Laurdag 17. Februar 2018



Katrin I. Ankervold og lærarane i Fitjar er urolege over utviklinga i skulen om budsjettforslaget går gjennom. Foto: Kjetil Rydland.

Lærarane er urolege over budsjettforslaget 

– I år er det faktisk langt meir alvorleg enn alle åra eg har vore hovudtillitsvald, seier Katrin Innvær Ankervold om forslaget til langtidsbudsjett for Fitjar kommune. 

 

Ho er lokallagsleiar for Utdanningsforbundet i Fitjar, som organiserer pedagogane i skulane og barnehagane. Ho fortel at det er uro blant lærarane i bygda over dei store kutta i forslaget til langtidsbudsjett for Fitjar kommune som blir behandla i desse dagar.


Fitjar kommune har store utfordringar med å få budsjettet til å gå opp i åra framover, av fleire årsaker. Me vil få mindre pengar å rutta med på grunn av kommunereforma. Fordi Fitjar kommune har valt å vera "frivillig liten", vil me få lågare overføringar over statsbudsjettet. I tillegg vil me tapa 2,7 millionar årleg i rammetilskot om folketalet rundar 3 200, i dag er me 3 194 innbyggjarar i Fitjar. I år har også skatteinngangen svikta.

 
Det er såleis ein tøff jobb administrasjonen og politikarane i Fitjar har med budsjettarbeidet i år. Forslaget frå rådmannen skal handsamast i Utval for oppvekst og omsorg førstkomande tysdag, og går så vidare til behandling i formannskapet 6. desember. Endeleg vedtak blir gjort i kommunestyret i møtet 20. desember, etter at det har vore ute til høyring veka før. 

 

Stort engasjement

Lokallagsleiar Ankervold fortel at budsjettforslaget frå rådmannen har utløyst ei stek uro hos medlemmene hennar ved alle skulane i Fitjar. Engasjementet har òg spreidd seg til ein del foreldre, seier ho. 


Lærarane opplever dei føreslegne kutta som uforsvarlege, og klubbane ved dei enkelte skulane vil venda seg direkte til politikarane, i tillegg blir det sendt lesarinnlegg til media. Dei tenkjer på borna som desse kutta vil gå ut over, seier Katrin Ankervold. 


For å få synleggjort konsekvensane av kuttforslaga vil dei be om lukka møte i Utval for oppvekst og omsorg i neste veke.

 

Dramatiske konsekvensar

Ankervold synest det er bra at administrasjonen har konkretisert kor dei vil henta pengane, som vil ei innsparing på 1,9 millionar i driftsbudsjettet for 2018 og 3 millionar per år i dei følgjande tre åra. Det er bra i den forstand at ho får høve til å peika på konsekvensane av budsjettkutta. Det er til dels store kutt det er snakk om: 

 

1) Flytta elevar: 7. klasse frå Øvrebygda – sju elevar – blir flytta ned til Rimbareid skule frå hausten 2018. Dette vil gi ei innsparing på 267 000 kroner til neste år.

 
Elevane frå Øvrebygda vil missa faget mat og helse, fortel Ankervold, for på Rimbareid har dei dette faget i 6. klasse medan Øvrebygda har det i 7. klasse. Dermed vil altså dei sju elevane frå Øvrebygda falla mellom to kjøkenkrakkar. 

 
Det er ikkje lovleg å nekta elevar undervisning i eit fag, seier Ankervold, så dei må få faget på Rimbareid, og det vil kosta pengar.

 
2) Samanslåing: På Rimbareid skal to 1.-klassar i inneverande skuleår slåast saman til éin 2. klasse frå hausten 2018. Dette vil gi ei innsparing på 267 000 kroner til neste år. Denne klassen vil då få 28 elevar, 9 jenter og 18 gutar. 

 
3) Spesialundervisning: Fjerna ei stilling på Rimbareid vil gi ei innsparing på 267 000 kroner til neste år.

 
4) Norskopplæring: Fjerna fire veketimar til SNO norskopplæring på kvar av dei tre skulane, til saman 12 veketimar. 

