Onsdag 21. Februar 2018


F.v. Marius Onarheim, Trond Gerhardsen, Arne Knarvik og kraftlagssjef Håvard Singelstad. Foto: Elin Anita Erstad

Nye straummålarar på veg

Det står å lesa i bladet «Vår Energi» som du truleg fekk i postkassa i går. Eit blad som har sin redaksjon i Oslo, men som enno eingong har tilsette på Fitjar som teasar på framsida.

– Dei nye målarane (AMS)  hentar inn måleverdiane automatisk. Dermed slepp du å lesa av måleverdiane sjølv. Samstundes inneber AMS at du får betre informasjon om straumforbruket ditt og ei nøyaktig avrekning. AMS-ansvarleg Marius Onarheim oppmodar likevel kundane om å vera ekstra flinke til å lesa av den gamle målaren fram til den nye vert installert.

– Me vil i tillegg be deg om å lesa av målarstanden i månadene etter målarbytet for å vera sikker på at kommunikasjonen fungerer. Så snart me veit at du alltid får registrert rett forbruk, vil du sleppa å tenkja på å avlesa målaren igjen.

Marius Onarheim med dei nye straummålarane. Foto: Elin Anita Erstad

Startar i mars 2018
Utrullinga startar i mars 2018 og skal vera avslutta i løpet av sommaren. Då skal alle straumabonnentane i Fitjar ha fått nye smarte straummålarar som allereie er godkjent av justervesenet.

Ikkje kven som helst
For at du ikkje skal sleppa inn kven som helst som påstår at dei skal skifta straummålar i bustaden din, vil Fitjar Kraftlag understreka følgjande:

Det er selskapet OneCo som skal utføra installasjonane. Montøren skal legitimera seg med både ID-kort frå Fitjar kraftlag  og OneCo, og skal ha OneCo-logo på arbeidskleda sine. Alle målarbyte skal òg vera varsla og avtalt god tid i forvegen.

– Me vil i god tid senda ut brev til kundane våre om når dei gamle målarane skal bytast ut med ny AMS-målar. Så vil OneCo senda ut bookingsbrev der du vil få mulegheit til å endra tida for målarbytet. Nokre stader må me truleg føre ut ei ekstra antenne frå sikringsskapet til kunden. Grunnen til det er at sikringsskap og vegger i huset reduserer signala frå målaren, heiter det.

Det vert vidare understreka at strålinga frå målarane gjev god karakter frå Statens strålevern. Strålinga er så svak at den er ufarleg og godt under alle grenseverdiar.

 

 

Butikkar og tenester i sentrum "Klikk for å sjå alle"

.

Ta opp hundeskiten!

19.02.2018 Kjetil Rydland

Ta opp hundeskiten! Frå ein hundeeigar som tenkjer på andre har me fått ein klage på respektlause hundeeigarar i Rossneset.

Les meir ...

Turid Bakke Braut og Sigrun Jørdre til t…

18.02.2018 Kjetil Rydland

Turid Bakke Braut vitjar Fitjar kyrkje denne veka.  Turid Bakke Braut og Sigrun Jørdre til temakveld i Fitjar kyrkje Både mor og dotter har hatt mykje av oppveksten på Stord. Mange vil...

Les meir ...

God handballdag

18.02.2018 Kjetil Rydland

 Frå gårsdagens jentekamp mot Bjarg 3. Foto: Privat.  God handballdag Det var ikkje berre dei vaksne damene som spela handball i går, Fitjar hadde fleire lag i aksjon i aldersfastsette klassar, både...

Les meir ...
annonse

Kåra den vakraste boka i verda

17.02.2018 Kjetil Rydland

Aud Gloppen, kjend bokdesignar frå Fitjar. Foto: FP-arkiv/KR.  Kåra den vakraste boka i verda Aud Gloppen frå Fitjar har vore med og kåra den vakraste boka i verda.  

Les meir ...

Årets lokalpolitikar!

17.02.2018 Kjetil Rydland

Harald Rydland, engasjert KrF-politikar. Foto: FP-arkiv / Harald Johan Sandvik.  Årets lokalpolitikar! På fylkesårsmøtet på Sotra i helga blei Harald Rydland utnemnd til årets lokalpolitikar i Hordaland Kristeleg Folkeparti.

Les meir ...

Handballdamene vann klart over botnlaget

17.02.2018 Kjetil Rydland

Ingvild Rimmereid med seks mål mot Lyngbø. (Arkivfoto)  Handballdamene vann klart over botnlaget Fitjar IL sitt damelag vann ein klar siger 26-19 over Lyngbø, og har dermed fått ei ørlita luke ned...

Les meir ...
annonse

Fagtorg "Klikk for å sjå alle"


4H skal vera synlege!

19.02.2018 Kjetil Rydland

Jens Håkon Birkeland, nyvald leiar i 4H Hordaland. Foto: privat. 4H skal vera synlege! Sist helg var det årsmøte i 4H Hordaland. Over 150 ungdommar i salen og kø på talarstolen lovar...

Les meir ...