Måndag 11. Desember 2017



Ole Bergesen har frose mykje til ære for Fitjar-fotballen, men her kan han til si store glede sjå at det nærmar seg gull for Bakken/Sentrum. Foto: Kjetil Rydland. 

Tøffe tak i vintercupen

Dei fusjonerte laga Kalveid/Vestbøstad i dameklassen og Bakken/Sentrum i herreklassen vann finalane i årets vintercup, som blei avvikla i like surt vêr som vanleg. 


Vintercupen blei avvikla i like surt vêr som vanleg, men litt meir sensasjonelt var det at Bakken var representert i begge finalane. I dameklassen stilte dei eit lag som var fusjonert med Havn, og i herreklassen var Bakken i lag med Sentrum. – Dette er historisk, at Bakken er med i begge finalane! sa ein frostig, men glad Ole Bergesen, då det drog seg til mot avslutning av årets vintercup på Fitjar.



Målscorar Eldrid Myrvang Simonsen og Tone jublar for siger i damefinalen. Foto: Kjetil Rydland. 


Så langt hadde Vintercupen gått greitt for seg utan alvorlege skadar. Diverre fekk me ein stygg kneskade i damefinalen, men det er ikkje avklart enno kor alvorleg den er. Finalen mellom Kalveid/Vestbøstad og Bakken/Havn såg ut til å gå mot straffekonkurranse, då Eldrid Myrvang Simonsen avgjorde for Kalveid/Vestbøstad heilt mot slutten.  

 


Vinnarlaget frå Kalveid/Vestbøstad. Foto: Kjetil Rydland.

 

I herrefinalen møttest det fusjonerte Bakken/Sentrum og Storavatnet junior. At sistnemnde skulle utvikla seg til eit storlag, slik me har sett dei siste åra, er òg ein aldri så liten sensasjon for oss som har vore med ei stund. I dei første åra utmerkte nok Storavatnet seg med ein litt meir sosial profil, som ikkje gav seg utslag på resultatlista. 



Vinnarlaget i herreklassen: Bakken/Sentrum. Foto: Kjetil Rydland.


I dei seinare åra har den sportslege profilen blitt meir reindyrka, og eit sterkt fokusert lag frå Storavatnet jr. sikta seg inn på finalesiger. Men Helge Træet blei litt for stor og sterk i dei sure sludd- og haglbyene i finalen. Veteranen gav laget sitt både 1-0 og 2-0 før unge Nabeel Mese la på til 3-0. Motstandarane kom likevel tilbake og reduserte to gonger, ved Marius H., Storebø og Mats Vestvik. Men på slutten dømte den stødige finaledommaren Roald M. Nilsen straffe til Bakken/Sentrum. Dermed kunne Helge Træet avgjera finalen for laget sitt med si tredje finalescoring.


Avslutninga av kampen blei litt skjemt av tilløp til slåstkamp, og velfortent utvising. Det var tydeleg at temperaturen mellom øyro var høgare enn på utsida. 

 
Men Bakken/Sentrum drog i land ein velfortent 4-2-siger. Me gratulerer arrangementsansvarleg Rune Brakedal, fotballgruppa i Fitjar IL og vinnarane med flott innsats. I løpet av helga vil me koma tilbake med fleire bilete. 

 


Herrefinalen markerte ei sur, men dramatisk avslutning på årets vintercup. Foto: Kjetil Rydland. 

Butikkar og tenester i sentrum "Klikk for å sjå alle"

.

Døgeret rundt for brøyten

10.12.2017 Håkon C

  Brøyting på fortau tidlegare i kveld. No må mannskapa konsentrera seg om å strø vegane. Så tek dei fortaua i morgon. Foto: Håkon C. Hartvedt Døgeret rundt for brøyten Tre traktorar har...

Les meir ...

Julestemning med Putti Plutti Pott

09.12.2017 Kjetil Rydland

Sandeid barne- og ungdomsteater med sjarmerande versjon av nissemusikalen Putti Plutti Pot. Foto: Kjetil Rydland. Julestemning med Putti Plutti Pott Laurdag ettermiddag fekk eit lydhøyrt publikum gleda av å sjå den kjende nissemusikalen...

Les meir ...

Mestervindu på Fitjar får ny eigar

09.12.2017 Håkon C

Mestervindu på Fitjar får ny eigar     Foto: Mestervindu Mestervindu er kjøpt opp av eit større dør- og vindusleverandør på Austlandet. No ventar fabrikksjefen kraftig vekst i 2018.

Les meir ...
annonse
annonse

Søknader om investeringstilskot

08.12.2017 Harald Johan Sandvik

  No kan kulturhuset få sin eigen kino! Foto: Harald Johan Sandvik. Søknader om investeringstilskot Tre aktuelle saker i formannskapet på onsdag.

Les meir ...

Prioritering av søknader om spelemidlar

08.12.2017 Harald Johan Sandvik

Bildetekst: Skyttarlaget sitt hus. No kan det også koma 15 m. innandørs skytebane på området. Foto: Harald Johan Sandvik. Prioritering av søknader om spelemidlar Søknadsfrist er 15. januar.

Les meir ...

Det nye vegkrysset i sentrum vert bygt i…

08.12.2017 Harald Johan Sandvik

 Neste år skal vegkrysset byggjast om. Foto: Harald Johan Sandvik. Det nye vegkrysset i sentrum vert bygt i 2018 Kommunen og Statens Vegvesen forhandlar om avtale.

Les meir ...
annonse

Fagtorg "Klikk for å sjå alle"


Flinke handballjenter

10.12.2017 Kjetil Rydland

Blide ellevåringar frå Fitjar på Nore Neset laurdag. Foto: Privat.  Flinke handballjenter Laurdag var Fitjar-jentene i ellevårsklassen på Nore Neset og vann to kampar.

Les meir ...
Boklansering: Firmaet som sette Koløyo på kartet - www.fitjarposten.no