 
5) Skulemateriell: Reduksjon på 100 000 kroner per år, fordelt på skulane etter elevtal. 

 
6) Bokinnkjøp: Kutt i bokinnkjøp til biblioteket på 46 000 kroner per år. 

 
Summen av alle desse kutta vil gi alvorlege konsekvensar, meiner Utdanningsforbundet. Lærarar som har dei aktuelle klassane klarer ikkje tenkja på korleis det skal gå neste skuleår, seier Ankervold. Enkelte vurderer å gje seg som lærer. Ho vonar derfor at politikarane snur før det er for seint.

 

Håp

Katrin Innvær Ankervold har eit håp om at utval for oppvekst og omsorg avviser dei nemnde kuttforslaga i budsjettforslaget på møtet sitt førstkomande tysdag.


Ho vedgår òg at ho følgjer ekstra godt med på behandlinga av Statsbudsjettet i desse dagar. Ankervold vonar Stortinget gjer vedtak om ein minstenorm for vaksentettleik i skulen, for ho reknar med at det vil kunna få verknad for budsjettet i Fitjar.


No minner Ankervold politikarane i Fitjar om kor viktig det er med tidleg innsats i skulen, og ber dei om ikkje å kutta så sterkt i skulebusjettet. – Me opplever det som heilt uforsvarleg! seier leiaren i Utdanningsforbundet i Fitjar til slutt. 



 

 

Butikkar og tenester i sentrum "Klikk for å sjå alle"

.

Korpsmusikk og publikum fylte Kultursale…

15.02.2018 Kjetil Rydland

Fitjar skulekorps spela frå ABBA-programmet som dei skal framføra i april. Foto: Kjetil Rydland.  Korpsmusikk og publikum fylte Kultursalen Vakker korpsmusikk, kaffi og god kaffimat og ikkje minst veldig god stemning fekk dei...

Les meir ...

Kokk tek over leiaransvaret for Fitjarfe…

15.02.2018 Jonas Sætre

Kokk tek over leiaransvaret for Fitjarfestivalen Inger Elin Helland har hatt ansvaret for maten under Fitjarfestivalen i mange år. No er ho valt som ny festivalleiar.

Les meir ...

Teiknspråk engasjerer!

14.02.2018 Kjetil Rydland

Teiknspråklærarane Eli-Sigrun Wiik og Ellen Rolfsnes i aksjon på kurset i Fitjar kultur- og idrettsbygg. Foto: Kjetil Rydland. Teiknspråk engasjerer! I januar og februar har ein gjeng ivrige fitjarfolk vore med på...

Les meir ...
annonse

Fleire innstilte ferjeavgangar

14.02.2018 Kjetil Rydland

Ferjevgangar frå Sandvikvåg i morgon tidleg er innstilte. Foto: FP-arkiv/KR Fleire innstilte ferjeavgangar På grunn av tekniske vanskar er fleire ferjeavgangar frå Sandvikvåg torsdag føremiddag innstilte. 

Les meir ...

Sjå «Den 12. mann» med tekst

14.02.2018 Kjetil Rydland

Ole Bergesen lovar ikkje raud løpar og sprudlevatn, men førstkomande søndag kan alle som var på kinopremieren få sjå filmen «Den 12. mann» på nytt utan å betala. Foto: Kjetil Rydland.  Sjå...

Les meir ...

Olav Oma til Stord

13.02.2018 Kjetil Rydland

Sokneprest Olav Johannes Oma til Stord. Foto: FP-arkiv/KR.  Olav Oma til Stord Det er no endeleg avklart at sokneprest Olav Johannes Oma tek over stillinga som sokneprest i Stord.

Les meir ...
annonse

Fagtorg "Klikk for å sjå alle"


Quiz for historiebøkene!

17.02.2018 Kjetil Rydland

Jostein Siglen med fingeren på bildet av seg sjølv på gårsdagens bildequiz, laget hans var det einaste som ikkje kjende han igjen på bildet. Foto: Kjetil Rydland. Quiz for historiebøkene! Fredagskveldens quiz...

Les meir ...