Laurdag 17. Februar 2018


Bjørn Bjørlykke orienterer om bileta. Foto: Håkon C. Hartvedt

Utstilling i barndommens bygd

Bjørn Bjørlykke voks opp i Fitjar, og budde her til far hans som var prest i bygda, flytta i 1958. I dag var han tilbake med maleriutstilling.

Karvel Strømme, som stod som arrangør saman med kultursjef Bente Bjelland, opna utstillinga og fortalde at Bjørlykke begynte å male allereie i guteåra, men først no, 60 år etter, vart det eigen separatutstilling. Han fann ut «at det var på tide med ei utstilling no», sa Strømme som innleiingsvis framførte to dikt av Kolbein Falkeid. 

Karvel Strømme t.v. var medarrangør og både las dikt og overrekte blomar. Foto: Håkon C. Hartvedt

Me observerte at eldstebror til Bjørn, Jakob Bjørlykke, var til stades, og søstera Aud Jorunn Bjørlykke, heldt eit strålande artig, humørfylt innlegg frå barndomens tid i prestegarden på Fitjar - krydra med fleire morosame hendingar frå denne tida. Ho fortalde mellom anna at lensmann Jeremiassen synte Bjørn eit svært stort og fint malarskrin. Bjørn trudde han skulle få det, men måtte nøye seg med å sjå det, let det.

Aud Jorunn Bjørlykke. Foto: Håkon C. Hartvedt

Rundt 40 fekk med seg utstillingsopninga, mange frå Stord der Bjørn Bjørlykke no bur, men og ein del tidlegare klassekameratar frå Fitjar var til stades på opninga.

Godt nøgd
Bjørlykke sjølv var godt nøgd.
– Det var veldig kjekt å få visa fram bileta og at det kom så bra med folk i dette ruskaveret. Svært hyggeleg var det og å få treffa igjen gamle kjende, smilte han.

Motiv frå prestegarden i 1953. Fritt etter eit motiv av Magnus Hardeland. Foto: Håkon C. Hartvedt

Fitjarmotiv. Øvst: Færøysund. Under: Engesund. Foto: Håkon C. Hartvedt

Utstillinga vil vera open i morgon, søndag, mellom kl 16.00 og 19.00, og vidare kvar dag fram til og med torsdag 23.11 mellom kl 16.00 og 18.00.

 

 

Butikkar og tenester i sentrum "Klikk for å sjå alle"

.

Korpsmusikk og publikum fylte Kultursale…

15.02.2018 Kjetil Rydland

Fitjar skulekorps spela frå ABBA-programmet som dei skal framføra i april. Foto: Kjetil Rydland.  Korpsmusikk og publikum fylte Kultursalen Vakker korpsmusikk, kaffi og god kaffimat og ikkje minst veldig god stemning fekk dei...

Les meir ...

Kokk tek over leiaransvaret for Fitjarfe…

15.02.2018 Jonas Sætre

Kokk tek over leiaransvaret for Fitjarfestivalen Inger Elin Helland har hatt ansvaret for maten under Fitjarfestivalen i mange år. No er ho valt som ny festivalleiar.

Les meir ...

Teiknspråk engasjerer!

14.02.2018 Kjetil Rydland

Teiknspråklærarane Eli-Sigrun Wiik og Ellen Rolfsnes i aksjon på kurset i Fitjar kultur- og idrettsbygg. Foto: Kjetil Rydland. Teiknspråk engasjerer! I januar og februar har ein gjeng ivrige fitjarfolk vore med på...

Les meir ...
annonse

Fleire innstilte ferjeavgangar

14.02.2018 Kjetil Rydland

Ferjevgangar frå Sandvikvåg i morgon tidleg er innstilte. Foto: FP-arkiv/KR Fleire innstilte ferjeavgangar På grunn av tekniske vanskar er fleire ferjeavgangar frå Sandvikvåg torsdag føremiddag innstilte. 

Les meir ...

Sjå «Den 12. mann» med tekst

14.02.2018 Kjetil Rydland

Ole Bergesen lovar ikkje raud løpar og sprudlevatn, men førstkomande søndag kan alle som var på kinopremieren få sjå filmen «Den 12. mann» på nytt utan å betala. Foto: Kjetil Rydland.  Sjå...

Les meir ...

Olav Oma til Stord

13.02.2018 Kjetil Rydland

Sokneprest Olav Johannes Oma til Stord. Foto: FP-arkiv/KR.  Olav Oma til Stord Det er no endeleg avklart at sokneprest Olav Johannes Oma tek over stillinga som sokneprest i Stord.

Les meir ...
annonse

Fagtorg "Klikk for å sjå alle"


Quiz for historiebøkene!

17.02.2018 Kjetil Rydland

Jostein Siglen med fingeren på bildet av seg sjølv på gårsdagens bildequiz, laget hans var det einaste som ikkje kjende han igjen på bildet. Foto: Kjetil Rydland. Quiz for historiebøkene! Fredagskveldens quiz...

Les meir ...