Laurdag 25. November 2017


F.v. Jonas Sætre (redaktør i Stord 24), Håkon C. Hartvedt (avtroppande redaktør i Fitjarposten), Jostein Sydnes (Styreleiar i Stord24) og Kjetil Rydland (journalist i Fitjarposten). 

Stord24 overtek drifta av Fitjarposten

Etter 12 år som redaktør trappar redaktør Håkon C. Hartvedt ned, og overlet drifta av Fitjarposten til Stord24.

- Me er svært glade for å få sjansen til å vidareutvikle Fitjarposten og ser fram til å satse redaksjonelt på Fitjar. Me har tru på at eit samarbeid mellom Stord24 og Fitjarposten vil gi gode synergieffekter, seier redaktør i Stord24, Jonas Sætre.


Overtakinga vil skje frå nyåret. Sjølv om Hartvedt trappar ned vil han framleis vere med i ein overgangsfase.


– Eg kjenner på at eg er svært glad for at me har fått til denne avtalen med Stord24. Dei har frå første stund vore svært positive i samtalene med Fitjarposten, og underteikna er svært glad for å få kunne leggja ifrå meg ansvaret for drifta av Fitjarposten. Slik min private situasjon er blitt, er det og heilt nødvendig. 


Samstundes er eg svært glad for at Fitjarposten vil leve vidare som før. Sjølv skal eg framleis jobba ei tid med sal og ser fram til eit fortsett samarbeid med annonsørane våre. Eg vil og gje uttrykk for at eg er glad for at Stord24 tek Kjetil Rydland med vidare som journalist - og vil nytta høvet til å takke alle dei positive frilansarane våre  som har gjort sitt til at fitjarposten har fått vore med på å skapa fitjaridentitet, seier redaktør Håkon C. Hartvedt i Fitjarposten i ein kommentar.


Lever vidare som før

Stord24-redaktør Jonas Sætre er og tydeleg på at Fitjarposten skal leve vidare som før, og trur lesarane berre skal merke positive endringar.

- Fitjarposten skal vere den friske og positive avisa som den alltid har vore. Samstundes vil me kunne satse endå meir på å utvikle det redaksjonelle produktet ved å dele på ressursar mellom Stord24 og Fitjarposten.


Etter knappe ni månadar i drift har Stord24 fått ein stor lesarskare og har fått mange lesarar også utanfor Stord kommune. Med eit tett samarbeid mellom Fitjarposten og Stord får annonsørane også tilgang til eit breiare publikum.

 

- Saman vil me nå ut til svært mange innbyggjarar på heile Stord-øya. Me vonar det vil vere positivt for næringslivet på øya at annonsemarknaden blir meir samkøyrt. 

Butikkar og tenester i sentrum "Klikk for å sjå alle"

.

Lanserte Fitjarminne etter foredrag om R…

23.11.2017 Kjetil Rydland

Ein kry Magnar Kloster presenterer Fitjarminne 2017. Foto: Kjetil Rydland.   Lanserte Fitjarminne etter foredrag om Rolvsnesbåten Torsdag kveld kom Sindre Nilsen frå Urangsvåg for å halda foredrag om Rolvsnesbåten, før eldsjelene i Fitjar...

Les meir ...

Ønskjer seg ein plass for å skru bil

23.11.2017 Håkon C

Martin Budal vonar å finna ein plass på Fitjar der han skru på bilen sin. Foto: Håkon C. Hartvedt Ønskjer seg ein plass for å skru bil Martin Budal frå Bergen begynte...

Les meir ...

Ny reguleringsplan for Årskog Industriom…

23.11.2017 Harald Johan Sandvik

Mot nord. Foto: Harald Johan Sandvik. Ny reguleringsplan for Årskog Industriområde Planen som vert avløyst er frå 1982.

Les meir ...
annonse

Borgarleg vigsel i kommunestyresalen

23.11.2017 Harald Johan Sandvik

Borgarlege vigsler skal gjennomførast her i kommunestyresalen. Ordførar, varaordførar og rådmann har vigslingsmynde. Foto: Harald Johan Sandvik. Borgarleg vigsel i kommunestyresalen Lovendringa gjeld frå første januar.

Les meir ...

Ny rådmann i Fitjar!

23.11.2017 Harald Johan Sandvik

Olaug Haugen, den nye rådmannen i Fitjar. Foto: Vidar Karlsen, Tingvoll kommune. Ny rådmann i Fitjar! Olaug Haugen er formelt tilsett.

Les meir ...

Lærarane er urolege over budsjettforslag…

22.11.2017 Kjetil Rydland

Katrin I. Ankervold og lærarane i Fitjar er urolege over utviklinga i skulen om budsjettforslaget går gjennom. Foto: Kjetil Rydland. Lærarane er urolege over budsjettforslaget  – I år er det faktisk langt...

Les meir ...
annonse

Fagtorg "Klikk for å sjå alle"


Sterk livshistorie frå Fitjar i Sunnhord…

23.11.2017 Kjetil Rydland

Karin Korsvik med ei sterk livshistorie i Sunnhordland årbok 2017, som har fått tittelen "Lengten etter mor. Lengten etter far". Foto: Kjetil Rydland. Sterk livshistorie frå Fitjar i Sunnhordland årbok I år...

Les meir ...
Boklansering: Firmaet som sette Koløyo på kartet - www.fitjarposten.no