Sindre Henriksen med den nye, blå drakta si i Heerenveen laurdag. Skjermdump NRK.

God sesongstart for Sindre Henriksen

Sindre Henriksen innleidde verdscupsesongen i Heerenveen denne helga med andreplass i lagtempo og sjetteplass på 1500 meter.

 

Til liks med resten av det norske landslaget på skeiser har Sindre Henriksen hatt ein god start på konkurransesesongen. Under NM på enkeltdistansar for to veker sidan mangla han berre tre hundredelar på å gå heilt til topps. Sverre Lunde Pedersen gjekk inn på 1.47.19 og var bare tre hundredeler føre Sindre Henriksen, som dermed ikkje greidde å gjenta NM-sigeren frå i fjor. Allan Dahl Johansson blei nummer tre, og Håvard Bøkko hamna utanfor pallen med tida 1.47,33, berre 14 hundredelar bak gullet.

 
Under verdscupopninga på Thialf isstadion i Heerenveen sist helg kunne Sindre Henriksen innkassera ein pallplass i første forsøk. Saman med lagkameratane Simen Spieler Nilsen, Håvard Bøkko og Sverre Lunde Pedersen blei det andreplass på vår mann. Og dagen etter blei Sindre Henriksen best av dei norske på 1500 meter med sjetteplass i A-gruppa. Tida 1.46,28 var 1.86 sekund bak russaren Dennnis Yuskov, som vann. Dagen etter fekk Sindre tiandeplass i B-gruppa på 5000 meter med den sterke tida  6:21.62. Under ni sekund bak vinnaren i A-gruppa, Sven Kramer, høyrest ikkje så ille ut.

- Annonse -

Resultat frå verdscupstemnet i Heerenveen finn du på linken til ISU World Cup Speed Skating Heerenveen.

Komande helg held verdscupen fram i Sørmarka Arena i Stavanger. Fredag skal Sindre gå 1000 meter, men den er ikkje så viktig, seier han. Det er spesialdistansen 1500 meter som gjeld for Sindre; her vonar vår mann å kjempa med dei aller beste. Eg er betre enn i fjor; det er Sverre Lunde Pedersen også, men det viktige er å slå utlendingane! seier Sindre Henriksen til Fitjarposten. 

Me ønskjer lukke til, og vonar å sjå ein blid Henriksen på skjermen neste helg òg!