Laurdag 17. Februar 2018


Illustrasjonsfoto: Fotballgruppa er den største gruppa i Fitjar Idrettslag. Foto: FP-arkiv/HCH

Frivilligprisen til Fitjar Idrettslag

Fitjar Idrettslag blir tildelt frivilligprisen 2017, og styreleiar Gisle Levåg er strålande fornøgd.

– Ein har lagt vekt på lagets evne til moblisering, godt folkehelsearbeid, og evne til å vera nytenkande og inkluderande. Idrettslaget har spesielt dei seinare år stått for mange ulike arrangement, gjort godt frivillig arbeid som gjev ringverknader og god helsegevinst for mange, skriv leiar i Fitjar Frivilligsentral, Ellinor Bergesen, i ei pressemelding om saka.

Ho legg til at Frivilligprisen vert delt ut ved førjulssamling for frivillige ved Fitjar Kultur- og Idrettsbygg 5. desember kl 19 00 ved ordførar, og at 5. desember samstundes er FN`s Internasjonale frivilligheitsdag.

Overraskande

Gisle Levåg. Foto: FP-arkiv/HCH

– Dette var overraskande, men sjølvsagt veldig kjekt – og eg er veldig fornøgd på vegner av alle frivillige som gjer ein stor innsats. Me hadde aldri kunna driva Idrettslaget utan dei, seier styreleiar Gisle Levåg i Fitjar Idrettslag i ein kommentar. 

 

Butikkar og tenester i sentrum "Klikk for å sjå alle"

.

Korpsmusikk og publikum fylte Kultursale…

15.02.2018 Kjetil Rydland

Fitjar skulekorps spela frå ABBA-programmet som dei skal framføra i april. Foto: Kjetil Rydland.  Korpsmusikk og publikum fylte Kultursalen Vakker korpsmusikk, kaffi og god kaffimat og ikkje minst veldig god stemning fekk dei...

Les meir ...

Kokk tek over leiaransvaret for Fitjarfe…

15.02.2018 Jonas Sætre

Kokk tek over leiaransvaret for Fitjarfestivalen Inger Elin Helland har hatt ansvaret for maten under Fitjarfestivalen i mange år. No er ho valt som ny festivalleiar.

Les meir ...

Teiknspråk engasjerer!

14.02.2018 Kjetil Rydland

Teiknspråklærarane Eli-Sigrun Wiik og Ellen Rolfsnes i aksjon på kurset i Fitjar kultur- og idrettsbygg. Foto: Kjetil Rydland. Teiknspråk engasjerer! I januar og februar har ein gjeng ivrige fitjarfolk vore med på...

Les meir ...
annonse

Fleire innstilte ferjeavgangar

14.02.2018 Kjetil Rydland

Ferjevgangar frå Sandvikvåg i morgon tidleg er innstilte. Foto: FP-arkiv/KR Fleire innstilte ferjeavgangar På grunn av tekniske vanskar er fleire ferjeavgangar frå Sandvikvåg torsdag føremiddag innstilte. 

Les meir ...

Sjå «Den 12. mann» med tekst

14.02.2018 Kjetil Rydland

Ole Bergesen lovar ikkje raud løpar og sprudlevatn, men førstkomande søndag kan alle som var på kinopremieren få sjå filmen «Den 12. mann» på nytt utan å betala. Foto: Kjetil Rydland.  Sjå...

Les meir ...

Olav Oma til Stord

13.02.2018 Kjetil Rydland

Sokneprest Olav Johannes Oma til Stord. Foto: FP-arkiv/KR.  Olav Oma til Stord Det er no endeleg avklart at sokneprest Olav Johannes Oma tek over stillinga som sokneprest i Stord.

Les meir ...
annonse

Fagtorg "Klikk for å sjå alle"


Quiz for historiebøkene!

17.02.2018 Kjetil Rydland

Jostein Siglen med fingeren på bildet av seg sjølv på gårsdagens bildequiz, laget hans var det einaste som ikkje kjende han igjen på bildet. Foto: Kjetil Rydland. Quiz for historiebøkene! Fredagskveldens quiz...

Les meir ...