Tirsdag 22. Mai 2018



Gapahuken er ferdig, og dugnadsleiar Toralv Røen kan by ordførar Wenche Tislevoll på ein kopp kaffi. Foto: Privat. 

Gapahuken ferdig!

I dag har det vore dugnad på gapahuken ved Kidnavatnet, og no er han klar til bruk.


Det er ein fornøgd dugnadsleiar, Toralv Røen, som melder dette til Fitjarposten.

 


Her begynner torva å koma på plass på taket. Foto: Privat. 


Måndag føremiddag nytta ein frisk gjeng på 15 frivillige det sjeldant gode arbeidsvêret til å leggja torv på taket. Blant dugnadsarbeidarane var ungdommen Sigvald Røen Leirvik frå Dåfjorden og fleire litt meir erfarne friluftsfolk frå Stord og Fitjar. 

Hans Christian Junge kokte kaffi på den nye bålpanna. Jarle Hevrøy og Johannes Nesse stod på taket og la torva på plass etter kvart som dei andre spadde og løfta torva opp til dei. På under halvannan time var taket ferdig, fortel Toralv Røen. Dei starta arbeidet klokka 11.45 og var ferdige klokka 12.00. 

Det blei likevel tid til to gode matpausar, fortel Røen. Aud Kleppe Helland, Inger Røen og Gerda M. Øen leverte mat til dei hardt arbeidande friluftsfolka. Og Spar-butikken til Larsen på Fitjar sponsa prosjektet med kaffi, pølser og brød. 

Denne gongen måtte Toralv Røen nøya seg med å vera arbeidsleiar; som kjent likar han minst like godt å arbeida sjølv. Men dei hadde ein svært sosial og kjekk dag på fjellet. Også ordførar Wenche Tislevoll tok turen opp for å delta i prosjektet. Røen er heilt imponert over medarbeidarane sine. Og så var me heldige med vêret! seier han.

I morgon blir det lagt singel utanfor gapahuken, og då er han heilt klar til bruk, legg Røen til, og minner om at bålpanna er på plass. Ta med ved, og så kan du føra opp!

 


Det blei høve til ein god prat over ein kopp kaffi og god bakst. Foto: Privat.

 


Toralv Røen og Wenche Tislevoll, ivrige friluftsfolk. Foto: Privat. 

 

 

 

Butikkar og tenester i sentrum "Klikk for å sjå alle"

.

På handballfestival i strålande pinstivê…

19.05.2018 Kjetil Rydland

Kjekt på Handballfestivalen; f.v. Elisabet, Elise, Runar Øvrebø (gymlærar for jentene), Tomine og Andrine.  På handballfestival i strålande pinstivêr Hanballfestivalen på Stord er i full gang i ideelt festivalvêr, og Fitjar er...

Les meir ...

Harald Rydland sin tale på 17. mai

18.05.2018 Kjetil Rydland

Harald Rydland held tale i Kultursalen 17. mai. Foto: Kjetil Rydland. Harald Rydland sin tale på 17. mai 2018 Talen som Harald Rydland heldt på 17. mai, var vel verdt å høyra...

Les meir ...

Pinseaftan: Butikkane stengjer klokka 16…

18.05.2018 Kjetil Rydland

Pinseaftan: Butikkane stengjer klokka 16! I morgon er det pinseaftan, og då stengjer daglegvarebutikkane klokka 16.00.

Les meir ...
annonse

Ho vil erstatte Terje Træet i sommarrevy…

18.05.2018 Jonas Sætre

Ho vil erstatte Terje Træet i sommarrevyen Anne Marith Sandhåland erstattar Terje Træet i årets sommarrevy. Terje Træet melder avbod til årets sommarrevy i Fitjar grunna helsemessige årsaker.

Les meir ...

Friluftsgudsteneste 2. pinsedag

18.05.2018 Kjetil Rydland

Frå friluftsgudstenesta 2. pinsedag i fjor. Foto: Torbjørn Hovland. Friluftsgudsteneste 2. pinsedag Det blir frluftsgudsteneste 2. pinsedag i år òg, får me opplyst i ei pressemelding frå Fitjar kyrkje.

Les meir ...

Tradisjonell 17. mai på Hageberg

18.05.2018 Kjetil Rydland

Geir Raunholm smiler lurt under quizen på Hageberg på 17. mai. Foto: Kjetil Rydland. Tradisjonell 17. mai på Hageberg Mellom 30 og 40 strandarar møttest til leik og song på Hageberg skule...

Les meir ...
annonse

Fagtorg "Klikk for å sjå alle"


Litt fleire terner i år?

20.05.2018 Kjetil Rydland

Terna går inn for landing. Foto: Kjetil Rydland.  Litt fleire terner i år? I mai set makrellternene sitt preg på fuglelivet i Havn med sin karakteristiske vellyd, og det kan sjå ut som...

Les meir ...
annonse