Randi Thorland – toppscorar for Fitjar mot Nordre Fjell. Foto: Kjetil Rydland. 

Handballdamene slo botnlaget

Handballdamene til Fitjar sleit seg til ein eittmålssiger over botnalget Nordre Fjell på heimebane søndag ettermiddag.

 

Fitjar IL sine handballdamer har kome brukbart i gang med årets sesong i 5. divisjon. Mot botnlaget Nordre Fjell var det berre siger som galdt på heimebane søndag ettermiddag.


Helene Rimmereid mangla ikkje innsatsvilje, men ballen ville ikkje gå i mål. Foto: Kjetil Rydland.

Første omgang blei jamn, og enda 10-10. Etter pause skulle det bli omtrent like jamt, men det såg veldig stygt ut for Fitjar etter knapt tre minutt. Fitjar blei brått redusert til tre (!) utespelarar etter at trenar Trond Arnevik protesterte mot dommarane. Heldigvis starta Fitjar det dramatiske undertalsspelet med ei flott, målgivande kontring, og gjestene klarte aldri å rykkja meir enn to mål ifrå. 

- Annonse -

 
Etter kvart overtok Fitjar initiativet, og var ei stund oppe i ei tremålsleiing. Men keeperen Hilde Martinussen Lønøy heldt Nordre Fjell inne i kampen med fleire gode redningar. Og ei kort stund var gjestene oppe i ei eittmålsleiing, før Fitjar igjen fekk overtaket, og sleit seg til ein eittmålssiger, 21-20.

 
På Fitjar viste backane Ingvild Rimmereid og Matine Fredlund godt igjen, med god innsats og gode initiativ. Det same gjorde Randi Thorland, som blei toppscorar med sju mål. 

Med dagens to poeng ligg Fitjar på femteplass i 5. divisjon med sine seks poeng. Neste sjanse til poeng kjem 3. desember, då møter dei topplaget Sund på heimebane i Fitjar kultur- og idrettsbygg. 

Fitjar sitt lag mot Nordre Fjell (mål i parentes): Mariell Hervik Stølås (keeper), Hanne Arnevik (keeper), Randi Thorland (7), Martine Fredlund (3), Helene Rimmereid, Emilie Aaserud Hystad (5), Ingvild Rimmereid (4), Marte Lie Børve, Marianne Sørheim, Emma Spratt (2).

 


Keeper Hilde Martinussen Lønøy heldt på å avgjera kampen for Nordre Fjell. Foto: Kjetil Rydland.