Tone Simonsen, stolt representant for dei unge handballspelarane våre. Foto: Kjetil Rydland.

Minihandball: Eit yrande liv i idrettshallen

Laurdag tok handballgruppa i Fitjar Idrettslag imot over 100 unge, ivrige handballspelarar som heldt det gåande i seks timar i idrettshallen vår.

 

Spelarane var jenter i årsklassane sju og ni år, og representerte sju lag frå Stord, tre lag frå Kvinnherad, to lag frå Tysnes og eitt frå Skånevik. I tillegg stilte vertsklubben Fitjar med eitt jentelag i niårsklassen og eitt jentelag i sjuårsklassen. Åtteåringane reiser til ei liknande turnering i Kvinnherad i morgon.

 


Dei yngste spelarane våre har ikkje trent stort meir enn ein månad, men dei har lært å løfta armane! Foto: Kjetil Rydland. 

- Annonse -

 
Til saman 16 lag spelte heile 26 kampar i Sunnhordlands-serien i minihandball i løpet av rundt seks timar.

 
Det var eit yrande liv i Fitjar kultur- og idrettsbygg under turneringa. Det var fullt med slekt og vener på tribunen, og ute i foajeen var det stor omsetnad i kiosken, som kunne by på ein svært variert meny. Vonleg gav salet handballgruppa ei kjærkomen inntekt.

 
Denne gongen var det ikkje nokon som viste målstillinga under kampane. Men det er heller ikkje nødvendig. På dette nivået blir ikkje resultata skrivne ned, sjølv om enkelte er opptekne av å vinna kampane. Her er det fokus på aktivitet og speleglede. Og begge delar såg me i rik monn.

 
Leiar i handballgruppa, Liljan V. Waage, stod i bresjen for det store arrangementet. Elles var Mette Haldorsen og dei ulike trenarane særs aktive, det same var store og små handballfolk som hjelpte til i kiosken, og med sal av klementinar på Rema 1000. I tillegg stilte damelaget med dommarar.

 
Måtte me sjå mange av dei lovande handballspelarane igjen i hallen vår i framtida.

 


Angelica Lundal og Lorentze Waage var med og pakka klementinar på Rema 1000, til inntekt for handballgruppa. Foto: Kjetil Rydland.

 


Kari Aamyri og Tilde Helland nyt ei aldri så lita påskjøning for dugnadsinnsatsen sin. Foto: Kjetil Rydland.

 


Sigve og Olav Hellesfjord fann seg godt til rette på tribunen, medan ungdommen frå Stord og Nordbygdo utfalda seg på handballbanen. Foto: Kjetil Rydland.

 


Angelica Træet var kjapp å komma seg tilbake i målet etter å ha spela utpå. Foto: Kjetil Rydland. 

 


Ikkje lett for Birgitte Sæbø å få ballen over blokka til Stord. Foto: Kjetil Rydland.

 


Adina Rydland viste fram eit knallhardt skot som me gjerne ser fleire gonger. Foto: Kjetil Rydland. 


Veslemøy Vedå Ivarsøy reddar. Foto: Kjetil Rydland.

 


Variert kost i kiosken denne gongen Foto: Kjetil Rydland.