Laurdag 17. Februar 2018



Som vanleg var det nevøs stemning under trekninga til Vintercupen. Foto: Kjetil Rydland. 

Dramatisk trekning til Vintercupen

Torsdag kveld samlast dei ivrigaste fotballspelarane i bygda til trekning av puljeoppsettet i Vintercupen, som går av stabelen for 26. gong komande helg.

 

Tradisjonen tru tok Ole Bergesen fram trekningsbollen med kinderegga og inviterte til høgtideleg trekning på Fitjar Fjordhotell. Og representantar for dei fleste laga møtte opp for å trekkja motstandarar eller for å sjå til at alt gjekk rett for seg. Og tradisjonen tru var Fitjarposten til stades for å få med den fortetta, nervøse stemninga under seremonien. 

Som vanleg gjekk Ole Bergesen rundt med den stor skåla, Rune Brakedal sørgde for at alt blei gjort etter prosedyre, og Roald M. Nilsen skreiv opp alle kampena etter kvart som dei blei trekte opp av bollen. Fitjarposten har her gleda av å presentera kampoppsettet i dei innleiande puljane; kven som går til finalane blei ikkje trekt opp av skåla ... Alle kampane går laurdag, og ca. klokka 15.30 om ettermiddagen er spenninga over. 

Meteorologane melder regn, så me kan venta oss ein tradisjonell våt vintercup av beste merke. Måtte dei beste laga vinna. 

 
Kl. 09.00:
Herrar:  Kalveid/Vestbøstad – Stratos Fitjarstølane (bane 1)
Herrar:  Vestbøstad – Dåfjorden (bane 2)
Damer:  Bakken/Havn – Vestbøstad (bane 3)

Kl. 09.30:
Herrar:  Havn – Storavatnet (bane 1)
Herrar:  Bakken/Sentrum – Storavatnet jr. (bane 2)
Damer: Dåfjorden/Øvrebygda – Resten/Stratos (bane 3)

Kl. 10.00:
Herrar: Kalveid/Vestbøstad – Vestbøstad (bane 1)
Herrar: Stratos/Fitjarstølane – Dåfjorden (bane 2)


Kl. 10.30:
Herrar:  Havn – Bakken/Sentrum (bane 1)
Herrar:  Storavatnet – Storavatnet jr. (bane 2)
Damer: Bakken/Havn – Dåfjorden (bane 3)


Kl. 11.00:
Herrar:  Kalveid/Vestbøstad – Dåfjorden (bane 1)
Herrar:  Vestbøstad – Stratos/Fitjarstølane (bane 2)
Damer:  Vestbøstad – Resten/Stratos (bane 3)

Kl. 11.30:
Herrar:  Havn – Storavatnet jr. (bane 1)
Herrar:  Storavatnet – Bakken/Sentrum (bane 2)

Kl. 12.00:
Damer: Bakken/Havn – Resten/Stratos

Kl. 12.30:
Herrar: 1P1 – 2P2 (bane1)
Herrar: 1P2 – 2P1 (bane 2)
Damer: Vestbøstad – Dåfjorden/Øvrebygda

Kl. 13.00:
Herrar: 3P1 – 4P2 (bane1)
Herrar: 3P2 – 4P1 (bane 2)

Kl. 13.30:
Herrar:  STRAFFEKONKURRANSE

Kl. 14.00:
Herrar:     B-FINALE
DAMER:  B-FINALE

Kl. 14.30:
Damer:     DAMEFINALE

Kl. 15.00:
Herrar:     HERREFINALE

 


Kampoppsettet etter trekninga på Fitjar Fjordhotell torsdag kveld. Foto: Kjetil Rydland. 

Butikkar og tenester i sentrum "Klikk for å sjå alle"

.

Korpsmusikk og publikum fylte Kultursale…

15.02.2018 Kjetil Rydland

Fitjar skulekorps spela frå ABBA-programmet som dei skal framføra i april. Foto: Kjetil Rydland.  Korpsmusikk og publikum fylte Kultursalen Vakker korpsmusikk, kaffi og god kaffimat og ikkje minst veldig god stemning fekk dei...

Les meir ...

Kokk tek over leiaransvaret for Fitjarfe…

15.02.2018 Jonas Sætre

Kokk tek over leiaransvaret for Fitjarfestivalen Inger Elin Helland har hatt ansvaret for maten under Fitjarfestivalen i mange år. No er ho valt som ny festivalleiar.

Les meir ...

Teiknspråk engasjerer!

14.02.2018 Kjetil Rydland

Teiknspråklærarane Eli-Sigrun Wiik og Ellen Rolfsnes i aksjon på kurset i Fitjar kultur- og idrettsbygg. Foto: Kjetil Rydland. Teiknspråk engasjerer! I januar og februar har ein gjeng ivrige fitjarfolk vore med på...

Les meir ...
annonse

Fleire innstilte ferjeavgangar

14.02.2018 Kjetil Rydland

Ferjevgangar frå Sandvikvåg i morgon tidleg er innstilte. Foto: FP-arkiv/KR Fleire innstilte ferjeavgangar På grunn av tekniske vanskar er fleire ferjeavgangar frå Sandvikvåg torsdag føremiddag innstilte. 

Les meir ...

Sjå «Den 12. mann» med tekst

14.02.2018 Kjetil Rydland

Ole Bergesen lovar ikkje raud løpar og sprudlevatn, men førstkomande søndag kan alle som var på kinopremieren få sjå filmen «Den 12. mann» på nytt utan å betala. Foto: Kjetil Rydland.  Sjå...

Les meir ...

Olav Oma til Stord

13.02.2018 Kjetil Rydland

Sokneprest Olav Johannes Oma til Stord. Foto: FP-arkiv/KR.  Olav Oma til Stord Det er no endeleg avklart at sokneprest Olav Johannes Oma tek over stillinga som sokneprest i Stord.

Les meir ...
annonse

Fagtorg "Klikk for å sjå alle"


Quiz for historiebøkene!

17.02.2018 Kjetil Rydland

Jostein Siglen med fingeren på bildet av seg sjølv på gårsdagens bildequiz, laget hans var det einaste som ikkje kjende han igjen på bildet. Foto: Kjetil Rydland. Quiz for historiebøkene! Fredagskveldens quiz...

Les meir ...