 17. mai på Hageberg

18.05.2018 Kjetil Rydland

Geir Raunholm smiler lurt under quizen på Hageberg på 17. mai. Foto: Kjetil Rydland. Tradisjonell 17. mai på Hageberg Mellom 30 og 40 strandarar møttest til leik og song på Hageberg skule...

Les meir ...
annonse

Fagtorg "Klikk for å sjå alle"


Litt fleire terner i år?

20.05.2018 Kjetil Rydland

Terna går inn for landing. Foto: Kjetil Rydland.  Litt fleire terner i år? I mai set makrellternene sitt preg på fuglelivet i Havn med sin karakteristiske vellyd, og det kan sjå ut som...

Les meir ...
annonse