Fitjar-jenter i hallen til Nore Neset i dag: Oppe til venstre, mot høgre: Andrine, Tomine, Celina, Regine, Elisabet, Elise, Selma og Susanne. Foto: Privat.

Handballjenter til Nore Neset

Hanballjentene våre har vore over til Nore Neset og spela to gode kampar i dag. 

 

Fitjar IL har hatt handballspelarar i aksjon både her og der denne helga. I dag har jentene i 11-årsklassen vore på tur over til Halhjems-sida og spela kampar i Nore Neset aktivitetshall. 

 


Jentene varmar opp på Nore Neset. Foto: Privat. 

- Annonse -

 

Her har jentene og leiarane hatt ein kjempekjekk dag og vunne to kampar. Det blei 7-6-siger mot Nore Neset og 8-3 over Sædalen.

 – Jammen er me heldige som får reisa med ein så kjekk gjeng! seier Mette Haldorsen til Fitjarposten.