Sundag 21. Januar 2018


 

Fitjarkvartetten under eit Årsmøte i Øystese. F.v. generalsekretær Rolf Onarheim, Rasmus Rydland, Geir Vik, Rasmus Fitjar og Lars K. Vik. Foto: Privat

Løftar opp Fitjarkvartetten og diktinga til Lars K.Vik

– Me skal mimra litt om Fitjarkvartetten sine 20 aktive år, men diktinga til Lars Vik vil me spesielt ta for oss denne kvelden, seier arrangørane i forkant av den store Song- og Musikkvelden i FItjar Bedehus førstkomande torsdag.

Lars K. Vik var allereie kjent som ein dyktig revyskribent då han vart kristen på slutten av 1960-talet. Med trua vakna og ei ny åre i songskrivinga hans. Nokså snart etter dette såg  dei første kristne songane med tekst og melodi frå hans hand dagens lys. Songar og melodiar som på mange måtar vart tilpassa Rasmus Rydland og  Fitjarkvartetten som både Lars og Rasmus var med på å skipa, og som vart kjend langt utover Fitjar sine grenser. I tillegg til Lars og Rasmus R, var og Rasmus Fitjar og Geir Vik med i denne gruppa.

Den fyrste songen Lars dikta var julesongen «Det tindra ei stjerna» i 1969.  Den var mykje brukt rundt jul av kvartetten. No har Osternes Mannskor den i sitt repertoar.

Nær hundre songar
Så lenge Fitjarkvartetten dreiv, skreiv Lars over 50 songar og melodier. Totalt til i dag har han skrive 96 songar, den siste i 2010. Den songen som har vore mest brukt, er utan tvil «Ingenting er for vanskeleg for Gud» frå 1972, og det er ikkje overdrive å skriva at kristne musikklag i store delar av landet brukar denne og andre av Lars K. Vik sine songar. Ei rekkje kristne artistar har og sunge inn songar av Lars på CD.

Lars K. Vik Foto: privat

Song- og musikkvelden
Svein Tørnkvist har arrangert fleire av songane til Lars, både for Osternes Mannskor og for solistar i Fitjar Ad hoc. Desse blir framførte på Song og musikkmøtet på torsdag.

– Solistar denne kvelden er Tom og Arve Rydland, sønene til Rasmus, og barnebarnet til Rasmus, Silje Rydland, er og solist denne kvelden i tillegg til Gurid Refvik og Martin Hatlevik. Ole Christian Ottestad, dirigent, har med saksofonen og vil bidra på mange av songane, skriv arrangørane, og fortset:

– Fitjar Ad hoc har med Harald Rydland på trekkspel, Heine Helland på bass og Terje Træet på trommer. Ole Haukeland vil styra lyden, og Rolf Atle Rolfsnes har ansvaret for bilete og tekstar på veggen.Forsamlinga vil og få vera med og syngja på nokre av kora.

Kollekt til Helgatun
Det blir teke opp kollekt i møtet, der overskotet går til Helgatun Ungdomsheim. Fitjarkvartetten var sterkt knytta opp til Helgatun, og var blant anna med og song på inviinga der.

 

Frå ein songkveld i kyrkja. Foto: Privat

Butikkar og tenester i sentrum "Klikk for å sjå alle"

.

MOT med jenteløft på Rimbareid

19.01.2018 Kjetil Rydland

Victoria M. Maraas, Natalie Steien og Romante Zemgulyte minglar på gårsdagens jenteløft. Foto: Kjetil Rydland.  MOT med jenteløft på Rimbareid Torsdag kveld fylte ungdomsskulejenter amfiet på Rimbareid skule då MOT inviterte til...

Les meir ...

Handballdamene sjanselause mot Stord

18.01.2018 Kjetil Rydland

Anita Haugland lukkast ikkje heilt mot Anna Thorland og Stord. Foto: Kjetil Rydland. Handballdamene sjanselause mot Stord Fitjar sine beste damer på handballbanen fekk bakoversveis og tapte prestisjeoppgjeret mot Stord med heile...

Les meir ...

Fundamenta til dei nye vindmøllene er kl…

17.01.2018 Kjetil Rydland

Hans Erik Larsson frå firmaet Spennteknikk spenner strekkstaga til mølle 56. Foto: Kjetil Rydland. Fundamenta til dei nye vindmøllene er klare Når dei elleve nye vindmøllene kjem i april, skal dei ikkje...

Les meir ...
annonse
annonse

Utstillingsopning i Galleri Losjen, UNIV…

17.01.2018 Fitjar kommune

Utstillingsopning i Galleri Losjen, UNIVERSAL BEINGS

Les meir ...

Bankbygget mot ei ny blomstringstid

17.01.2018 Kjetil Rydland

Bygget som Sparebanken Vest flytta ut frå i 2016 ligg fint til midt i Fitjar sentrum. Foto: FP-arkiv/HCH.  Bankbygget mot ei ny blomstringstid Bankbygget i sentrum, som Sparebanken Vest flytta frå i...

Les meir ...

Kje til Fitjar for å gjera seg feite

15.01.2018 Kjetil Rydland

Kje er initiativrike dyr, som straks gjekk i gang med å gjera seg kjende i den nye heimen sin. Foto: Kjetil Rydland. Kje til Fitjar for å gjera seg feite  For nokre dagar sidan...

Les meir ...
annonse

Fagtorg "Klikk for å sjå alle"


Debuterte med utstilling i Galleri Losje…

20.01.2018 Kjetil Rydland

Brenda Mata debuterte med utstilling i Galleri Losjen i dag, her saman med musikaren Juan Carlos Moromenacho Marquez frå Equador. Foto: Kjetil Rydland. Debuterte med utstilling i Galleri Losjen Brenda Mata debuterte...

Les meir ...