Laurdag 17. Februar 2018



Magnar Kloster med Fitjarminne 2016 under lanseringa i november i fjor. Arkivfoto Fitjarposten/KR. 

Sogekveld med Fitjarminne 2017

Sogelaget ber inn til sogekveld førstkomande torsdag på Seniorsenteret, og då kan du få tak i Fitjarminne 2017. 

 

Bård inge Bø i Fitjar sogelag fortel at det vert lansering av Fitjarminne 2017 på Seniorsenteret torsdag 23. november kl. 18.00.


Dei ivrige sogeskrivarane i Fitjar har etter kvart greidd å etablera ein fin tradisjon med å utgi Fitjarminne kvar haust. Kvaliteten er rett så imponerande, og me kan nok venta oss mykje godt lesestoff denne hausten også.

 

Om lesestoffet blir for tørt, kan du blanda det med litt andre godsaker. Fitjar bygdekvinnelag gir nemleg møtelyden høve til å kjøpa mat og kaffi, fortel sogelagsleiar Bård Inge Bø. 

 

Og som om ikkje dette er nok, freistar sogelaget denne gongen med foredrag ved Sindre Nilsen frå Bømlo. Han skal fortelja om Rolfsnesbåten. Dette er ein båttype som mange i Fitjar har vakse opp med, og burde vera eit interessant tema. 

Bård Inge Bø minner om at det er gratis entré. 

 


Slik ser årets Fitjarminne ut på utsida, og me ser fram til å opna det. 

Butikkar og tenester i sentrum "Klikk for å sjå alle"

.

Korpsmusikk og publikum fylte Kultursale…

15.02.2018 Kjetil Rydland

Fitjar skulekorps spela frå ABBA-programmet som dei skal framføra i april. Foto: Kjetil Rydland.  Korpsmusikk og publikum fylte Kultursalen Vakker korpsmusikk, kaffi og god kaffimat og ikkje minst veldig god stemning fekk dei...

Les meir ...

Kokk tek over leiaransvaret for Fitjarfe…

15.02.2018 Jonas Sætre

Kokk tek over leiaransvaret for Fitjarfestivalen Inger Elin Helland har hatt ansvaret for maten under Fitjarfestivalen i mange år. No er ho valt som ny festivalleiar.

Les meir ...

Teiknspråk engasjerer!

14.02.2018 Kjetil Rydland

Teiknspråklærarane Eli-Sigrun Wiik og Ellen Rolfsnes i aksjon på kurset i Fitjar kultur- og idrettsbygg. Foto: Kjetil Rydland. Teiknspråk engasjerer! I januar og februar har ein gjeng ivrige fitjarfolk vore med på...

Les meir ...
annonse

Fleire innstilte ferjeavgangar

14.02.2018 Kjetil Rydland

Ferjevgangar frå Sandvikvåg i morgon tidleg er innstilte. Foto: FP-arkiv/KR Fleire innstilte ferjeavgangar På grunn av tekniske vanskar er fleire ferjeavgangar frå Sandvikvåg torsdag føremiddag innstilte. 

Les meir ...

Sjå «Den 12. mann» med tekst

14.02.2018 Kjetil Rydland

Ole Bergesen lovar ikkje raud løpar og sprudlevatn, men førstkomande søndag kan alle som var på kinopremieren få sjå filmen «Den 12. mann» på nytt utan å betala. Foto: Kjetil Rydland.  Sjå...

Les meir ...

Olav Oma til Stord

13.02.2018 Kjetil Rydland

Sokneprest Olav Johannes Oma til Stord. Foto: FP-arkiv/KR.  Olav Oma til Stord Det er no endeleg avklart at sokneprest Olav Johannes Oma tek over stillinga som sokneprest i Stord.

Les meir ...
annonse

Fagtorg "Klikk for å sjå alle"


Quiz for historiebøkene!

17.02.2018 Kjetil Rydland

Jostein Siglen med fingeren på bildet av seg sjølv på gårsdagens bildequiz, laget hans var det einaste som ikkje kjende han igjen på bildet. Foto: Kjetil Rydland. Quiz for historiebøkene! Fredagskveldens quiz...

Les meir ...