Ruben Kristoffer Tufteland, Anita Bakkane og Lars Sigurd Tufteland trefte blinkane i Westcon cup i helga. Foto: Privat. 

Blinkskot i Ølve og Strandebarm

I Ølve og Strandebarm har det vore miniatyrstemne denne helga, og Fitjar har vore representerte med tre treffsikre skyttarar. 

 

Stemnet Strandebarm-miniatyren blei avvikla på banen ved idrettsplassen på Tangerås i Strandebarm denne helga. Og Hatlestrand & Ølve Skytterlag bad inn til ope miniatyrstemne på laget sin miniatyrskytebane i Ølve samtidig. 

Desse stemna tel med i Westcon cup, og skyttarane frå Fitjar gjorde det bra i begge stemna. 

- Annonse -

Ruben Kristoffer Tufteland blei nummer to i juniorklassen i begge stemna, med dei solide seriane 343 og 342. Lars Sigurd Tufteland skaut 335 og 337 poeng i rekruttklassen, det heldt til to fjerdeplassar. Anita Bakkan skaut i klasse nybegynnar vaksen, og fekk poengsummane 232 og 236. 

Resultat finn du på nettsidene til Det frivillige Skyttervesen.

Resultat 15 stevne Westcon cup Hatlestrand og Ølve Skytterlag

Strandebarm miniatyren 2017